Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Steinar_h

#1
Kjøpe elbil? / Sv: Dette med miljøgevinst, fossil vs batteri..
mandag 06. januar 2014, klokken 15:47
Sitat fra: Vind på mandag 06. januar 2014, klokken 11:06

Å begynne å sortere MVA på nødvendig og ikke nødvendig ekstrautstyr vil være veldig feil.  På f.eks BMW i3 er det viktigste sikkerhetsutstyret ekstrautstyr.  Da kommer vi tilbake til 80 tallet hvor Airbag (som da var ekstrautstyr) fikk 150% ekstra skatt.  Det ble det heldigvis endring på etterhvert.

Dette er eit godt poeng. Eg syns jo heller ikkje det bør vere meir MVA på sikkerhetsutstyr, sjølv om det er frivillig tilbehør. Eg tenker meir på at ein kan velge mellom 19" eller 21" felger, panoramatak, dyrere tekstiler i setene etc. Dette er kosmetiske ting som strengt tatt ikkje hadde trengt å vere fritatt frå MVA, dersom ein skulle ha mana til måtehold for å unngå å irritere på seg nøkterne bensinbilbrukere.
#2
Kjøpe elbil? / Dette med miljøgevinst, fossil vs batteri..
lørdag 04. januar 2014, klokken 13:18

Eg er stolt eigar av ein Nissan Leaf som eg har hatt det siste året. Eg er svært nøgd med å kunne skåne miljøet, samtidig som eg sparer penger i forhold til å ha ein fossilbil (ja, dette er vikitig for meg også). Den siste tida har det vore mykje diskusjoner om kor vidt elbiler i løpet av ein livssyklus verkeleg er meir miljøvennlege enn små bensinbiler, som feks VW Golf. Etter å ha lese mange ulike innlegg frå ulike hald, er eg personleg heilt overbevist om at elbilen kjem best ut.

Likevel, no når Teslaen er i ferd med å verte ein "folkebil", so skjøner eg at diskusjonen kjem opp. For dagens avgiftsregelvert for elbiler vart laga på ei tid der elbiler var små, nøkterne kjøretøy. I dag er situasjonen ein annan.

Eg forstår at Teslaen er bra for å auke populariteten til elbiler generelt, og for å fjerne inntrykket som mange har av at "elbiler er berre små, ubrukelige biler". Teslaen representerer ein ny generasjon elbiler som viser at elbiler også kan vere ein familiebil, og gjerne familiens bil nummer 1. Detter er sjølvsagt positivt. Men so veit me jo også at Teslaen er utstyrt med ei lang rekkje funksjonar som strengt tatt ikkje er naudsynt. Dersom eg har forstått det rett er tilleggsutsyret til Teslaen også avgiftsfritt, sjølv om det same utstyret til andre biler ikkje er det.  Stemmer dette?

Eg må ærlig innrømme at eg forstår det godt når folks om køyrer rundt i små bensinbiler som har eit relativt lavt forbruk, reagerer på at folk som køyrer rundt i luksusbiler (slik Teslaen eigentleg er) vert rekna som miljøbevisste medan dei sjølv er del av "den store stygge ulven".

Eg veit at dette er ein problemstilling som elbilforeningen har snakka om i offentlegheit om før, men eg ynskjer meg eit klarare standpunkt her. Eg er redd at elbiltilhengjarar skal miste litt av sin truverdigheit dersom dei ikkje problematiserer dette, og gjerne går inn for å setje ulike nivå på avgiftene. Feks å gjeninnføre moms på tilleggsutstyr som strengt tatt ikkje er naudsynt for anna enn utsjånad eller for moro skuld.

Kva tenkjer dykk andre medlemmer av forumet kring desse tinga?    :)
(Og rett meg gjerne dersom eg har misforstått noko..)
#3
Leaf 2010-2017 / Sv: Hvor langt har Leafen din gått ?
lørdag 21. september 2013, klokken 02:28
7500 sidan desember 2012. Bil nr 1...
#4
TLC / Sv: Pris understellsbehandling
mandag 19. august 2013, klokken 19:47
Takk for svar! Ok, eg hadde håpt at det kanskje burde vere mulig å få det litt billigere, men då satser eg på å bestille ein av de... :-)
#5
TLC / Pris understellsbehandling
mandag 19. august 2013, klokken 09:01
Eg har ein bruktinnportert 2012-modell frå Frankrike, og tenkte å understellsbehandle den for norske forhold før vinteren.
Eg har fått priser frå 2 verksteder i Bergen. Thorsen Antirust a/s skulle ha 5390,-, og NH Bilpleie tar 4800,-.
Slik eg forsto dette, inkluderer dette full understellsbehandling med tecty. De skrur av plastplata under bilen, samt demonterer skjermer osv, for å kome til "over alt". Det fylles også noko i dørerene (?)
Er dette fornuftige priser? Nokon tips om kven eg bør velge? Kan nemne at Thorsen har god erfaring med Leafer, sidan dei ligg rett ved ein Nissan-forhandler. Den andre veit eg ikkje noko om.. Burde eg undersøke pris fleire stader?

Håper på nokre gode tips! :-)
#6
Ja, laderen ved Rema Fjøsanger er gratis, og du treng ikkje adgangskort. Berre å plugge i og trykke start. ;-) ABB har eg ikkje vore på på ei stund, men meiner det fortsatt er det same på den.
#7
Sitat fra: VL på mandag 15. juli 2013, klokken 15:52
Takker for svar! :-).. Mye nyttig info her. Til Steinar_h ( Kontakter jeg Nissan Drotningsvik for og få tilgang til hurtigladeren da? Eller er det kort/mynt betaling der?..

Ja, du kan berre stikke innom butikken og be om ladekort. Då eg kjøpte var det slik at du måtte betale 500 kr på forskudd, og deretter kan du lade for dette beløpet, som eit kontantkort til mobil. Dette ladekortet heldt du opp mot sensoren etter du har plugga i ladekabelen, for at ladinga skal starte. Når du skal stoppe ladinga må du scanne kortet på nytt.

No veit ikkje eg kva veg du køyrer til jobb, men det kan kanskje vere greit å vite at det er ein hurtiglader som er gratis utenfor Rema 1000 i Fjøsangervegen (men det er ofte litt kø der på ettermiddagen). Det er er også ein gratis lader utenfor ABB i Fyllingsdalen.

Gratulerer med elbil!
#8
Det er ein hurtigladar utanfor hjå Nissan i Drotningsvik. Denne må du kjøpe tilgang til, men prisen for lading er ikkje so verst (syns å hugse at det var rundt 2 kr kw/t).

Eg bur sjølv i borettslag i Bergen, og måtte sjølv bekoste å legge inn stikkontakt i fellesgarasjen. Det har eg aldri angra på, og eg ville nok vore litt usikker på å basere meg kun på hurtiglading. Men, alt går vel. :-)
#9
Sitat fra: edan på mandag 24. juni 2013, klokken 13:21

Hurtigladere finnes på Knarvik og på Oppedal, med ca 83 km imellom. Det er flere fjelloverganger og mye opp og ned på strekningen, noe som gjør meg bekymret mtp på fullastet feriebil.

Noen som har prøvd strekningen og har erfaring?


Kjørte denne strekningen i vinter. Lada i Knarvik ekstra lenge, slik at batteriet nådde ca 100 % (80-100 % tok litt tid). Hadde to personer i bilen, og minimal bagasje. Kjørte i litt over 60 km/t opp de bratteste fjellsidene, og kom fram til Oppedal med i underkant av 2 streker igjen på batteriet. Det skal seiast at det berre var rundt 5 grader i lufta, noko som kan ha virka negativt (?).  Men dersom du berre lader til 80 % i Knarvik, og i tillegg har full bil, ville eg vore litt stressa for det er nok akkurat i grenseland. Mitt råd er å lade til 100% so er du trygg. :-)
#10
Rust / Sv: Understellsbehandling av Leaf
søndag 05. mai 2013, klokken 22:57
Sitat fra: Noel på lørdag 20. april 2013, klokken 23:00
Når det gjelder valg av hvem som utfører understellsbehandlingen, er det bare å velge en fra mittanbud.no, eller tror man det er verdt å bruke en som har tatt noen Leafer før?


Dette lurer eg også på. Er det like greit å gå rundt til ulike verkstader å få den beste prisen på understellsbehandling, eller bør dette gjeres på merkeverkstad, i forhold til garanti etc?

Bilen min vart bruktimportert frå Frankrike i desember i fjor (kun demokjørt), og den har gjerne ikkje gjennomgått den behandlinga som ein bør ha for norske forhold? Den plastplata som dekker undersida av bilen skulle vel også ta av for ein del skulle ein tru. Er det hovedsakleg hjulopphenga osv som er viktige å få tatt?
#11
Langkjøring med 24 / 30 kWt batteri / Sv: Bergen-Oslo i Nissan Leaf?
tirsdag 12. februar 2013, klokken 08:06
Sitat fra: Trond Arve på mandag 11. februar 2013, klokken 22:18
Om dere overnatter på en campingplass forbi Eidsfjord litt opp i høyden, er kanskje Geilo innen grei rekkevidde?

Har du eit namn eller andresse til ein slik campingplass? Eg søkte uten å finne..

Vel, då ser det ut til at det enten vert campingplass mellom Eidfjord og Geilo ein stad, eller å bytte til bensinbil, og bruke kollektivtransport inn til Oslo i det daglege. Tusen takk for alle svar!

PS! Burde ikkje ein eventuell ny hurtiglader i Eidfjord heller plasseres litt lenger oppe i fjellet, slik at ein lettere kan kome seg heilt opp? Eidfjord er jo "unødvendig" kort avstand frå hurtigladeren på Voss, og det vil vel neppe holde å hurtiglade til 80% og deretter kjøre 90 km i kraftig stigning (med mindre ein har ein Tesla)?
#12
Langkjøring med 24 / 30 kWt batteri / Sv: Bergen-Oslo i Nissan Leaf?
mandag 11. februar 2013, klokken 19:23
Tusen takk for gode innspel! Hvis eg oppsummerer rett, so KAN eg kome meg til Geilo dersom eg legg inn ein overnatting i Eidfjord, og legg inn ein middagspause ein stad på veg oppover fjellet. Men det kan verke som dette er litt usikkert, ettersom eg kjem til å ha ein rimeleg fullasta bil (bagasje for 4 veker, samt to voksne og ein baby). So då vert spørsmålet: Er det verdt å køyre heile vegen med hjartet i halsen og ein (forhåpentlegvis ikkje) skrikende baby i baksetet...

Hovudgrunnen til å ha med elbilen er at eg skal bu i Jar i Bærum, og reise dagleg inn til Sagene (nærmere bestemt Lovisenberg Sykehus, i nærleiken av Ullevåll Sykehus). Er det nokon som veit om eg på denne strekningen har noko å hente på å reise med elbil, framfor å rett og slett benytte meg av kollektivtransport? Eg er ikkje so kjent i området... På førehand takk. :)

#13
Langkjøring med 24 / 30 kWt batteri / Bergen-Oslo i Nissan Leaf?
mandag 11. februar 2013, klokken 16:03
Mitt første innlegg på dette forumet.. Eg har no hatt min Leaf i 2 mnd, og er strålande nøgd so langt! :-)

I mai og juni skal eg og familien til Oslo i ca 1 mnd, og det hadde vore kjekt å fått bruke elbilen der. Me vurderer ulike måter å få bilen med oss over fjellet på.
Å kome seg frå Bergen til Eidfjord burde ikkje vere noko problem, med hurtiglader på Voss. Også turen frå Geilo to Oslo burde gå bra, med både hurtigladere og nedoverbakker. Men so var det oppover fjellet, då.. Me har vurdert moglegheiten å overnatte i Eidfjord for å fullade batteriet i vanlig stikkontakt, og deretter køyre opp mot Geilo dagen etter. MEN: Eg er litt nervøs for rekkevidda på batteriet. Med ein avstand på ca 90 km i kraftig oppoverbakke, og med bilen fullasta av bagasje og tre personer, vil dette antageleg bli for langt? Er det nokon som har erfaringer å dele her?  På veg tilbake vil det vel neppe bli noko enklare...?
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA