Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Medvind

#1
ID. Buzz / Plass til ski i bagasjerom?
torsdag 02. juni 2022, klokken 13:20
Er det mulig å ha med ski (<200cm) i bagasjerommet - med åpning under bakre seterad?
#2
Takk for svært nyttig informasjon!

Når det gjeld ladetid utan hurtigladar var det nedslåande tider, vil det seie at det i praksis ikkje er mogleg å basere seg på eit stopp for å etterfylle på litt lengre turar? Eg hadde eit (syltynt) håp om å kunne køyre Bergen - Oppedal (11 mil, hurtigladar) og vidare til Sandane (15 mil, ingen hurtigladar på distansen). Eg har framleis betre håp om å kunne køyre Bergen - Rennesøy (16 mil), med hurtigladestopp på Stord/Aksdal. Desse langturane er berre ein bonus, og ikkje grunnen til å investere.

Eg har laga meg nokre rekneark, og ser at med bilbruken i vinterhalvåret vil elbil lønne seg greit (pendling 12 km kvar veg). Eg må få avklara ladepunkt på parkeringsplass heime først.

Når det gjeld verditap har eg tatt utgangspunkt i 5 år/50% som standard, eg kan fint leve med nypris 290k, og salgspris 140k etter fire år - men håpar at det ikkje ser verre ut enn det. Eg er òg spent på kva som skjer med godene etter 2017.
#3
Hei, etter at to bekjente har kjøpt Leaf vurderer eg òg å bytte ut bensinbilen og kun gå elektrisk. Eg har eit par-fem spørsmål, nokre om Leaf og nokre generelle - håpar dette er rett underforum.

1. Er det slik at dagens ordningar med gratis autopass, fergerabatt, kollektivfeltkøyring og parkering på offentlege plassar er verna i alle kommunar til 2017?

2. Eg ser at det er komt hurtigladeplass på Oppedal fergekai, vil det ta 20 minutt å lade 80% med Leaf på slike ladepunkt? Kor lang tid tek dei siste 20%?

3. Finnast det ein oversikt over kor lang tid det tek å lade t.d. 20-40% via vanleg stikkontakt?

4. Eg forstår at verditap er vanskeleg å regne på, eg ser at dersom ein finansierer bilen gjennom (dyre?) Nissan-lån garanterer forhandlar tilbakekjøp på 130 000 etter tre år - må ein ha stort lån her for å vere med på ein slik avtale?

5. Finnast det tidsestimat for lading via vanlege ladepunkt, altså ikkje huritgladepunkt?

6. ..og kva med hurtigladepunkt i Sogn og Fjordane(!)?

Eg sit og reknar på kva som er lurt (og kva som er gøy), relativt mange variablar å ta omsyn til (som aukande bompengar i Bergen, usikker på pris her).

Fyr laus om du veit eller vil synse om noko av dette, takknemleg for alle innspel
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA