Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Power Limit blinking after battery drain (?)

Startet av Hamiso, fredag 12. juli 2013, klokken 13:05

« forrige - neste »

Hamiso

Eidsvoll-Oslo og retur same dag. Det burde gå med Citroen C-Zero. Og skulle det bli krise, er det jo ein og annan hurtigladar på vegen.
Eg kjøpte bilen i Oslo i vinter, og då gjekk det så vidt å køyra nonstop heim. Nå er det sommar, og lenger rekkevidde. Så eg slo av vifta og lot det stå til i varmen.
Eg stoppa først ved Alnabru for å handla litt. Bilen hadde 5-6 mil igjen. Fann ein ladeplass på senteret. Men den virka ikkje. Det gjorde meg litt nervøs. Eg køyrde rundt, fann ein ny ladestolpe. Jo, den virka bra.
Eg kjøpte ein kabel på Biltema. Blant anna. Traff sonen min som bur i Oslo. Og som vegleia meg siste mila fram til hybelen hans i sentrum av byen.
Det stod to ladestolpar i same gata. "Kjekt", tenkte eg. Og var imponert over alle dei gratis ladestolpane som står rundtomkring i byen. Men ladestolpen virka ikkje. Ikkje den andre heller. Begge viste tydeleg teikn på å ha blitt brotne opp. Eg såg på kartet til ladestasjoner.no. Ikkje så langt unna sto det to andre ladestasjonar. Eit greit teikn på at dei kunne virka, var ein elbil (mange c-zero i byen, forresten) som stod og lada. Og så lyste det blått. Eg plugga i, og..."yess", det virka. Men luka såg øydelagt ut, og eg klarte ikkje å låsa.
Utpå ettermiddagen skulle eg køyra sonen min til eit arrangement som eg skulle sjå på. Køyrde han fram, og byrja å leita etter lading igjen. Eg fann, men det virka ikkje. Køyrde til ein ny, nei, ikkje f... Trafikken tetna til. Eg byrja å bli stressa. Såg snart ikkje opp og ned på kart og by. Hamna inn i blindgater. Syntes eg brukte meir straum på å køyra og leita, enn det eg ville tena på å lada. Og arrangementet til sonen min såg det dårleg ut med. Så, i ei bortgøymd gate; Der stod det ein elbil med ledning. Og eit punkt ledig. Og ja, den virka. Fekk med meg dei siste tjue minutta av arrangementet.
Så heim. Hadde 10 mil å gå på, ifølgje bilen. Eg klarte å finna ein rask veg ut av byen. Var snart på E6. Lot det stå til i 100 km/t. Susa forbi den siste hurtigladestasjonen og siste lademoglegheit. Rulla fram til garasjen om kvelden. 3 mil igjen.
Ja, det gjekk jo bra.
Så alt i alt: Synest det er fantastisk at det er så mange gratis ladestolpar i Oslo. Og veldig synd at dei blir herja med og øydelagt. Men trur faktisk eg satsar på elbilen til neste Oslo-tur òg. For denne turen kan ikkje ha kosta meir enn ein 10-kroning i lading heime i garasjen. Og det gledar ein gammal gniar som meg.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Trond Arve

Bra at turen gikk bra tross litt trøbbel. Tror du var uheldig med ladestolpene. På kjøpesentre er det litt usikkert, men jeg opplever at de kommunale stort sett fungerer. Hvor var det du prøvde i Oslo? Husk å ringe Bymiljøetatens døgnåpne vaktsentral på 23482100, de er flinke til å ordne opp.
Pendler Son - Oslo med Leaf. Kjørt P106 siden 2009, solgt etter 4 år og 70.000 km.

Hamiso

Hei.
Det virka ikkje i Stensberggata og Alexander Kiellands Plass. Så hugsar eg ikkje heilt resten. Men trur det var i Gøteborggata og Sofienberggata at det og var dødt. Men fekk lading i Falbesgate og Falsens gate i alle fall.
Skjøna etterkvart at det skulle ringast ved feil, men dette var utpå ettermiddagen, så rekna med at det ikkje var vakt då.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Trond Arve

Et kontrollspørsmål: Du lukket/låste døra på stolpene som ikke virka? Selv etter flere år hender det fortsatt jeg glemmer at døra på de moderne stolpene må lukkes for at lading skal starte...
Pendler Son - Oslo med Leaf. Kjørt P106 siden 2009, solgt etter 4 år og 70.000 km.

Hamiso

Hm, nei, det gjorde eg ikkje. Men det var jo nokre av stolpane som ga straum og som skifta til blått med ein gong eg satte i kontakten, medan andre ikkje gjorde det. Og nokre av stolpane lot seg ikkje låsa med kontakten i, sannsynlegvis fordi dekselet er broten opp og blitt skeivt.
(Men låste etter meg då eg drog der ifrå,ja.)
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

TB

Sitat fra: Hamiso på torsdag 27. juni 2013, klokken 18:50
Hm, nei, det gjorde eg ikkje. Men det var jo nokre av stolpane som ga straum og som skifta til blått med ein gong eg satte i kontakten, medan andre ikkje gjorde det.
Om bryter for luka er kobla vekk, eller på annan måte sett ut av drift vil gi straum med det samme. Det er mange ladepunkt som ikkje gir straum før luka er stengt. Triks kan vere og trykke på byteren, for og sjå om den er i funksjon.

Har sjølv stått der og undra over at det ikkje er straum i kontakten.
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

Hamiso

Ja, tok ein ny bytur i går. Parkerte på den fantastiske plassen ved Kongens gate med 36 ladestolpar. Kjekt å sjå så mange "åndsfrender" sine bilar på rekke og rad for meg som er vant til å vera nestan åleine som elbilist i mitt nærområde.
Og det stemte det. Då luka blei lukka og låst, så var det straum. Og den ga meg nestan fullt batteri på veg heim igjen. Så takk for tipset. Dette forumet er uvurderleg for utviklinga av elbilkulturen.
Og fleire elbilturar til Oslo blir det nok på meg i framtida (sjølv om det blir stress når iPhone-GPS-appen streikar innimellom i den tette bytrafikken).
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA