Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Total kost ved eierskap på Model S Vs. billigere småbil.

Startet av Hamiso, søndag 10. mars 2013, klokken 21:03

« forrige - neste »

Hamiso

Drog ut på ein "Nordpol-ekspedisjon" i går. Skulle ta ein litt lenger tur enn vanleg frå Eidsvoll til Kongsvinger med elbilen eit ærend. Datamaskinen skulle leverast på reparasjon. Og samstundes tenkte eg å bruka ein del av dagen på biblioteket i Kongsvinger for å studera litt. Dessutan ville eg gjerne sjekka ut litt korleis det står til med ladestasjonane på vegen.

Avstanden mellom Eidsvoll og Kongsvinger er noko usikker for batteria på bilen min (C-Zero) på vinteren. Så eg la inn nokre mellomstopp i reiseplanen.
Ved rådhuset på Skarnes skal det vera seks ladepunkt. Fann fram. Men nestan alle parkeringsplassane var opptatt av feilparkerte, fossile bilar. Eg mistenker at desse faktisk òg tilhøyrer tilsette ved rådhuset, for like ved sida var det reserverte plassar for kommunalt tilsette. Eg klarte så vidt å pressa meg i mellom to svære fossile drog, og fekk satt på lading. Biblioteket var ikkje ope før kl. 13 den dagen. Men kantina var fin. Tok ein kaffekopp og studerte litt i ein time.
Så bar det vidare til Kongsvinger. Der skulle det vera to ladepunkt ved Coop Extra...Nepp. Begge punkta var tatt i bruk av ei smultringevogn! Nå kunne det bli kritisk å koma seg heim igjen. Eg byrja ikkje noko diskusjon med smultringeselgaren, og køyrde opp til datamaskin-verkstaden. Der var det ein del elektriske kontaktar tiltenkt motorvarmarar, men smekkfullt med bilar. Klarte igjen å pressa meg inn og setja på lading, og avtalte å få stå der. Så då var det å spasera til biblioteket og studera igjen.
På veg tilbake stoppa eg ved idrettsplassen ved Oppakermoen. Godt med plass og seks ladepunkt å velgja mellom. Satte i tillegg på kupevarmar og tok ein times pause. Og så heim.

Erfaring:
Mange slike ladepunkt for elbilar er sikkert lite i bruk i område der det er få elbilar, og blir etterkvart brukt til andre formål. Eg sendte epost til både Sør Odal Kommune og Coop og klaga litt over forholda, men på ein vennleg måte. Så eg trur det er lurt å gjera det på slike stader for å rydda vegen for bilane våre.
Eg trur det vil vera lurt å argumentera for at sjølv om plassane evt. er lite i bruk nå, er det viktig å ha dei klare til det dei skal brukast til, for det vil koma fleire elbilar etterkvart. Og at det har ein god reklameverdi å få ry på seg som ein fin "elbilstoppestad", ved at elbilistane får nytta høvet til å sjå kva staden eller forretninga elles har å by på.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

jkirkebo

Sitat fra: Hamiso på onsdag 20. februar 2013, klokken 12:50
Drog ut på ein "Nordpol-ekspedisjon" i går. Skulle ta ein litt lenger tur enn vanleg frå Eidsvoll til Kongsvinger med elbilen eit ærend. Datamaskinen skulle leverast på reparasjon. Og samstundes tenkte eg å bruka ein del av dagen på biblioteket i Kongsvinger for å studera litt. Dessutan ville eg gjerne sjekka ut litt korleis det står til med ladestasjonane på vegen.

Avstanden mellom Eidsvoll og Kongsvinger er noko usikker for batteria på bilen min (C-Zero) på vinteren. Så eg la inn nokre mellomstopp i reiseplanen.

Hmm, Eidsvoll-Kongsvinger korteste vei er bare 59km og ikke spesielt høy hastighet. Er det vanskelig med CZero altså ? På de veiene skulle jeg fint fått ihvertfall 90km ut av Leafen i noen minusgrader med varmen på 18 grader elns.
Forhandler av ladestasjoner og ladekabler, se www.ladespesialisten.no
Kjører Tesla X75D fra mars 2017 og Model 3 SR+ fra oktober 2019.

Hamiso

Har tynt ut sju mil på det meste i vinter. I nokre tilfelle kan det òg bli vel spanande rundt seks mil. Meiner nå å ha sett at òg andre trillingar og Leaf-ar har hatt eit forbruk tilsvarande den strekninga.

Dette var uansett eksempel på ein tur-retur der ein var avhengig av lading for å koma seg heim igjen. Og då trur eg det blir viktig å gi beskjed kvar gong fossildrog og smultringvogner står i vegen.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

cra

Sitat fra: Hamiso på onsdag 20. februar 2013, klokken 21:58
Og då trur eg det blir viktig å gi beskjed kvar gong fossildrog og smultringvogner står i vegen.

Dette er helt klart et ansvar vi alle har! På samme måte som at vi har ansvar for å ikke ta opp verdifulle ladeplasser bare fordi det er lettvindt å slippe å bruke 30 sekunder ekstra på å finne en annen ledig plass bør vi også si fra hvis vi ser at ladeplassene brukes til andre formål. Hvis ikke vil det opparbeides en sedvane der det er greit å ta plassene til smultringvogner, hoppeslott eller hva det nå måtte være. DET kan vi ikke ha noe av!
Tesla Model S75D 30/6/17
Tesla Model S85 26/3/14-30/6-17, 82500km
Leaf 9/5/12
Think City, Har ACTIA diagnoseapparat.
Sykkylven (Sunnmøre)

Hamiso

Fekk hyggjeleg svar frå Coop, både sentralt og frå forretninga. Dei meinte at ladestasjonen måtte ha blitt tatt i bruk ved ei misforståing av smultringeselgaren, og at det var blitt retta opp nå. Eg minna dei om at det sikkert er lurt å sjå til at stasjonen er låst, slik at den blir korrekt brukt. (Og me elbilistar må kanskje passa på å låsa etter oss når me er ferdige?)
Sør Odal kommune har ikkje svart. Dei er kanskje redd for juridiske komplikasjonar, som kommunar flest. Men det skal bli artig å sjå om det hjelper med vennlege epostar, neste gong eg tar turen.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA