Ladeluke låst når resten av bilen er open

Startet av Gazer75, mandag 18. november 2024, klokken 03:42

« forrige - neste »

Gazer75

Nokon andre som har fått problem med at luka er låst sjølv om bilen er open?

Ikkje konkludert heilt endå, men kan virke som at problemet skjer etter at bilen har stått ei stund.
Eg brukar ikkje bilen kvar dag så den kan stå 2-5 dagar av og til.

For eit par dagar sidan var det eit styr for å opne luka. Har keyless og bilen opnar seg som vanleg når eg tek i førardøra. Sjekka då om luka var låst opp og det var den ikkje. Låste så bilen og opna den igjen med nøkkel utan at det hjelpte. Testa to-tre gonger. Så tok eg fram mobilen for å filme slik at eg har bevis for forhandlaren. Når eg så opnar bakdøra for å vise at resten av bilen er open så låste luka seg opp. ???
2020 e-Golf (2023-)

Marzo

Låsemekanismen til luka som begynner å bli treig. Vanlig feil.
Møller bytter på garanti.
Du kan også stoppe innom Møller på drop inn for å få knekt opp låsen slik at du får ladet frem til verkstedstimen.


Gazer75

Sitat fra: Marzo på mandag 18. november 2024, klokken 14:27Du kan også stoppe innom Møller på drop inn for å få knekt opp låsen slik at du får ladet frem til verkstedstimen.
Ingen Møller her heldig vis, men forhandlaren får ikkje dekka dette som garanti så lenge luka virkar ok når bilen er inne til sjekk.
Kvar gong dette skjer heime eller ute så virkar den fint når eg kjem inn der...

Skal filme kvar gong det skjer for bevis.
2020 e-Golf (2023-)

Gazer75

Den slutta virke heilt til slutt og måtte inn på verkstad. Dei fekk opna luka så eg kunne lade og bestilte ein ny del. Fekk heldig vis ein time to dagar etter rett før jul pga ein avbestilling.
2020 e-Golf (2023-)

© 2026, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA