Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Kjøpe brukt Leaf - Hva er viktigt å sjekke/se etter?

Startet av Mippen, torsdag 15. september 2016, klokken 21:38

« forrige - neste »

Mippen

Klippet fra bt.no i dag. Askøy er en stor nabo kommune som grenser direkte mot Bergen.

Gratisbilistar set fleire vegprosjekt i fare
Bompengeselskap tener ikkje like mykje pengar som venta. Berre i Askøypakken var fire av ti passeringar gratis i fjor, og no vil bomselskapet auke takstane.

GURO VALLAND, PÅL ANDREAS MÆLAND, EMMAD ZANGANI 18.jul. 2016 05:37 oppdatert 18.jul. 2016 05:37

- Eg prøver å ikkje sjå på trafikkboksen når eg køyrer forbi, seier askøyværingen Lene Carlsen og ler mot venninnene.

Ho fortel at det er mange som irriterer seg over bompengeavgiftene på Askøy.

- Det er kjipt å måtte betala bompengar når ein skal besøkje venner og familie som bur på øya.


Men no kan det bli enda dyrare for Lene og dei andre bilistane på Askøy.

Fire av ti køyrer gratis

«Skal ein kunne behalde inntektsmålet i pakken vil det innebere at andre trafikantar må kompensere bortfallet».

Slik konkluderer dagleg leiar Odd Magne Utkilen i Askøy Bompengeselskap AS i årsmeldinga for 2015. Selskapet har ansvaret for «Askøypakken», ei bompengeordning som skal finansiera samferdsleprosjekt i kommunen.

No står derimot vegprosjekta i fare. Grunnen er ein dramatisk svikt i inntektene.

Berre i fjor var avviket på 24 millionar kroner. Meir enn fire av ti bilar passerte gratis.


- Trafikken stemmer bra med prognosane, men på grunn av ulike rabattordningar, og særskilt auken i talet på elbilar som ikkje betalar noko, taper vi pengar i høve til budsjettet. Vi ser ikkje noko anna mogelegheit enn å auka takstane, seier Utkilen.

Vil auke prisen kraftig

I kroner og øre snakkar vi om prisvekst på heile 20 prosent. Alternativet er at vegprosjekt ikkje vert finansiert som planlagt.

Sjølv meinte bompengeselskapet at takstane burde verte auka med 25 prosent, men justerte seg noko ned etter tilråding frå Statens vegvesen.

I årsmeldinga heiter det at elbilane barberte inntektene med fem-seks millionar kroner aleine. Anbefalinga om å auke takstane ligg no på bordet til politikarar i Askøy kommune. Dei har enno ikkje avgjort kva dei vil meina om saka.

- Men viss inntektssvikten held fram, så klarer vi ikkje å gjennomføra vegprosjekta som ligg i Askøypakken. Alternativet er å auke nedbetalingstida, seier ordførar Terje Mathiassen (Ap).

Utkilen, som har bakgrunn som rådmann, trur dette problemet gjeld fleire vegprosjekt i Hordaland.

- Satsinga på til dømes Sotrasambandet kjem ikkje til å gå rundt viss ikkje takstane vert auka, seier han.

Opnar for å betale

Venninnene på Askøy meiner det førebels er greitt at dei får køyre gratis.

- Dei har kjøpt elbil med forutsetningen om at dei slepp å betale, men dei burde byrje å betale etter kvart. Dei slit like mykje på vegane som oss, seier Lene Carlsen.


VENNINNER: Lene J. Skråmestø (t.v.), Lene Haaskjold Carlsen og Camilla Antonsen synest det er dyrt med bompenger.  Marie Hilleren bur på Askøy og køyrer elbil. Ho fortel at å sleppe bompengar var med i vurderinga til bilkjøpet.

- Eg tenkte på miljøet også, men sidan eg jobbar i Bergen sentrum har det vore greitt å ha fritak.

Ho fortel at ho sparar nærare 10.000 kroner på å køyre elbil. Trass i dette meiner ho at elbilar også burde betalt bompengar.

- Vi har jo lik slitasje på vegane. I bykjernen er det nok meir fokus på miljøet enn slitasjen, men det er ikkje urimeleg å krevje lik betaling.

- Må innføre takst for elbilar

Bømlo kommune opplever tilsvarande problem. I mai vart bompengane for Bømlopakken og fylkesveg 542 på Spissøy auka med 23 prosent, frå 65 til 80 kroner for lette køyretøy (full pris).

Bakgrunnen er ein svært stor vekst i talet på elbilar, som et opp inntektene, fortel dagleg leiar Kjetil Hestad, tidlegare Ap-ordførar i Tysnes.

- Bømlopakken byrja med 1200 elbilar. No er det 12.000. Me er glad for den eksplosive veksten, men den opphavlege økonomiplanen lét seg ikkje lenger gjennomføra på ein god måte. Derfor føreslo vi takstauke, seier han.

Bompengeselskapa opplever no same elbilproblem som ferjesambanda sleit med. Her kunne elbilane reise gratis, heilt til fylkeskommunen slo gjennom og vedtok at ferjene kunne ta seg betalt.

- Eg meiner ein må vurdere å gjere det same med bompengeringane, om ikkje vil det bryte ned heile finansieringsordninga. Det er elbilar i alle bompengepakkene i heile landet, seier Hestad, og viser til at Oslopakken 3 har vedtatt å innføra takst på elbil.

Også i Bergen opplever bomselskapet sviktande inntekter. Hittil i år har bomselskapet tent 24,2 millionar kroner mindre enn venta. I løpet av året kan svikten bli på 75 millionar kroner, melde Bergen Bompengeselskap tidlegare i sommar.

Auken i elbilar er hovudforklaringa også her. Frå 2014 til i dag har delen elbilar auka frå 2,5 prosent til 10 prosent av passeringane. I tillegg har innføringa av rushtidsavgift gitt litt lågare inntekter enn rekna med.

Byråd for miljø og byutvikling, Anna Elisa Tryti (Ap), sa denne veka til NRK at goda for elbil-bilistar kan vere i fare.

- Ingen ordning er freda. Her må vi sjå på totalbiletet, og vurdere etter kvart. Men vi vil ha ein miljø- og klimavennleg trafikk, sa Tryti.

Hardangerbrua AS kom også nyleg med halvårstal. Dei viser ein oppgang på 9,3 prosent. I underkant av tre prosent av bilane betaler ikkje for seg.

- Talet på elbilar er aukande heile tida, og eg trur dei vil gje ei utfordring på sikt, seier styreleiar Einar Lutro til avisa Hordaland.

- Staten må hjelpe

Både kommune- og fylkespolitikarar roper på staten for å få erstatta bompengane som sviktar.

Askøy-ordførar Terje Mathiassen meiner at staten må hjelpe dei med inntektssvikten.

- Om dei ønskjer å vidareføre ordninga med elbilar, synest eg dei skal gå inn og dekke tapet vårt. Det er ikkje riktig at vi andre som køyrer skal betale for det, seier Mathiassen.

Han fortel at dei har skrive eit brev til Statens vegvesen om utfordringane, samt ein tilsvarande dialog med fylkeskommunen.

- Dette problemet gjeld ikkje berre Askøy, seier han.

- Må betale noko

Nils T. Bjørke (Sp) er leiar for utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune. Også han seier at det må stortingsvedtak til.

- På sikt er elbilane nøydd til å betale noko. Samstundes er det viktig at det er billegare for elbilane enn for andre, slik at ein framleis stimulerer til elbilbruk, seier Bjørke.

- Så du ser for deg differensierte takstar?

- Eg trur det vil tvinge seg fram. Elbilar er jo ein ynskt utvikling. Men også dei tek plass og brukar vegane. Det er heilt klart eit dilemma kor lenge ein skal halde fram med å la dei køyre heilt gratis.

Men Stortinget har garantert elbilane fritak ut 2017. Kva som skjer deretter, veit ingen.

- Det må nasjonale vedtak til. Vi kan ikkje avgjere dette, seier Bjørke.

- Ikkje jul på kjerringa

Gustav Bahus, Frps mann i samferdselsutvalet, meiner at dette er ein varsla utvikling.

- Eg kan ikkje forstå at dette skal kome som jul på kjerringa på nokon. Det er glitrande for miljøet at folk køyrer elbilar. Det er ei villa utvikling. Vi kan ikkje straffe dei som har kjøpt elbilar fordi det var fordelar med dei, seier Bahus.

Han er også imot å auke satsane for dei andre bilane.

- Ein får heller forlenge nedbetalingstida. Elles får du spørje dei som er for bompengar, kva ein skal gjere.

Fremtiden er elektrisk.

Amoss

Ja, de må forte seg nå mens de enda kan skylde på elbilene. Og tro ikke at de reduserer bompengene igjen når de om noen år får lov til å kreve bompenger også fra elbilene :p
"Your Model 3 was reserved on 31/03/2016."
ReservationId 364902

Mippen

Nei, de kommer de ikke til å gjøre. Setter de først opp prisene setter de dem ikke ned igjen nei.
Fremtiden er elektrisk.

sylwester

Jeg mener jeg leste at inntektene på avgiftene skulle være konstante og at dette kom fra offentlig hold. I praksis betyr det at det vil være faser der de konvensjonelle bilene får høyere avgifter for å kompensere for tapte inntekter pga av stimulering.

Hvis andelen elbiler blir stor nok vil det være nødvendig å ha noe avgifter på de og og skulle alle bytte til el/hydrogen så ville nok avgiftene på våres bilene komme på dagens fossilnivå ganske kjapt. Det har ingenting med miljø å gjøre, men inntekter til de offentlige.

Oslo
Malefika, Nissan Leaf 2018LE hentet April 2018
Elvira, Norsk Nissan Leaf 2012, kjøpt 12.04.2016
Tesla M3 Reservert 01.04.2016

Øyvind.h

Sitat fra: Mippen på mandag 18. juli 2016, klokken 10:41
Klippet fra bt.no i dag. Askøy er en stor nabo kommune som grenser direkte mot Bergen.
.....
No står derimot vegprosjekta i fare. Grunnen er ein dramatisk svikt i inntektene.
......
Berre i fjor var avviket på 24 millionar kroner. Meir enn fire av ti bilar passerte gratis.
.....
- Trafikken stemmer bra med prognosane, men på grunn av ulike rabattordningar, og særskilt auken i talet på elbilar som ikkje betalar noko, taper vi pengar i høve til budsjettet. 
......
I årsmeldinga heiter det at elbilane barberte inntektene med fem-seks millionar kroner aleine.
Noe som skurrer her?
- Svikt i inntektene. 24 mill bak budsjett
- Taper spesielt pga økning i antall elbiler
- Elbiler står for 5-6 millioner


Elbilene står altså for 1/5 av budsjettavviket på inntektssiden, men blir allikevel trukket frem som en særskilt viktig årsak. Er de resterende 4/5 bare en enorm mengde småposter?
Mercedes EQC AMG 2020
Model Y Performance bestilt
x Tesla Model X90D 2016
x Kia eNiro 2019
x Tesla Model S 90D 2016
x Nissan Leaf mars 2012
x Model S aug 2013

Amoss

Sitat fra: Øyvind.h på mandag 18. juli 2016, klokken 14:24
Noe som skurrer her?
- Svikt i inntektene. 24 mill bak budsjett
- Taper spesielt pga økning i antall elbiler
- Elbiler står for 5-6 millioner


Elbilene står altså for 1/5 av budsjettavviket på inntektssiden, men blir allikevel trukket frem som en særskilt viktig årsak. Er de resterende 4/5 bare en enorm mengde småposter?

Ingen ting som skurrer. Inntektene svikter, man finner en syndebukk man har håp om å få gehør for å robbe. Går så ut i media med dette for å få støtte i "folket" og presse politikerne til å endre spillereglene.

Alt. forklaring:
Politikerne angrer på hva de har gjort, og legger press selskapene som kan gå ut i media og skape en opinion som gir dem ryggdekning til å handle på tvers av velgerløfter og offisielle politiske mål.
"Your Model 3 was reserved on 31/03/2016."
ReservationId 364902

Ingeniøren

Hva om folk sluttet å bruke bilen - for det er det de vil, er det ikke  ;)
2007 Subaru Outback 2.5 (Solgt)
2016 BMW i3 (Solgt)
2020 Jaguar I-Pace HSE

sylwester

Sitat fra: Ingeniøren på mandag 18. juli 2016, klokken 21:06
Hva om folk sluttet å bruke bilen - for det er det de vil, er det ikke  ;)

Da vil vi få transportavgift for å ta buss/bane eller andre økte avgifter og skatt.
Oslo
Malefika, Nissan Leaf 2018LE hentet April 2018
Elvira, Norsk Nissan Leaf 2012, kjøpt 12.04.2016
Tesla M3 Reservert 01.04.2016

Amoss

Sitat fra: Ingeniøren på mandag 18. juli 2016, klokken 21:06
Hva om folk sluttet å bruke bilen - for det er det de vil, er det ikke  ;)

Nå er du inne på forskjellene mellom hva politikerne sier de vil, og hva de faktisk vil. ;)
"Your Model 3 was reserved on 31/03/2016."
ReservationId 364902

Sele

Politikere sier de vil ha inntekter fra biltrafikken samtidig som de ønsker en nedgang i biltrafikken og flere over på kollektivt. Alle som har litt i skallen forstår at dette ikke er forenelig og er et uoppnåelig mål.

.Andre

Politikkerene innfører rushtidsavgift for å få ned trafikken. Når det så viser seg å virke og færre kjører igjennom bomringen syter de over lavere inntekter enn budsjettert... forstå det den som vil.

Ingeniøren

Sitat fra: .Andre på onsdag 20. juli 2016, klokken 15:22
Politikkerene innfører rushtidsavgift for å få ned trafikken. Når det så viser seg å virke og færre kjører igjennom bomringen syter de over lavere inntekter enn budsjettert... forstå det den som vil.

Det rimer vel ikke at inntektene går ned når rushtidspålaget kan være solid mens effekten er kanskje 10% færre biler. I Bergen gikk prisen opp fra 19 til 45 kr, altså en økning på 137%. Hvis dette gir reduserte inntekter så kan de ikke regne...
2007 Subaru Outback 2.5 (Solgt)
2016 BMW i3 (Solgt)
2020 Jaguar I-Pace HSE

epsilone6

Det var 25 kr flat rate før, så gikk det opp/ned til 45/19.

elektrolux

Det er alt for mange fossilbiler som kjører gratis 1/2 måneden.

Fjern taket for maksimal antall betalte passeringer, og sett heller satsen opp til det dobbelte etter samme antall så vil fortjenesten være reddet.
Stavanger:

Selger ladeutstyr via http://elbilhjelpen.no AS

Har hatt trimma City El, Citroen AX elektro
Har for tiden Tesla S85 VW e-Up, Peugeot P106 og Citroen Saxo, C1 EVie,  og Berlingo nye modellen, div. Think Classic og City 2010 model og Norges eneste Cree SAM og Chin 3 hjuler samt Vectric scooter. Kjøpt Fiat X 1/9 for elektrifisering og venter på Sort Solo EV #635 og Artega Karo for levering sommeren 2020

Daglig leder i elbilhjelpen.no

timingbeltkiller

Det er slike økte avgifter som fører til overgang til elbil eller kollektivtrafikk
og med det minker totale avgiftskroner inn i statskassa.

Du kan ikke på en og samme tid prise folk bort fra fossilbil
og beholde avgiftsinntektene uten å ta igjen "tapet"
på økte avgifter på elbil og kollektivtrafikk.

Og med dagens bedrøvelige utsikter for norsk økonomi
må staten enten den vil eller ikke
prioritere penger inn i statskassa framfor elbil subsidiering.
Værvarsel for de neste 100 år:
Fare for kortvarige perioder med oppholdsvær.

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA