Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny

Sv: Er denne grei?

Startet av jaso, søndag 07. august 2016, klokken 19:29

« forrige - neste »

jaso

Hei,
Då er elbilen kjøpt og skal hentast no i helga, i samband med dette har eg et problem, å få bilen tilbake til Førde.
Eg har sjekka, og det ser ut til å være dårlig med hurtiglading frå Gol og til Vassenden 2 mil før førde.
Det er en ladar i Aurland, men dette blir en liten omvei, men det ser uansett ut som det er beste løysing.

Min plan:
Setter bilen i eco modus og køyrer så langt eg kan mot gol, dette gir meg en indikasjon på kor langt eg kan nå på en lading, noterer også kor langt eg kjem frå 80% til eg må lade igjen.
Viss 80% gir meg mulighet for å nå Aurland så går eg for dette, viss ikkje må eg lade lenger på Gol før eg tar neste etappe.
Ny lading i Aurland og så satse på å komme meg så langt som mulig mot Vassenden der det er ny hurtiglader, eventuelt stopp på Skei og/eller i sogndal der det er vanleg ladar.
Eg er klar over at planen er optimistik og kanskje krever frisk bris frå øst for i det heiletatt å kunne gjennomførast, men eg har ikkje pr no en bedre ide.

Andre som har erfaring med denne ruta, eller eventuelt andre ruter? Tips er velkomne  :)
Bilen er en Kia Soul

Avstander:
Oslo – Gol       190 KM
Gol-Aurland      133 KM
Aurland-Vassenden   152 KM
To siste krever også fjellovergang.

Været som er meldt er sol og over 20 grader, håper det vil holde!
Kva vil eg trenge for å få tilgang til ladestasjonane på veien?
Bør eg ha type1-2 overgangen med? Trenger eg en nøkkel for ladestasjonane? Kan eg lade opp til 90% på hurtigladestasjon og kva tid vil det ta då? Bør eg eventuelt bytte til anna lading mtp pris og trøkk på batt eller regulera det seg sjølv?
Eg ønska ikkje å legge opp store abbonement eller utstyr for denne eine turen, men om det er noko eg bør ha for dagleg bruk så skaffer eg dette. Bilen blir stort sett lada heime etter turen.

Dette blir ein ny verden for meg så mange spm. Takkar for gode tips og råd.
Kia Soul EV 2016 - Svart
Tesla Roadster 2012 - Cosmic Black

e-curious

Dersom du må overnatte, så kan du jo sjekke om det er muligheter til å lade bilen der opp til 100%.

jaso

Ville helst unngå overnatting, men kan ta en cowboystrekk i bilen om det skulle være behov for å gi den 20-30% ekstra for å nå neste hurtiglader.
Fann alternativ rute ved å køyre Aurland - Voss - Romarheim, vurdera alternativet ut ifrå korleis turen går til Aurland.
Kia Soul EV 2016 - Svart
Tesla Roadster 2012 - Cosmic Black

THE

@jaso

Jeg bor i Lærdal, og du kan gjerne lade hos meg så slipper du omveg til Aurland og tilbake.

Hvis du topper opp på 22kW (7kW på Soul) på Kiwi Ulsåk (Hemsedal), så bør du ha en god del batteri igjen når du kommer ned til Lærdal (ca 90 km) med mange høydemeter i din favør.

Jeg har 11kW type 2 ladestasjon, men du får vel bare 3,6kW på Soul, så det tar jo litt tid å lade. Du sparer uansett nesten en time i kjøretid sammenlignet med å kjøre via Aurland.

Jeg har kjørt fra Lærdal til Vassenden med 4 personer og bagasje i Zoe i regnvær/ snø i Sogndalsdalen og temperaturer på 0-5 grader. Du bør nok fint klare å komme til Vassenden på 80% batteri med Soul i fine sommertemperaturer.

Send meg en melding, så ordner dette seg på en grei måte.
Tesla Model X100D, levert 20.09.17

Zoe Intens 2015 (Q210)     "Solgt"

OlavEmil

#4
Du må òg vere merksam på at ladaren i Aurland er Arctic Road sin. Ei lading der kostar mao 240,-, og må du starte ei ny lading for å toppe batteriet frå 83% til 94%, som du nok burde for å klare over 15 mil med litt margin, kostar ladinga 480,-. Då er det gjerne betre med ein lang cowboystrekk hos THE i Lærdal, eller 130km omveg via Dale - Modalen - Romarheim, då med full hurtigladedekning med normalpris heile vegen (2,50,- per lademinutt).

Red.: Om du køyrer frå Hemsedal med 83% på batteriet, bør du ha rundt 50% når du kjem til Lærdal (75km med 600m høgdeforskjell). Då tek det ca. 3 timar å lade til 80% på ladaren til THE.
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

jaso

#5
@THE
Takk for tilbud, veldig generøst, tar kontakt med deg om eg går for denne løysinga. Absolutt et alternativ.
Eg er litt frista til turen via Aurland - Voss - Romarheim då dette er ei strekke eg ikkje har prøvd før. Kjekkare å køyre bil enn å vente på lading også :)
Prisinga til Arctic Road er jo spinnvill, men står i en enkel lading der.
Kva trenger eg til å lade på desse stasjonane? Må eg ha 3 forskjellige apps eller er det en som går for alle i landet?
Edit: Ang Ladestasjonen på Hemsedal, får eg høgare effekt om eg har Type 2 kabel på denne? Ladekabelen som er med er vel maks 10A?
Kia Soul EV 2016 - Svart
Tesla Roadster 2012 - Cosmic Black

THE

-BKK og Voss energi (Vinje, Voss, Dale, Romarheim, Oppedal) bruker Bilkraft-appen for betaling
-Arctic roads bruker GoCharge-appen
- Vassenden er driftet av Best Jølstraholmen og der betaler du med kredittkort, for øvrig en krøkkete betalingsløsning der du velger hvor lenge du skal lade, og betaler på forhånd.
-Grønn kontakt har egen app - registrer deg som bruker/kunde hos GK og betal med app, så får du samme pris som med ladebrikke.
- Fortum bruker du ladebrikke eller SMS. Er vel billigere å lade hos Fortum også med brikke enn med SMS?


På Hemsedal må du ha type2 kabel, men det skal vel følge med i Kia Soul? Kia lader på opp til 7 kW med type 2 når du har 32A kurs (7,2kW eller 22kW uttak).

Det er ca 160 km fra Kiwi Ulsåk til hurtiglader på Vinje/Vossestrand, men en del høydemeter i din favør. Det kan nok uansett bli litt spennende uten lading på etappen, og spesielt siden du ikke er godt kjent med hva bilen kan levere av rekkevidde. Basert på erfaringer fra Soul-forumet her vil jeg tro at Hemsedal- Vinje skal gå i et strekk hvis du lader tilnærmet 100% i Hemsedal. Et alternativ kan jo være å kjøre Hol-Aurland, men det er 160 km fra Ål til Vinje også. Med lading i Aurland trenger du ikke lade på Hemsedal. Det er ca 135 km fra Gol til Aurland. Fra Aurland til Romarheim er det ca. 160 km.

Vinje - Romarheim og Romarheim - Førde skal gå uten lading. Fordelen med å lade på Vinje er at der ligger ladestasjon rett ved siden av E16, og det er 2 stk hurtigladere. På Voss må du innom sentrum, og Dale blir noen km omvei da du må tilbake til avkjøring mot Romarheim. Både Voss og Dale har en enkelt hurtiglader med påfølgende fare for kø.

Det blir mye enklere å kjøre øst-vest når laderne langs E16 (Skulestamo(Voss), Gudvangen, Håbakken(Lærdal), Borgund, Tyinkrysset, Vang, Røn) og Rv52 Hemsedal åpner i løpet av året. Hadde egentlig håpet at Fortum hadde prioritert å få opp noen av disse laderne før ferietrafikken i år. Hurtiglader på Håbakken, Tyinkrysset og Hemsedal hadde åpnet Hemsedalsfjellet og Filefjell for de fleste elbiler sommerstid.     
Tesla Model X100D, levert 20.09.17

Zoe Intens 2015 (Q210)     "Solgt"

OlavEmil

Om du går for turen om Dale - Romarheim (som er eit spektakulært vegstrekk), vil eg absolutt anbefale Hardangervidda framfor Hemsedal. Der er det tett med hurtigladarar heile vegen, og det er dessutan nokre km kortare. I tillegg ein mykje finare tur enn Hemsedal, om eg får kome med mi subjektive meining :) .

I så fall ladar du på Flå, deretter Geilo, så Voss, og til slutt Romarheim. Dette er ein heilt overkommeleg dagstur, 555km køyring og ca. 1,5t lading.
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

jaso

Takker for gode tips og oversikt over app!  :)
Eg får føle litt på det til eg kjem til Gol og så ta valget der. Kan fort bli en tur over Hardangervidda.
Skal sende referat og konklusjon enten på veien eller iallfall når eg er i mål.
Kia Soul EV 2016 - Svart
Tesla Roadster 2012 - Cosmic Black

jaso

Då var det tid for oppsummering.
Turen ned gjekk på ca 6t 30min, dette var Sogndal-Hemsedal-Gol selvfølgelig.
Starta turen heim ca 11:00, tasta inn Gol på GPS og fekk beskjed om at dette var for langt i forhold til rekkevidde.
Bilen har gått som demobil 1 mnd og tok rekna nok ut ifrå forbruk på 19 kwh/100km angitt rekkevidde var knappe 12 mil. Eg nulla forbruksmålaren og køyrde som normalt mot Gol, bortsett frå at eg ikkje tok forbikøyring så låg eg stort sett på fartsgrensa +- 5 km/t. Nådde Gol uten problem og med 20% batteri igjen.
Ladar på Gol var opptatt 10 min, men eg fekk en hyggelig prat med en Golfeigar  :)
Bilen lada til 84% på 25 min og var klar for neste etappe. Sidan turen til Gol gjekk så greitt tenkte eg då at eg kunne ta kortaste vei heim. Planen var å teste ladaren på Hemsedal for litt ekstra, trudde eg hadde sjekka og at det var CHAdeMO, det var det ikkje. Den planen gjekk då i vasken då eg ikkje hadde rett kabel. Eg ba om denne kabelen i butikken, men den var utsolgt og måtte ettersendast.
Med nytt mål om å nå hurtigladaren i Aurland og 15 km for lite rekkevidde på toppen av fjellet så kjende eg litt på rekkeviddeangst for første gang, men dette ga seg fort når eg begynte på turen ned. Nådde ladaren i Aurland med nett under 20% og over 30km tilgode.
Eg lada opp igjen til 84% før ladaren kutta igjen, skulle sjekka litt meir rundt dette slik at eg hadde tatt runde 2 også på denne ladaren sjølv om prisen var stiv. Eg såg i ettertid at OlavEmil hadde dette med i en post, men det har ikkje gått heim.
Når eg kom til Skei hadde eg 23 km rekkevidde igjen og vassenden var 23km, derfor stoppa eg innom bensinstasjonen, seinlada en time og fekk meg litt mat. Dette ga meg 10 km ekstra, og når eg nådde ladar på vassenden hadde eg rest på 15 km. Resten av turen var lite spennande mtp rekkevidde.
Turen heim tok meg ca 10t. Hurtigladaren i Lærdal ville spart meg turen til Aurland og stopp på skei altså ca 2t, då er det ikkje gale å ta turen med elbilen lenger.
Forbruket mitt på turen var 13,4 kwh/100km

Angåande Kia Soul så imponera den meg, gode seter, herlig oversikt både innvendig og utvendig, grei rekkevidde og bedre kvalitetsfølelse enn fleste forventa når vi annonserte at vi skulle prøve Kia.  ;D
Kvifor må det startast ny lading for å toppe batt? Burde ikkje det gått ned i hastighet og heller komt opp en melding?

Litt skuffa over forhandlaren som ikkje ga meg en bedre gjennomgang av bilen, "slik starta du den og så er det tut å kjør" ville ikkje funka så bra uten all researchen eg gjorde før turen. No skal eg ta med at dette ikkje var samme mann som eg har hatt kontakt med under handel, men likevel.
Kia Soul EV 2016 - Svart
Tesla Roadster 2012 - Cosmic Black

OlavEmil

At ladinga stoppar på 83% er eit stort pluss, då det er eit sterkt insentiv til å avslutte ladinga og køyre vidare. Dersom ein har heilt ekstraordinære behov, kan ein starte på nytt og toppe til 94%, tek ca. eit kvarter. Funkar flott, heilt til tulleaktørar som Arctic Road set skyhøge oppstartsprisar som gjer at km-prisen på dei siste 11% tilsvarar ein bensinpris på 150,-/l...

Poenget er at hastigheita på hurtiglading heilt i øvre del av batterikapasiteten går frykteleg treigt, og er lite hensiktsmessig, særleg når fleire treng lading. Leaf- og Golf-eigarar som ikkje veit dette, står ofte og blokkerar ladarane i opp mot ein time, fordi dei berre må ha med seg dei siste 10% på batteriet.

Blir bra når vi får fylt opp stamvegane med Fortum- og Grønn Kontakt-ladarar neste år :) .
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

elbil-1

#11
Nå er det også kommet 2x 22KW ladere på Joker Ljøsne, så man kan stoppe en time eller to der og få ladet med 7kw på soul...

Det er også grønn kontakt hurtiglader med chademo i Hemsedal.

Da kan man lade på gol (Grønn kontakt hurtiglading ved Tesla stasjonen) , Grønn kontakt Hemsedal - topp opp til 90%!, Innom på Joker Ljøsne (1 times tid) og så rekker du fint til Vassenden..

Du må ha med ladekabel fra Type 2 til type 2, 32A !! for å lade på joker ljøsne.



THE

#12
Er du sikker på at det er 22kW på Ljøsne?

Hadde noen dansker innom med Zoe i sommer som ikke fikk ladet på Ljøsne. Jeg forsto det slik at det var 2x7,4kW som er montert der. Jeg bor bare noen minutter unna, så jeg kan jo stikke oppom å sjekke selv. Hvis det er 22kW, så er det i alle fall gjort noe feil ved kobling av trafo for ladeboksen.

Edit: Ser det står på ladeinorge.no at det er 2x20kW på Ljøsne. Skal stikke innom en dag å teste lading på Zoe, og evt feilmelde om det ikke virker.
Tesla Model X100D, levert 20.09.17

Zoe Intens 2015 (Q210)     "Solgt"

elbil-1

fint om du sjekker ja - det sto 2x22kw på boksen så vidt jeg husker...


jkirkebo

Sitat fra: elbil-1 på tirsdag 09. august 2016, klokken 17:26
fint om du sjekker ja - det sto 2x22kw på boksen så vidt jeg husker...

På Fortums ladestolper på Kransen i Moss står det 7.4kW (3.6kW om begge uttak brukes) på fronten på stolpen og 3x32A 22kW på lokket på selve uttaket...

Fasiten er 7.4kW der.
Forhandler av ladestasjoner og ladekabler, se www.ladespesialisten.no
Kjører Tesla X75D fra mars 2017 og Model 3 SR+ fra oktober 2019.

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA