Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Forvarming - nøyaktig hva gjør dere?

Startet av habazot, fredag 15. januar 2016, klokken 11:26

« forrige - neste »

habazot

Zebra batteriet mitt frå 2008 tok kvelden tidlegare i haust. Eg fekk tak i eit nytt ubrukt frå 2010. På det nye batteriet er det komplett elektronikkpakke med BMI påmontert. Sidan det å bytte BMI er litt "skummelt" kan eg ikkje berre bruka den nye som den er?..
Eller er kanskje programvaren i den gamle pakken oppgradert ved service gjordt etter 2010 som eg burde få med meg?..
Kan eg få problem med "matching"; at PCU forventar ein gitt versjon av BMI?..
Hadde vore veldig greit om eg berre kunne plugge det nye rett inn...

Kva gjer eg med det gamle batteriet btw?..
BMI er kanskje salgbar vare?
Bergen
- Think City 2008 - 43000km

flipflap

Ville ringt elbil mek å hørt. Tror noen software versioner i bmi og
pcu kan være inkompatible. Men hvis du flytter over bmi kan du risikere at soc (batteri lade status) kommer i ulage.
------

2008 Think City Zebra

habazot

Orginalt batteri:: MES-DEA Id: 30X00149.04 Prod: 13.10.2008
Orginal BMI: MD BMI C3-600 I1-M1-E1-H2-B1 05.021976.1003 Cod: 30X00009.02, S/N: 11557

Nytt batteri: FZSO|NICK Id: 30x00149.07 Prod: 08.11.2010
Ny BMI: MDBMI P13-600 I1-M1-E2-H1-B1 10.097117.1020 Cod: 30x00009.03 S/N: 15412
Bergen
- Think City 2008 - 43000km

habazot

Ringte Elbilmek (som alltid er hyggjelege) og fekk go for at det burde vera "plug and play".
Satsar på det og monterer og plugger i ladaren igjen i helga...
Den skal vel varme opp batteriet før den begynne ladinga.
Er det andre ting eg bør tenkja på i prosessen?...
Vil nødig ta livet av batteriet med ein gong.. :)
Bergen
- Think City 2008 - 43000km

habazot

Hmmm, bytta batteri og plugga i ladaren. Brukte OVMS som monitorering undervegs.
Temperaturen steig fint opp til ca 250 grader i løpet av 30-ish timar før det stoppa. Dalte deretter ned til 242 før det stig igjen. Står og gjentar dette i ein loop.
Antar at det er batteriet som har 245C som punkt der ladnig skal starte, dette batteriet er frå Nov 2010.

Ladesymbolet på dashbordet lyste eller blinka ikkje, eg plugga ut og inn igjen, då kom ladesymbolet på igjen. Når den når 245C so høyrer eg eit par-tre "sukk" (1-2 sek bremsekompressar "light" lyd) frå motorrommet før den gjev opp.

Frå OVMS får eg ut:
Status:
SOC: 0%
PackV: 339V
PackC: 0A
PackTp: 246C
ChgTp: 5C
AmbTp: 2C
AuxBatt: 14.1V

(Eg har 12V ladar tilkobla...)

Fault:
Act Err:
GenErr
NoChgCur
No err: 2

Litt usikker på kva som kan forårsaka NoChgCur, men kan vel tyda på at den ikkje får ladestraum i gjennom...

Ladekladden indikerer ingenting galt, blinkar grønt sakte (9A modus).
Sikringane ser ok ut.

Bilen har stått 4-5mnd i ro, men trudde ikkje ting skulle rotne på rot for det..

Kan tenkast at det er SOC reset elns. som må til?
PCU/BMI versjonskompatibilitet?
Bergen
- Think City 2008 - 43000km

habazot

Då er ting på stell igjen (delvis): fekk Elbilmek til å resette SOC (eller noko liknande), med det resultatet at lading begynte :)
Men ladinga tok lang tid, det viste seg at eg fekk "External Isolation Fault" med jamne mellomrom, som gjorde at ladinga tok ein liten pause før den begynte igjen..
Etter at heater vart fråkobla forsvann feilen og alt ser ut til å vera på stell.

So no er eg på jakt etter den beste/tryggaste heaterløysinga?..
Bergen
- Think City 2008 - 43000km

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA