Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny

Sv: Utlading av 12voltbatteri

Startet av Journey, søndag 18. oktober 2015, klokken 18:23

« forrige - neste »

Journey

Hei
Det kan vera dette er diskutert mange gonger før, men eg finn det ikkje ved å søkje. Truleg av di eg ikkje er godt nok kjend med termane.

Eg byggjer garasje, og får der ein 32A trefas-kurs.

Vil det då vera råd å lade på 6kWh-ladaren på noko vis, eller er det berre den sokalla heimeladestasjonen på 16A som er alternativet?

Kva må i tilfelle til av utstyr? Gjerne portabelt, men det er ikkje naudsynt.

ThomasEL

Her får du sikkert mange forslag...

Men f. eks. denne fra elbilhjelpen.no

Jeg har tilsvarende, men versjonen for max 16A siden jeg bare har 3,3kW-laderen i min bil. Veldig godt fornøyd!
Audi e-tron 50 (levert uke 18 2020)
Leaf N-Connecta 40kWt (solgt)
Leaf Acenta 24kWt (solgt)

OlavEmil

For å utnytte 32A, må du ha 6,6kW-ladaren i bilen din (ekstrautstyr).

Om du har det, kan du montere boksen ThomasEL linkar til, eller du kan kjøpe tilsvarande boks av jkirkebo på forumet her: http://elbilforum.no/forum/index.php/topic,15683.0.html

I begge tilfella får du elektrikaren i garasjen din til å montere 32A CEE-kontakt. Gi beskjed når du bestiller ladeboks (anten den eine eller andre plassen), så får du dei med passande stikkontakt. Berre å skru boksen på veggen og plugge i kontakten :) .
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

TB

Sitat fra: Journey på onsdag 16. september 2015, klokken 22:59
Hei
Det kan vera dette er diskutert mange gonger før, men eg finn det ikkje ved å søkje. Truleg av di eg ikkje er godt nok kjend med termane.

Eg byggjer garasje, og får der ein 32A trefas-kurs.

Vil det då vera råd å lade på 6kWh-ladaren på noko vis, eller er det berre den sokalla heimeladestasjonen på 16A som er alternativet?

Kva må i tilfelle til av utstyr? Gjerne portabelt, men det er ikkje naudsynt.
Du kan velja i mange ulike "ladekablar" og "ladestasjonar" - i alle prisklassar.

Det du må ta høgde for er:
- Din Leaf må som OlavEmil skriv vera levert med 6,6 kW frå fabrikk.
- Ladekabel / stasjon må støtte 32A lading.
- Om du vel ein ladekabel må den ha industrikontakt, enten blå eller raud, avhengig om du har 230 IT, eller 400 TN i garasjen. Du treng ikkje trefase, Leaf kan berre lade på ein fase.
- Om du har alt fått montert trefase kontakt kan elektriker skifte plugg, slik at den passar i kontakten.
- Fast ladestasjon må enten ha industrikontakt, eller fastmontert kabel.
- Det kan vere nyttig å velja ein ladekabel / stasjon som er variabel - ikkje alltid nødvendig å lade på 32A?

Å lade på 6,6 kW er ikkje omtalt som snøgglading, men det går dobbelt så fort som med 3,3 kW... og det kan vere nyttig i ulike høve.
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

jkirkebo

Sitat fra: Journey på onsdag 16. september 2015, klokken 22:59
Hei
Det kan vera dette er diskutert mange gonger før, men eg finn det ikkje ved å søkje. Truleg av di eg ikkje er godt nok kjend med termane.

Eg byggjer garasje, og får der ein 32A trefas-kurs.

Vil det då vera råd å lade på 6kWh-ladaren på noko vis, eller er det berre den sokalla heimeladestasjonen på 16A som er alternativet?

Kva må i tilfelle til av utstyr? Gjerne portabelt, men det er ikkje naudsynt.

Jeg selger 32A ladestasjoner med tilførselskabel med blått 4-pins CEE-støpsel (eller rødt 5-pins) for 4200 kroner + porto. Får du elektrikeren til å legge opp en tilsvarende CEE-stikkontakt på 3-fase kursen din har du lov å koble opp denne ladestasjonen selv.
Forhandler av ladestasjoner og ladekabler, se www.ladespesialisten.no
Kjører Tesla X75D fra mars 2017 og Model 3 SR+ fra oktober 2019.

Journey

Takk for mange gode svar:)
Berre for at eg skal vera 100% sikker:
Den ladeporten som er synt på vedlagte bilete er 6,6kW, ikkje sant?
Eg har i alle fall ein slik ein.

Electrix

Sitat fra: Journey på torsdag 17. september 2015, klokken 09:52
Takk for mange gode svar:)
Berre for at eg skal vera 100% sikker:
Den ladeporten som er synt på vedlagte bilete er 6,6kW, ikkje sant?
Eg har i alle fall ein slik ein.
Den som ikke er i bruk på bildet og har Orange deksel er 6,6 kW ja, eller 32A type1.

Den store som er i bruk er hurtigladerporten og vil du bruke den i garasjen blir det litt dyrere. Hvis du har 32A 400V TN i garasjen kan du bruke en semihurtig (22kW) Chademolader, disse kan man få ned i rundt 130 000, mulig de blir ennå billigere etter hvert: http://elbilhjelpen.no/htm/dclading.html
Nissan Leaf, kjøpt ny 2012
Tesla Model 3, kjøpt ny 2019
Kristiansand

Journey

Jamen var det bra at eg fann inn hit!
Eg har heilt tydeleg vore rimeleg på jordet når det gjeld dette.

Eg finn ingen informasjon om eg har 6,6kW-ombordladar eller ikkje. Eg kan heller ikkje minnes at seljaren spurte om dette då eg bestilte han. Dekselet er orange, om det har noko å seia, men det står ingenting på det kva det tôler av spenning.

Er det ein måte å finne ut dette på?

kaiat

Her er en tidligere tråd om det å finne ut av om en har 6,6kW-lader eller ikke:
http://elbilforum.no/forum/index.php/topic,16473.msg257768.html#msg257768

Ellers skal det være mulig å se dette direkte på laderen i bilen, men da må du ned i motorrommet og rote litt rundt. Hvilken Leaf-versjon er det du har forresten?

Homecast

når du blar frem i menyen i dashbordet får du opp hvor lang tid det tar å lade på 3,6 kw, dersom det også står tiden for 6,6 kw så vil det stå en tid for det også, da har du 6,6kw ombordlader, hvis ikke så har du 3,6
2015 Nissan Leaf Tekna.
Veggboks: Mennekes Amtron Trend E.

Journey

UGH!
Der stod det ikkje noko om 6,6kW.

Kva er beste alternativ då?

Homecast

da har du 3,6 kw lader i bilen og er igrunn ikke stort å gjøre med det.

Du kan fint ha kabel som er stor nok for 32 Ampere, og gjerne også montere en veggboks som takler 32 ampere men med bilen du har nå idag får du ikke mer enn 16 ampere ladestrøm.

Men det kan jo bli en annen bil i fremtiden? ;)
2015 Nissan Leaf Tekna.
Veggboks: Mennekes Amtron Trend E.

Journey

Ja, det er vel berre å finne seg i det, når ein ikkje sette seg skikkeleg inn i sakene før ein kjøpte bil.
Eg må seie at det er rart at ikkje seljaren spurte om me ynskte det. Men dette var på hausten i 2013, og køen utanfor kontoret til Nissan vaks fortare enn dei greidde å skrive kontrakter, so dei var ikkje veldig ivrige på meirsal. Det einaste eg fekk vite om, var at eg kunne få ei spesialtilpassa søppelbøtte for nokre tusenlappar...

Eg har sett ein kabel der ein kan stille på kor mange A ein skal fôre bilen med.
Har nokon av dykk erfaring med ein slik?

TB

Sitat fra: Journey på torsdag 17. september 2015, klokken 18:54
Eg har sett ein kabel der ein kan stille på kor mange A ein skal fôre bilen med.
Har nokon av dykk erfaring med ein slik?

Spark er ein mykje brukt kabel - den kan du t.d. kjøpe her:
- http://gronnemil.no/collections/ladekabler/products/charge-amps-blue-spark-mode-2-type-1-6-16a-1f-240v-7-5m
- http://elbilhjelpen.no/htm/type1.html

Å ha ein fastmontert ladestasjon med CEE støpsel er ellers ein god og trygg måte å lade bilen på. Er ikkje noko dyrere enn spark sin kabel heller.
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

OlavEmil

Sjølvsagt keisamt å oppdage i ettertid at ein ikkje har fått med 6,6kW-ladar, men for dei aller, aller fleste er standardladaren meir enn god nok.

Ettersom du uansett får 32A-kurs i garasjen, ville eg likevel fått montert opp ein 32A CEE-kontakt, og investert i ein (evt. justerbar) 32A ladeboks. Bilen trekk det bilen kan trekkje, og du er klar for framtida. Prisforskjellen på 16A ladeboks og 32A ladeboks er minimal (ca. 500,-, om eg ikkje tek heilt feil).

Fastmontert ladeboks vil eg alltid anbefale, rett og slett fordi det er så utruleg mykje enklare og meir praktisk i kvardagen enn å dra ut og inn ladekabelen kvar dag. Investeringa er jo ikkje rare greiene når ein sannsynlegvis skal ha elbil og treng lading i all overskueleg framtid.

(fullstendig utanom temaet, men kjekt å sjå så mykje flott nynorsk samla på ein plass :P )
1 x Kia Soul EV 2015
1 x Kia Soul EV 2016
1 x M2 elektrisk mikrobil

Mikrobil AS

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA