Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Erfaring med Rezer.no - ombyggingskit 1000w

Startet av Hamiso, tirsdag 18. august 2015, klokken 12:37

« forrige - neste »

Hamiso

Eg la ut denne på emnet "ladestasjoner", men fekk ingen napp der. Så prøver meg dermed blant anna her og håpar på råd frå andre "trillingar".

Tenkjer å våga meg til å ta elbilen, Citroen C zero over fjellet til Vestlandet i sommar.  Nærare bestemt frå like utanfor Eidsvoll og til Halsnøy i Sunnhordland. Til og med saman med sonen min på 5.
Tenkte i tilfelle å dra vestover langs rv 7 over Hardangervidda og ned til Eidfjord. Returen via Odda og over Haukeli.
Vestover omlag 20. Juli, tilbake omlag ei veke seinare.

Det ser ganske overkommeleg ut med ladestasjonar på vegen. Og bilen har ei rekkevidde på mellom 8 og 12 mil (fullada) avhengig av fart, eventuell varmevifte og alt det der.
Det eg ikkje veit, er kor mykje stigninga oppover mot fjellet vil ha å seie for rekkevidda, og i kva grad ladestasjonane virkar eller ikkje.
Kor lang tid eg treng, får eg ta som det kjem. Tenkte å ha minst ei overnatting med telt på campingplass, og satsa på å få lada på campingplassane.
Det har tidlegare vore snakk om fare for flaum i deler av ruta, og skulle det skje, får eg berre avlysa.

Så kva trur de andre? Er det realistisk, dette?
Dersom det skulle bli krise med lading, er det nokre elbilistar langs ruta som kunne avsett litt straum frå stikkontakten heime?
Har de erfaring med serveringsstader, bensinstasjonar og anna som ikkje står på ladekartet, men som kan gi litt straum?
Er det ikkje forresten organisert eit opplegg der ein kan melda seg på og stilla til rådvelde eigne stikkontaktar til medelbilistar? Meiner å ha lest om det, men har ikkje funne det nå.
Dersom det skulle bli problem med campingplassar, er det rekna som trygt og uproblematisk å overnatta på fjellet/i skauen langs eller i nærleiken av vegen?

Eg likar i alle fall å dra på litt alternative "ekspedisjonar" og å hoppa ut i det litt usikre. For sonen min satsar eg på at det blir takknemleg med god tid og mange pausar, og at rekkeviddeangst ikkje smittar over på han. Og skulle gjerne fått erfaring med å dra langt med ein elbil som min.
Tenkjer i tilfelle på å blogge litt om erfaringa, og kan eventuelt leggja ut ei lenke til den her på forumet, dersom dette blir noko av.

Håpar på gode råd.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

SUNPWRD

Jeg synes det er kult at du vurderer dette! Min kone, dragen, setter en stopper for det meste av kreative elbil ruter jeg kommer på. Om tilgjengelighet på hurtigladere tilsier at det burde gå, evt i kombinasjon med saktelading på campingplasser som du nevner, er det bare å kjøre på! Lykke til på eventyr
Tesla S75D - Obsidian, AP2, FSD, pano, skinn, 21" staggered turbin, premium, lyd, cold weather

Konebil: Kia Soul EV 2016
2kWp solceller på taket
Ex: Citroën C-Zero 2014 (50 00 km på 3 år)

Hamiso

#2
Hei, og takk.
He-he. Slik er det. "Dragen" min vågar ikkje å bli med på ein slik tur. Så dermed blir det ein guttetur (det minnar litt om Heyerdahl på KonTiki).
Har i mellomtida sett nærare på ruta. På rv7 er det stort sett 2-5 mil mellom kvar hurtigladar heilt til Geilo. Derfrå er det 9 mil til Eidfjord, og den mest kritiske strekninga. Er mest spent på korleis stigninga til toppen av Hardangervidda vil gå ut over rekkevidda.
Men campingplassen v Geilo, Duranut og Garen har svart positivt på epost om lading v overnatting. Så då virkar det temmeleg trygt.
...og i verste fall har me jo alltids Falken...
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Bolfus

#3
Veldig bra å se at andre tar trillingen sin ut på eventyr! Jeg fullførte nettopp en 2400km lang tur fra Oslo til Mo i Rana og tilbake. Å reise utenfor hurtiglader-rekkevidde er en spesiell følelse, men med god planlegging og en del tålmodighet så går det overraskende greit. Også får man jo oppleve steder man ellers aldri hadde tenkt to ganger på. Mine tips:

- Bruk jurassictest! Men gå inn på "details" og endre batterikapasitet fra 16 til 14,5 khw, og sett på i allefall 250+w til lys og vifte. Da blir rekkevidde-estimatet ganske godt!

- Ha med CEE adapter slik at du kan lade på slike camping-kontakter

- Ha med en liten magnet som kan aktivere 14a "hurtig" modus på steder med 16a sikringer.


Fra Geilo til Eidfjord går det nok helt fint når man tar i betraktning at det er over 1000 meter høydeforskjell fra topp til bunn. Temperaturen spiller dog en stor rolle - da jeg kjørte nordover over Dovrefjell var det bare så vidt plussgrader og våt veibane. Da forsvant bateristrekene fort og hadde aldri greid meg uten ladestopp på toppen. Den andre veien var det sol og 14 grader og jeg kjørte litt over 9 mil tvers over fjellet uten at jeg hadde behøvd å lade (gjorde det likevel). Men som du har erfart så er folk veldig greie når man på forhånd sender mail og spør om lademuligheter, og ofte trengs bare en liten time eller to for å slippe rekkeviddeangsten.

Edit: Et tips til. I bilens GPS kan du velge å få opp hvor mange km som gjenstår til destinasjonen. Da kan du holde et øye med det tallet og sammenligne med guess-o-meteret og kan tilpasse kjørestilen størrelsen på bufferet.

Hamiso

Takk for alle tips.
Dæven! Mo i Rana...Då tok eg kanskje munnen litt for full når eg samanlikna meg med Heyerdahl...
Har kjøpt ein "type 2 til type 1" kabel i dag på "Grønne mil". Kunne henta den same dag på lageret deira på Dal.
Kjem til å prøva å skriva litt undervegs om ekspedisjonen på denne bloggen;
http://reisetankar.blogspot.com
Så for alle som lurer på korleis i all verda dette skal gå, er det berre å følja med. Det kan til og med bli litt direkte kringkasting til høgre i bloggen.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Hamiso

Ja...det vart litt vanskeleg å oppdatera bloggen undervegs. Men seint i går kveld blei i alle fall første runde av turen publisert på bloggen...
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

svingen

Artig og lese,blir moro og fortelle junior når han blir noen år større "du vet før i gammle dager da var det ikke bare bare og kjøre elbil med lite batteri og dårlig med lade plasser silk som når vi skulle på lang tur" ;)

har selv kjørt nesten 30 mil på en dag hvor 15 av dem var uten hurtiglading med store høydeforskjeller (måtte sein lade 3 timer)

det med lav spenning var det får lav volt? har selv ladet i under 200v uten problemer,men med uorginal lader,på camping plasser er det ofte 245-250v.
peugeot ion 2011 med OVMS,DAB radio,sykkel hengerfeste.
Bor i Nittedal (oslo)

Hamiso

Sitat fra: svingen på lørdag 25. juli 2015, klokken 23:21
Artig og lese,blir moro og fortelle junior når han blir noen år større "du vet før i gammle dager da var det ikke bare bare og kjøre elbil med lite batteri og dårlig med lade plasser silk som når vi skulle på lang tur" ;)

har selv kjørt nesten 30 mil på en dag hvor 15 av dem var uten hurtiglading med store høydeforskjeller (måtte sein lade 3 timer)

det med lav spenning var det får lav volt? har selv ladet i under 200v uten problemer,men med uorginal lader,på camping plasser er det ofte 245-250v.
Ja, takk. Dette er jo ein av dei tinga som berre må opplevast ein gong i livet.

Spenning, volt...eg veit ikkje. Har opplevd det same to gonger; Hos svigermor og faktisk her hos foreldra mine. I begge tilfeller er det snakk om gamle hus. Hos førstnemnde var det om vinteren og ekstra kaldt. Og hos sistnemnde viste seg å ha diverse tynne ledningar og ekstrakontaktar i kjellaren som dei trudde eg kunne kobla meg til (flytta bilen etterpå ned til fjøset, der det er 16 ampere, og der gjekk det bra).
Har med meg to ladekablar; Ein slik grøn som kan regulerast mellom 6, 10 og 16 ah, og den berømte "type 2 til type 1", tillegg til to forlengingskablar, schuko og industrikontakt. Det einaste eg ikkje har med meg, er den originale 10 ah ladekabelen. Det var kanskje dumt. Men rekna med at den som lar seg regulera, skulle vera tilstrekkeleg.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

TB

#8
Hei
Møtte deg nær Halne Fjelstova, me var på veg austover. Vart overraska over å møte ein C-Zero midt på Hardangervidda. Me vinka  ;D

Har ikkje turt meg på langtur med min C-Zero, dette er tøft gjort.
Har lese høgt frå bloggen din ved middagsbordet, godt skrive og ekstra flott med nynorsk  ;D

Når går returen til Eidsvoll?

(Sjølvskryt: Ser at dette var mitt innlegg nr 1000  ;D )
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

Hamiso

#9
Sitat fra: TB på onsdag 29. juli 2015, klokken 22:00
Hei
Møtte deg nær Halne Fjelstova, me var på veg austover. Vart overraska over å møte ein C-Zero midt på Hardangervidda. Me vinka  ;D

Har ikkje turt meg på langtur med min C-Zero, dette er tøft gjort.
Har lese høgt frå bloggen din ved middagsbordet, godt skrive og ekstra flott med nynorsk  ;D

Når går returen til Eidsvoll?

(Sjølvskryt: Ser at dette var mitt innlegg nr 1000  ;D )

Hei, TB!
Så kjekt!
Godt å treffa på elbilslektningar.
Planlegg retur på søndag. Via Rosendal og Odda igjen. Men så tenkte eg å fortsetja til Røldal og over Haukeli. Tenkjer å spørja på førehand om lading på hotellet i Haukeligrend og så overnatta/lada på camping i Seljord. Det er i alle fall førebels ein plan.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Hamiso

Ja...då er langturen vår avslutta. Kom heim i går ettermiddag. Turen er oppgradert i bloggen for dei som vil lesa om erfaringa.
http://reisetankar.blogspot.com
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

svingen

Hvis du skal oppover igjen anbefaler jeg å se etter seljord ormen (her kan du lade på camping) og ski museum I Morgedal (het kan du å lade) artig og lese bloggen,selv kjørt flere ganger oppover selv :-) (mamma/pappa bor I dalen) gleder meg til nye veien fra Notodden seljord som kommet I tunnel og hurtiglading I seljord :-)
peugeot ion 2011 med OVMS,DAB radio,sykkel hengerfeste.
Bor i Nittedal (oslo)

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA