Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: TMS/Roadster med alt ekstrautstyr forventes som lånebiler

Startet av ThinkGeo, fredag 24. mars 2017, klokken 17:23

« forrige - neste »

ThinkGeo


Alle kjenner til Elbilmek i Asker som vel tar alt av reparasjonar.
RøhneSelmer i Sandvika har vel overlatt alt til dei og tar ikkje Think lenger?

Som vestlending er eg interessert om det er noko verksted i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane/Hordaland som kan ta noko Think arbeid? Er det igjen noko i Bergensområdet, kjenner ikkje til noko.

I Stavanger har ein Elbilhjelpen som har mykje kompetanse på Think, men tar visstnok begrensa oppgaver. Der er også Bilkilden som tar ein del Think-relaterte reparasjonar, men ikkje alt.

Var i kontakt med US Car Clinic i Trondheim no nyleg, dei fortalde dei mangla ei datamaskin dei hadde brukt til diagnose, og tok no berre service og slikt. (Korriger meg om nokon har andre opplysningar).

Kva med resten av landet - Sørlandet, Indre Austlandet, Nord-Norge er det nokre verkstadar her som kan vere aktuelle?

Resten av Europa?

(Har sjølv "ny Think" (2008-), og er naturleg nok mest interessert i verkstadar som har kompetanse på den, men inkluder også verkstadar med kompetanse på Classic Think.)

ThinkGeo
Think City 2010 - EnerDel Lithium

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA