Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny

Sv: Utstyrspakker Chevrolet Bolt

Startet av kavorland, fredag 16. september 2016, klokken 09:17

« forrige - neste »

kavorland

Eg har i lengre tid tusla litt med tanken på å ta opp att bruken av eit vassdrag som bestefar og oldefar nytta til bruk av mølledrift.
Vassdraget har i fleire hundre år vore nytta til dette, og det hadde vore i tida å ta dette i bruk att.
Etter å ha vore unytta sidan byrjinga av 50 talet, er kanskje tida den rette no.

I tidlegare tider var det 4 kverner i vassdraget, og siste del var det ei stor mølle i bruk fram til omlag 1952. Sidan har det lege urørt, men med stemmer (demningar) og magasin er vassdraget med mindre modifiksjonar klar for utnytting.

Vassdraget har i fylge data frå NVE og NIVA ei avrenning frå 400 til 135 liter i sekundet.
Vassdraget er omlag 35 meter over havyta. Om ein nyttar minste avrenningsfaktor finn ein:
135 l/s ganger 35m (fallhøgde) ganger 9,81 (effekt) = 46 352 watt = 46 KW X 1,36 = 62,5 HK

På årsbasis gjev dette 46 KW ganger 8760 (timar i året) =  402 960 KW/timar.

Det er to magasin i vassdraget, som gjer det mogleg å regulera avrenninga i stort mon.

Vassdraget ligg like ved ein godt trafikert fylkesveg, og det hadde vore særs morosamt å lage dette til eit ladepunkt for Elbil med lokalt særpreg.

Nokon som har tankar og tips rundt dette ?


Nissan Leaf Tekna 2015 svart
Toyota Avensis 2005 D4D ( 152 " Km)
Chrysler Grand Voyager 1997 7 seter (368 " km)
http://vid763.photobucket.com/albums/xx273/kavorland1968/Griffon/DSCF3284.mp4

Trekkoppbil

#1
Hvis du setter opp tredemøller, så kan bilene lades mekanisk og tordensikkert, og det kan være mange avgifter på elkraft og regler som du slipper.

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA