Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Vasking, detailing etc. av Model S

Startet av Jak, fredag 13. september 2013, klokken 19:35

« forrige - neste »

Jak

Hei,

Lurar på å kjøpe zero frå elbilsenteret fornebu:
http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=43825553

Tenkte å køyre den til bergen, men kan det gå via rv7 over hardangervidda? I oktober? Kan legga inn ei overnatting undeveis.

Edit: har to spm 1. Er 125 km mellom sandvik og flå, reknar med det går greit visst eg stoppar litt på hønefoss ( men finn ingen hurtigladepunkt her...). Så lenge det er 10 pluss og med roleg køyring bør det vel gå med inntil 100 km?
2.  På gol er det 8 ladepunkt forbehold tesla, med tanke på talet på tesla tek dei ikkje mot andre bilar til lading sjølv mot betaling? ( er eit til punkt på gol men berre lurte på logikken i dette)

Mvj
Jostein

TB

>Edit: har to spm 1. Er 125 km mellom sandvik og flå, reknar med det går greit visst eg stoppar litt på hønefoss >( men finn ingen hurtigladepunkt her...). Så lenge det er 10 pluss og med roleg køyring bør det vel gå med inntil >100 km?

Viktig med jamn fart. Ta med deg varme klede så sparar du mykje på varme i bilen og. 100 km skal du fint klare, så lenge som det ikkje er svært våt vegbane - så du må bruke mykje varme/ac for og bli kvitt dugg.

>2.  På gol er det 8 ladepunkt forbehold tesla, med tanke på talet på tesla tek dei ikkje mot andre bilar til lading >sjølv mot betaling? ( er eit til punkt på gol men berre lurte på logikken i dette)

Tesla brukar ein heilt annan type ladepunkt - som ikkje passer på trillingene, eller andre bilar... Du treng ein vanlig stikk - dette finnes mange stader. Kan vere smart og ha med 25 m 2,5mm kabel - samt evnt ha med overgang frå blått stikk. Ved overnatting, spør ved bestilling om lading.
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

TB

#2
Hei igjen

Eit tips for og finne estimert rekkevidde er denne web sida: http://www.jurassictest.ch/GR/
Den tar høgde for stigning, men ikkje for tunellar.

Etappe 1, Fornebu til Flå Hurtigladestasjon, ca 125 km
Det er som du skriv ca 125 km, som kan bli litt knapt. Ein kort stopp på Hønefoss vil vere fornuftig for og unngå ein overraskelse på fyrste etappen. Eit godt tips er og ha ein 16 A kabel, så går det litt raskere.

Etappe 2, Flå til Gol Auto Hurtigladestasjon, ca 50 km.
Her er det CHAdeMO lader. Eg ville sjekka i forkant om lader kan brukes av andre enn Leaf, som Gol Auto er forhandler for. Dette er 50 km, og rimelig flatt.

Etappe 3, Gol til Geilo Hurtigladestasjon. Dette er ca 50 km, men mykje stigning - 230 til 800 moh.

Etappe 4, Geilo til Eidfjord, ca 80 km, fyrst stigning til 1200 moh, så ned til 0 moh.
Ingen hurtiglader i Eidfjord enno, så her må det til ein alternativ lading til. Treng ikkje så lang lading, kan vere mulig og hoppe over denne... i varmt / tørt vær.

Etappe 5, Eidfjord, Voss, 50 km, (Voss = Rokneparken Hurtigladestasjon)
Her passerer du Hardangerbrua, og ein bomstasjon på kommunegrensa til Voss.
Jurassictest er pessimistisk, stigning til nesten 500 moh er ikkje korrekt.

Etappe 6, Eidfjord - Dale Hurtigladestasjon, Vaksdal - 42 km
Her lader du nok til resten turen til din destinasjon i Bergensområdet.

Alt etter vær, og køyrestil kan du nok kanskje kutte 1 eller to ladestopp. Om du skal overnatte, så vil dette bli rekna som ladestopp, du startar med 100% batteri om morgonen.

Hugs at ved lading på CHAdeMO så går det raskt frå 0 til ca 60-70%, så går det stadig tregere. Frå 80 til 100% går det lang tid og lade, kan gå like raskt og lade på 16A. Det kan dermed lønne seg og stoppe ein ekstra gong, enn og forsøke og lade til 100% med CHAdeMO.

2011 modell av trillingene (som C-Zero) kan ikkje ha på varme samtidig som du ladar. Dvs, er det kaldt ute, så kan du ikkje ha på varmeapparatet når du ladar. Ein løysning er og sette inn standard kupevarmer, og koble denne til eit normalt stikk, der dette finnes. Du ser batteristrekene inne i bilen når du lader, men ikkje estimert rekkevidde, for og vise denne må nøkkel stå i "on" - og då stoppar lading.
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA