Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Manglende dobbeltlader ved levering

Startet av Hamiso, fredag 16. august 2013, klokken 15:42

« forrige - neste »

Hamiso

Me drog på handletur i går og ville bruka elbilen. Det regna nedover e6 og vifta måtte brukast p.g.a. dugg. (Har sett noko om "zalo-tricket", men har ikkje heilt registrert korleis det skal gjerast)Dermed var rekkevidden noko meir usikker.
Ved Skedsmokorset skal det vera ein ladeplass ein kilometer frå senteret. Den var merkeleg plassert og vanskeleg å finna. Men der, ved sida av eit bustadhus, bakom nokre buskar stod det ein stolpe. Den virka faretruande laus. Og nei. Den virka ikkje (kor er det ein melder frå om slikt?)
I slike stunder har eg lært meg å ty til utradisjonelle metodar. Eg køyrde tilbake til senteret og gjekk litt rundt det. Og på baksida stod det elektriske punkter på parkeringsplassane til Skeidar sine tilsette. Eg spurte om det var greit å få lada litt der, og det var det. Trass alt skulle eg handla på Skeidar og.
Såg etterpå at det er ein ladeplass ved Coop extra sju km unna. Men reknar med det ville bli for langt å gå tilbake til senteret, viss det ikkje finnest ein snarveg.
Så skulle me til Coop på Jessheim. Regnet hølja framleis ned på E6. Vifta gjekk. Me haldt oss bak saktegåande trafikk, men rekkevidden på batteriet gjekk betydeleg nedover igjen. På Coop Jessheim er det ein veldig fin ladeplass. To punkter og alltid plass. Vidare til Jessheimsenteret. Det var Jessheimdagar med mykje trafikk, men med utsikter til to ladeplassar å velga mellom i parkeringshusa på senteret. På den eine parkeringsplassen stod det ein ion som ikkje lada. På den andre ein Leaf. Som ikkje lada.
Det byrjar å bli frustrerande, i elbil-fellesskapet sitt namn at ein del elbilistar parkerer på elbilplassane utan å lada. Og dermed hindrar oss som har behov for lading. Det har vore diskutert her på forumet før. Men vil gjerne gjenta det; Ver så snill, ikkje parker på elbilplassane når de ikkje skal lada. Det er som regel nok av andre, vanlege parkeringsplassar til det formålet (som me blei nødt til å bruka den dagen).
Me kom oss heim. Hadde to mil igjen på batteriet då me rulla inn i garasjen. Men det blir unødvendig spanande når noko ikkje verkar og nokon parkerer feil.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Hans Håvard Kvisle

Sitat fra: Hamiso på fredag 09. august 2013, klokken 22:38
Me kom oss heim. Hadde to mil igjen på batteriet då me rulla inn i garasjen. Men det blir unødvendig spanande når noko ikkje verkar og nokon parkerer feil.
To mil igjen!!!! Det var jo rekkevidden på elbiler i "gamledager" :D
St.Hanshaugen

bruisepristine

#2
I umiddelbar nærhet til skedsmokorset har du jo også hurtiglader (og vanlig lader/stikk) ved mcdonalds på Berger, første avkjøring e6 nordgående etter skedsmokorset. Bor på Jessheim og hender jeg bruker denne på vei hjem fra Oslo hvis dagen har vært kort :)
Tesla Model ≡  Reservert 01.04.2016

Vurderer ioniq eller ampera-e som ventepølse

Hamiso

Sitat fra: Hans Håvard Kvisle på fredag 09. august 2013, klokken 23:41
Sitat fra: Hamiso på fredag 09. august 2013, klokken 22:38
Me kom oss heim. Hadde to mil igjen på batteriet då me rulla inn i garasjen. Men det blir unødvendig spanande når noko ikkje verkar og nokon parkerer feil.
To mil igjen!!!! Det var jo rekkevidden på elbiler i "gamledager" :D
Jo. Men dei to mila kan eg vel muligens takka Skeidar sin "private" straum for. Hovudpoenget mitt er at slike turar burde gå greit med dagens infrastruktur viss ladestasjonane blei vedlikehaldt og folk blei meir bevisste på kor dei parkerer.
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Hamiso

Sitat fra: bruisepristine på lørdag 10. august 2013, klokken 10:51
I umiddelbar nærhet til skedsmokorset har du jo også hurtiglader (og vanlig lader/stikk) ved mcdonalds på Berger, første avkjøring e6 nordgående etter skedsmokorset. Bor på Jessheim og hender jeg bruker denne på vei hjem fra Oslo hvis dagen har vært kort :)
Hei.
Ja, er klar over den. Men rekna med at det som var på Jessheim skulle vera tilstrekkeleg. (Og det var det jo, forsåvidt)
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Zero-talent

Helt enig, infrastrukturen må fungere, ellers blir det bare krøll. At man må ty til nødløsninger som å spørre butikken pent om å bruke kontakten deres er ikke godt nok hvis målet på sikt er at elbilen skal bli normalen for alle. Savner et tlf.nr på ladestolpene, som man kan ringe hvis det skulle være noe. Hilsen en som sitter og svetter og håper at ladestolpen på jobb snart er oppe og går...
Porsgrunn.
2013 Leaf Acenta. Solgt 2016
2016 Leaf Tekna. Solgt 2018
2018 Leaf LE 40kwh
Pendler Porsgrunn - Horten

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA