Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Inspira Science senter og lading med type 2.

Startet av Hamiso, torsdag 19. desember 2013, klokken 17:01

« forrige - neste »

Hamiso

Er der ein selvfølge at me snart skal mista tilgangen til kollektivfeltet?
Er me ikkje litt vel passive i den diskusjonen?

Så eg kastar inn ein brannfakkel av eit forslag som kan løysa problemet med at bussar visstnok byrjar å bli hindra av elbilane:
Dersom det verkeleg er eit mål at me ein gong nærast skal vera utan private fossilbilar; Ein fantastisk framtidsutsikt der så og seia ingen står og stampar timesvis i morgonrushet samstundes som dei spyr ut fossilgassar;
Vil det ikkje då vera ein ide å tenkja heilt omvendt om kollektivfeltet? At kollektivfeltet blir utvida? Og at sykkelstiar og kollektivfelt blir det mest prioriterte i framtidige vegutbyggingar? Slik at endå fleire bilistar ser seg tent med å gå over på kollektivtransport, sykkel eller elbil? Er ikkje poenget med elbilisme at så mange som mogleg skal motiverast til å kutta ut fossilbilen for å få reinare luft?

Slike idear vil sannsynlegvis gjera sure fossilbilistar (og dei ser eg mange av i div. forum) endå meir i harnisk. Men skal det stansa oss i å stå på for å halda kursen rett for den rørsla som har kome i gang?
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Thinker

Og kombiner det gjerne med smartere av og på løsninger som gjør at kollektivfeltet ikke blir hindret av de biler som skal inn i stillestående kø. For eks. ved å legge kollektivfelt opp i bro eller ned i tunnel ved av og påkjøring?
Think, Des 08, 50000 ++ km. Zebra..
Tesla S P#2052 VIN#16790 P85, Grå, 19" ellers alt utenom barneseter. In production fra 20. august.... Production Complete 4. september...
Tlf. 13 sept, utlevering 8 oktober....

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA