Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Arbeiderpartiet vil innføre tak på elbilfordelene

Startet av arnkl, søndag 20. november 2016, klokken 21:02

« forrige - neste »

arnkl

Godt nytt for dei som køyrer elbil med passasjer på E6 nord for Oslo.


Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): I norgåande retning er det i dag eit kollektivfelt på E6 Karihaugen - Olavsgård som EL-bilar ikkje har høve til å nytte.
Kva er årsaka til det, og vil statsråden opne feltet for EL-bilar?


Svar

Ketil Solvik-Olsen: På grunn av den pågåande tunnelrehabiliteringa i Oslo-området er det etablert mellombelse kollektivfelt langs E6 frå sør inn mot Oslo (frå nordenden av Nøstvedt-tunnelen i Akershus til Klemetsrud i Oslo), og langs E6 nord for Oslo (mellom Karihaugen i Oslo og Olavsgård i Akershus). Dette er kollektivfelt som er etablerte innanfor eksisterande vegareal, og som er noko smalare enn standard breidde i gjeldande vegnormalar. For å få til denne løysinga har det vore naudsynt å redusere noko på breidda på einskilde av dei andre køyrefelta på delar av strekningane. Kollektivfelta er skilta med tilgang berre for buss, med underskilt om at de ikkje er tillate for elbil.

Grunnen til at elbilar i dag ikkje kan bruke desse felta, er at dei er etablerte som eit mellombels tiltak for å sikre framkomst for bussen i ein situasjon der framkomsten i Oslo er vesentleg redusert som følgje av den omfattande tunnelrehabiliteringa.

Eg er kjend med at Statens vegvesen har hatt eit ønske om å sjå korleis løysninga fungerer før det eventuelt blir opna for annan trafikk i felta. Statens vegvesen har opplyst om at erfaringane no viser at framkomsten for bussane er god. Statens vegvesen meiner derfor at kollektivfelta kan opnast for elbilar med passasjer. Det vil derfor bli skilta på same måte som E18 inn/ut mot Oslo frå sør og vest. Dette betyr at felta blir opne for buss/taxi og med underskilt om at det også er tillate for elbilar med passasjer. Dette vil gi ein betre bruk av eksisterande vegareal og einsarta skilting. Dersom det skulle vise seg at bussane blir vesentleg forseinka som følgje av ei slik endring, vil det bli sett inn tiltak for igjen å sikre bussane høgast prioritet.

Eg støtter denne vurderinga.
S85 (blå, med det meste, VIN# *20295)
VW e-Up! (2014, kjøpt brukt)

Chivas

Hva med sikkerhet på denne strekningen?
Mener å huske for noen år siden at man utvidet denne strekningen med ett ekstra felt, men måtte gå tilbake pga at det gikk på sikkerheten løs siden de da ikke hadde noen skulder/havarilomme etc igjen.

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA