Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny

Sv: Varmepumpe .

Startet av xderia, torsdag 01. oktober 2015, klokken 12:26

« forrige - neste »

xderia

Finnes det noen video som forklarer og viser de forskjellige lade typene og forklarer hvem som er de mest vanlig typene i Norge, og tips om hva man på passe på / bør kjøpe av overganger osv?
70D Deep Blue

sturle

Sitat fra: xderia på tirsdag 01. september 2015, klokken 20:21
Finnes det noen video som forklarer og viser de forskjellige lade typene og forklarer hvem som er de mest vanlig typene i Norge, og tips om hva man på passe på / bør kjøpe av overganger osv?
Du får demonstrert og forklart lading når du hentar bilen.  Det er ikkje vanskeleg, og det er berre å spørje meir om du ikkje er sikker.

Kva som er vanlegast vil vere heilt avhengig av din bruk av bilen.  Eg brukar som regel vanleg stikkontakt (Schuko), type 2 eller superlading.  Eg har overgangar for ein heil haug andre kontaktar, men dei brukar eg sjeldan.  CHAdeMO-adapter har eg ikkje, og det har eg heller aldri hatt bruk for på 37000 km.  Mange andre her ladar ofte med CHAdeMO.  Det er heilt avhengig av bruksmønster og kva som finst i området du kjem til å bruke bilen.

Det raude adapteret frå Tesla, har eg berre hatt bruk for to gongar i Danmark før det kom massevis av superladarar der, og ein gong i Tyskland.  Det blå adapteret frå Tesla har eg berre brukt med overgangar til blå 16A 1- og 3-fas.  Overgangane har eg lagd sjølv.  Desse overgangane har vore kjekke å ha for å klattlade litt fordi eg kan, men eg har aldri vore avhengig av dei for å komme vidare.

Du bør skaffe deg ein tjukk (2,5 mm²) og lang nok (min er 25 m) skøyteleidning av god kvalitet for vanleg stikkontakt.  Med den kan du skaffe straum nesten kvar som helst.  Ikkje bruk tynne skøyteleidningar på 1 eller 1,5 mm² til lading.  Det står ofte at dei toler 16A, men det er i so fall i korte periodar om gongen.  Ver litt obs på dette andre stader og.  Hotell i utlandet er ofte veldig hjelpsame med å skaffe straum, og når du kjem fram ligg den tynnaste skøyteleidningen du har sett klar til deg.  Då har du ikkje full tank neste dag, som du kanskje hadde satsa på.

ew

Model 3 LR AWD - 25. mars 2019
Model S 85 - 24. juni 2014 [Solgt]



© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA