Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap

Sv: Noen her som skal treffe Elon førskommende lørdag?

Startet av Hamiso, lørdag 01. februar 2014, klokken 12:03

« forrige - neste »

Hamiso

Så er det tid for service for meg òg.
Ser det er ein del trådar om dette. Men er det nokon som kan anbefala ein bra verkstad på Øvre Romerrike eller rundt om kring? I sånn C-Zero-avstand Eidsvoll - maks sju mil?
Det er ein Citroen-forhandlar på Minnesund. Nokon som har erfaring med den?

Har elles funne ut at NAF ikkje kan sjekka batteristatus på elbilar. Så der forsvann den moglegheiten for ein billegare sjekk.

Har forresten fått ein skrapelyd når esp/antispinn blir aktivert. Lurer på om noko kan ha blitt slitt då eg fleire gonger ein ettermiddag før jul sklei nedover isholka på veg opp mot huset medan giret stod i D. La i alle fall merke til lyden etter det. Er det noko som kan forårsaka ein større reparasjon, trur de?
http://lektrisk.blogspot.com

-Citroen C Zero 2011, sidan desember 2012
-Tesla Model 3 sidan mars 2019
-Pendlar med sykkel

Stjerneglis

Kan ikke hjelpe deg vedr. service men skrapelyden er normalt på trillinger når antispinn jobber...
2019 Hyundai Kona Electric
2011 Mitsubishi i-Miev - 104300 km - solgt...
2017 Alfa Romeo Giulia Super 2.0 TB

TB

Eg har inkludert 3 år service, har ikkje personlig erfaring med pris nivå for C-Zero enno.

Men, i følge andre trådar vil det lønne seg og innhente pris frå ulike verkstadar, det er store variasjonar. Det har vore rapportert om høg timepris, med total pris nærare 6000. I ein eigen tråd finn du service kopi av service intervall. Det er 2 år service som er mest omfattande.

Om det er timeprisen som gjer det kostbart bør det vera ein mindre timepris utanfor Oslo?

Verkstad som kan ta imot enten Mitsubishi, Citroën eller Peugeot bør ha utstyr for batteri testen, men ikkje sikkert alle har kurs?

Slik eg kjenner NAF utfører dei PKK, og enklare reparasjon / kontroll t.d. oljeskift. Periodisk service utfører ikkje NAF, eller tek eg feil?
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

TB

Sitat fra: Hamiso på fredag 24. januar 2014, klokken 14:21
Har forresten fått ein skrapelyd når esp/antispinn blir aktivert. Lurer på om noko kan ha blitt slitt då eg fleire gonger ein ettermiddag før jul sklei nedover isholka på veg opp mot huset medan giret stod i D. La i alle fall merke til lyden etter det. Er det noko som kan forårsaka ein større reparasjon, trur de?

Normalt med mykje lydar når ESP / antispinn blir aktivert.

Litt utanom emne, men... Eg opplevde for to veker sidan at alle lysa i instrumentpanelet starta og lyse / blinka etter ESP og antispinn var aktivert. Bilen fungerte som normalt. Stoppa, kikka med vantru på alle lysa - så forsvant det meste. ESP / ABS lyste framleis gult i lag med generell alarm, gul bil med tegnet ! på.

Slo bilen av, og på igjen - alt ok. Har ikkje dukka opp at så langt.
Lørenskog
Hyundai KONA electric 2019 ( venteliste 2017 - 2019)
Citroen C-Zero 2012 med OVMS - 97 000 km - solgt 2019

© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA