Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - Gurkelur

#1
Kjøp og salg av deler og utstyr / 18 Lithium-celler
mandag 19. oktober 2009, klokken 16:03
Hei,

Eg har ei defekt lithium-batteripakke for sykkel som vart kjøpt frå www.goldenmotor.com. Tolv av dei 30 cellene var øydelagte, og eg fekk eit nytt batteri sendt i posten. Det vil seie at eg har 18 celler som skal fungere heilt utmerka. Kvar celle er på 3,8V (for augeblikket 3.85 utan lading) og 4 amperetimer. Det sitt ein BMS inni batteriet, men eg veit ikkje om denne virkar. Eg har ikkje så mye bruk for dei, men kanskje andre har? :)



Heile batteripakka med aluminiumshylster og tenning for 600 kroner. Om cellene ikkje fungerer, reverserer vi byttehandelen. Dei vridde metallplatene du ser på bildet under var noe eg braut løs frå cellene for å ta ut noen defekte.

Edit: Da er altså ikkje eg lenger eigaren av desse små blå og BMS-en (som viste seg til å vera kortslutta av noe klister frå fabrikken).
#2
Kjøp og salg av elbiler/elkjøretøy / EVT 168 i Trondheim
torsdag 14. mai 2009, klokken 02:06
Hei!

Eg sel min 11 mnd gamle EVT 168 elscooter med blybatteri. Scooteren er av versjon 2 som er kompatibel med lithium-batteri som kan kjøpast hos forhandlaren. Den har gått 1745 kilometer sia juni i fjor, og batteria vil eg meine er 2/3 av opprinnelig effekt. Dvs rundt 30-40 km under gode forhold. Dei held for ein tur ned til sentrum og opp att til Steinåsen (170 moh), med nok strøm tilbake til å kjøre ned att. Motoren er på 1,5 kW og dimensjonert for 48 v, men får berre 41 volt frå motorstyringa. Med eit batteri til i serie eller med ei anna motorstyring vil motoren få 48 volt og gå omlag 60 km/t på flatmark. Det er sjølvsagt ikkje lov  ;D

Noen riper etter ein rundtur på isen, for det meste på framskjermen og kontrollaren. Litt sprukken plast, men ingenting iaugefallande. Regnr er EL2004. Bagasjeboks og halvhjelm følgjer med. Skal straks inn på service for å bytte eit kulelager som er gåent, men dekt av garantien. Skal seljast grunna ryggproblem og utflytting.




Omtrent 7500 kroner. Steinåsen, ikkje langt una Dragvoll. Kontakt meg på PM for prøvetur :)
#3
Enkle batterispørsmål / Nye batteri åt elscooter
mandag 21. juli 2008, klokken 15:06
Hei,

Eg skal sjå på ein EVT 168 som har stått ubrukt og ulada heilt sia mai. Seljaren seier scooteren har gått totalt 10 km, og har ikkje vorte lada etter den turen. Batteria er av typen blyakkumulator. Så, er det game over for batteria? Kraftig redusert kapasitet?

Om det er tilfelle, tenkte eg på nye batteri, og lurde på kor og kva slags type eg kan kjøpe. Og kva som vil passe. Scooteren har 4 x 12 v batteri på 15 kg kvar og kan gå 50 km på ei lading. Kva alternativ har eg? Kor mye kostar dei forskjellige variantane?

Dette blir det første elektriske kjøretøyet eg kjører, så eg gler meg jo litt :)
© 2026, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA