Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Emner - kvignes

#1
Mekanisk / Karosseriskader - Bakluke
torsdag 05. juni 2014, klokken 17:27
Har for andre gong fått fotball i bakluka. Første gong måtte den skiftast. No vil eg prøve meg sjølv. Nokon som har erfaring med å dunke ut bulkar i bakluka? Den virkar ikkje til å tåla all verdens.....
#2
Ladeplasser og ladekabler / Stolar me på hurtigladarane?
mandag 14. mai 2012, klokken 21:37
Etter to månadar med el-bil har eg gått på min første hurtigladarsmell. I går kveld då eg kom til Aksdal med ganske tomt batteri, virka ikkje ladaren, og det vart nokre herlege timar med "nødlading" på 10A. Eg har og høyrt historier om folk som har kome til ikkje fungerande ladarar både på Randaberg og Høg-Jæren i det siste. Er det eit generelt råd at ein ikkje kan stola på at hurtigladarane fungerar, rett og slett? Dei er jo for dei aller fleste berre eit supplement til den vanlege ladinga, men på meg verkar det som om dei ikkje er stabile nok til å vere heilt til å stole på ennå.
#3
Langkjøring med 24 / 30 kWt batteri / Hets og sjikane
mandag 14. mai 2012, klokken 13:17
I går kveld reiste eg med ferje over Boknafjorden. Her vart eg utsett for relativt utilslørt hets frå billettøren. Han markerte bilen min som "folketrygdbil" - som er ferjesjargong for handicapbil - og belasta kortet mitt med 85 kroner. Då eg påpeika at dette var i meste laget, presterte han å skjelle meg ut, og spurde om eg trudde at han tente pengar på å ta med "slike som meg" på ferja. Så smalt han pengane eg skulle ha tilbake i disken og ga meg eit blikk eigna til å skremma livskiten or tandre sjeler.

Som fersk elbileigar, må eg spørja: Er det vanleg at slike ting skjer? Og kva ville de på forumet gjort for å følga opp ei hending som dette?

Det høyrer med til historia at hurtigladaren på Aksdal var ute av funkjsjon, og eg måtte lada med 10A i fire timar, før eg kunne luska meg innover til Ølen i sekstida i dag...
#4
Tilbud og etterspørsel av tjenester / 16A lade-kabel
torsdag 19. april 2012, klokken 11:10
Eg er meir enn litt interessert i å kjøpe ein 16A "klædd" for lading av Leaf. Ta kontakt på PM.
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA