Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Snøkvit

#1
Leaf 2010-2017 / Sv: Lokari innerskjermer bak
mandag 09. oktober 2017, klokken 00:25
Har etterlyst det hos Lokari i Finland i 2015, men då hadde dei ikkje det.
#2
Har ikkje sjekka manualen om dette verkeleg er eit lyd for å varsla fotjgengare. Utafor bilen høyrast det nesten ikkje. Dei fleste fotgjengare går med øyreproppar og hode djypt inni ein mobil. Eg har aldri lagd merke til at nokon blir oppmerksam på Leafen grunna denne summinga. Men det er eit irriterandes lyd når ein sitt inn i den elles så stille bilen. No slår eg den berre av så snart bilen har starta.

Takk for alle innspell!
#3
Har lagt merke til ein snodig sak her om dagen.
Om Leafen køyrar, så "summer" det litt under panseret. Eg har altid tenkt at dette er eit samspel av motor/frekvensomformer/diverse elektriske dingser.
Når ein "køyrar på" så faller denne summinga nesten bort pga anna lyd (radio, hjulstøy, trafikk, osv).
Men denne summinga blir litt irriterande ved sakte køyring, utan radio.
Når eg kom heim ein kveld, slå eg av reverse-lyden med knappen, i god tid før eg skulle legga inn revers. Då la eg merke til at bilen blei mykje stillare...
Så slå eg av og på reverse-lyden fleire gonger mens eg køyrde framøver (ikkje revers altså). Og heilt i takt med av/på på knappen, så blei summinga borte (av) og komm igjen (på).
Eg blei litt paff. Leafen har jo ingen fotgjengervarslingslyd, slik som EU vil (eller skal) innføra. Lyden er og altfor svak til det, berre irriterande.
Fleire som har lagt merke til det?
Nokon som veit kva det skyldast?
#4
Carwing / Sv: Nissan Connect EV
torsdag 17. desember 2015, klokken 10:41
Er med på det.

Sist eg var innom Nissan-forhandlaren for å fiksa Carwings fekk eg ein lang harang av service-karen der: Carwings er den "eine partnaren" (Telenor + dei som har utvikla Carwings (som ikkje er Nissan sjølv i.f. forhandlaren...)) og Nissan Connect er den "andre partnaren" (som heller ikkje er Nissan sjølv (?) if. sama forhandlar).

Forhandlaren sa at dei gir blaffen i Nissan Connect og berre forhalda seg til Carwings.

Sjekk Carwings-tråden: kanskje på tide å prøva å få ting gjort via forbrukarrådet?

#5
Carwing / Sv: Carwings kan brenne i h.....
torsdag 17. desember 2015, klokken 10:37
Sitat fra: Panduck på mandag 14. desember 2015, klokken 16:09
Sitat fra: Snøkvit på mandag 14. desember 2015, klokken 11:36
Ja men nei. Respons frå serveren er kjappare. Forvarming funkar også. Men status på bil (ladestatus / plugga inn), oppdaterast ikkje i "real time". Det tek fortsatt 3 gonger oppdatering for å få korrekt status. Så for min del er det forsatt minst 50% ubrukeleg, eller ikkje til å stole på.

Android eller iOS? Jeg hadde aldri dette problemet på iOS, men sliter med det på Android.

Og ja, start av varme har fungert bedre de siste dagene, men så har jeg ikke prøvd det så mye i "rushtid hjem fra jobb" tidspunkt
Android. Men vil jo tru at problemet ligg hos serveren eller kommunikasjon bil<>server?
Uansett virkar det som om Nissan ikkje har greid å rydda opp i problemane.
Trur eg heng meg på ei sak via forbrukarrådet eller slikt.
#6
Carwing / Sv: Carwings kan brenne i h.....
mandag 14. desember 2015, klokken 11:36
Ja men nei. Respons frå serveren er kjappare. Forvarming funkar også. Men status på bil (ladestatus / plugga inn), oppdaterast ikkje i "real time". Det tek fortsatt 3 gonger oppdatering for å få korrekt status. Så for min del er det forsatt minst 50% ubrukeleg, eller ikkje til å stole på.
#7
Langkjøring med 24 / 30 kWt batteri / Sv: Oslo- Trysil ( Vinteren )
onsdag 25. februar 2015, klokken 13:17
Hei. Køyrde den ruta i fjor. Lading akkurat slik du skriv. Funkar for meg men hadde ikkje full bil.
Generellt: Pass deg for lange oppover bakkar på slutten av turen (ei oppoverbakke underveis "får du igjen" delvis ved nedstigning (regenerering), men ei bakka på slutten tar masse kapasitet).
#8
Leaf 2010-2017 / Sv: Forbedringer og innspill til Nissan på Leaf
tirsdag 14. oktober 2014, klokken 09:50
Har no køyrt cirka 13.000 km med Euroleaf (Acenta) sida februar 2014. Før det hadde eg iMiev, køyrt 3 år, cirka 35.000 km.
Har lagd merke til at eg med fornufig køyring klarte dei 140km som var oppgitt for iMiev, men 199km for Leafen?: dream on... Til og met 150km på sommarføre kan bli ei utfordring. Det synes eg er litt skuffande. Elles er bilen komfortabel og påliteleg.

Forbetringspotentiale:
- Lengre rekkevidde, helst ved vektbesparelse og meir tuning i staden for større batteri. 250 realistiske kilometer hadde vore fint.
- Betre lys og lyktespylare.
- Bli kvitt meldinga om oppkopling og innsamling av data når du starta bilen: enten 1-gongs godkjenning eller at meldinga forsvinn etter køyrte x-antal meter.
- Meir intuitiv betening av mediasenteret (alt for mange tastetrykkk for å koma seg til den funksjonen du skal ha).
- Enklare betening av navigasjon (ref. mediasenteret).
- Betre isolasjon mot hjulstøy.
- Betre (opplevd) kvalitet: trekk på dør/golv/stol, småknirk her og der.
- Ryggekamera med deksel eller alternativ plassering.
- Kjappare start etter at ein trykjar startknappen.
- Ladeluke på baksida av bilen: det er enklare å rygga inn til hurtiglader (ryggekamera); ladekabel ligger bak i bilen, så ein slepp å gå rundt.
- Ladeport for CCS slik at ein kan lade på combohurtigladere, sjølv om Chademo er oppteke.
- Meir ydmyke selgare og servicepersonalet hos BNH.
- Ein god roaming-avtale som Nissan kan tilby Leaf-eigare som gjer det mogleg å bruke alle hurtigladere, uansett kva selskap drifta dei, til ein fornufig peng (ref. Ishavsveien som skal ha kr.200 for lading).
#9
Du har vel uansett reklamasjonsrett i 5 år mot importøren. Han (eller hu) er din kontrakstpart. Det er derfor importøren som må ta seg av dette. Eg ville nesten påstå at det er dermed importøren som må levera bilen (eller fiksa ein time hos ein Nissan forhandlar) til reparasjon / utbetring.
#10
Leaf 2010-2017 / Sv: RSS
onsdag 25. juni 2014, klokken 11:40
Synes også at dette var kompliserte greier. Er det mogleg å legga til hurtigladestasjonstatusoversikt via RSS? Det hadde vore fint.
#11
Lading / Sv: 16A lader Nissan Leaf
torsdag 13. mars 2014, klokken 12:18
Sitat fra: elektrolux på onsdag 12. mars 2014, klokken 23:56
Vi har satt prisen på 32A versjonen til 6500 kr.

Og 16A versjon med rett schuko?
#12
Carwing / Sv: Godkjenne carwings hver tur?
torsdag 30. januar 2014, klokken 16:41
Eg blei fortalt ved overlevering at det ikkje var mogleg. Men alt dette er jo myke vare, så kanskje...
#13
Leaf 2010-2017 / RSS feed til hurtiglading ?
mandag 27. januar 2014, klokken 10:09
Hei, eg har prøvd å legga inn nokre RSS-feeds til Leafen, uten å få det til.
Lurte på om det går an å legga inn ein feed til status på hurtigladestasjonane, slik som her (http://elbil.no/elbilfakta/teknologi/444-hurtigladekartet).
Noken som veit / kan hjelpa?
#14
Lading / Sv: Ladekabel 2013 modell
onsdag 22. januar 2014, klokken 13:15
Har opplevd det sama på offentlege ladeplassar. Har spurt BNH om det. Dei har fått inn fleire kommentarer/klager på dette. BNH sa at dei har gitt problemet vidare til Nissan Nordic som skal jobba med ei løysing...  Intill vidare kunne eg bruka skjøyteledning (kort eller lang), så lenge den var av stor nok dimension (2,5 mm2).

Kvar kjem dei IEC-krav frå og er dei lovfesta i Noreg? I så fall har me jo klagerett overfor Nissan/forhandlaren.
#15
Har også begynt met "altid på". Problemet finnast også med nyare fossilbilar: EU-krav til dagslys er berre framme, ikkje bak. Dei fleste nyare bilar har dermed automatisk tenning av hovedlys og baklys. På vinteren, med låg sol, slår ikkje den inn: veldig skummelt.
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA