Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 565 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - gautelund

#1
Enkle batterispørsmål / Sv: Lader for 12V - kva er lurt å kjøpa?
lørdag 05. oktober 2024, klokken 11:54
Jau, eg går for CS Free.
#2
Enkle batterispørsmål / Sv: Lader for 12V - kva er lurt å kjøpa?
fredag 04. oktober 2024, klokken 17:47
Eller burde eg kjøpa ein ladar som er spesifikt for lithium-batteri? https://bilxtra.no/batterilader-lithium-xs-5-0
#3
Enkle batterispørsmål / Lader for 12V - kva er lurt å kjøpa?
fredag 04. oktober 2024, klokken 17:43
Då har eg opplevd flatt 12V for første gong på min årsgamle Ioniq 6 2023. Ein kamerat kom med booster og fekk liv. Men i morgon skal eg ut og kjøpa meg ein ladar.

Eg ser på Clas, CTEK.

For det første: har denne noko for seg? "Trådlaus". Dvs. lite batteri som lover start etter 15 min, eigentleg ein forvokst powerbank som leverer opptil 20A og også har USB m.m. Ladar på USB-C. Eg tykte denne såg umiddelbart tiltalande ut. Synspunkt?

Viss eg kjøper plain CTEK ladar, så ser det ut om få A = få hundre, mange A = mange hundre. Eg kjøper gjerne ein som kostar meir dersom den faktisk får deg i gong raskare den dagen du står der. Vil denne gje ekstra oomp?

På førehand takk.
#4
Takk for svar. Eg hadde sett rekkevidde-posten her på forum, og NAF sin veljar. Den frå elbil.no (foreninga) var ny for meg. Takk! Ingen av dei er det som eg ser for meg. NAF sin er jo veldig "grov". Foreninga sin har ein del fleire parametre - bra! Men dei fortel berre at "desse modellane kan ha desse eigenskapane (dersom du vel rett variant/ustyrsnivå/pakke og evt. plussar på i tillegg)".

Eg er ute etter ein der eg kan kryssa av på slike ting som finst på elbilveljaren, og gjerne andre parametre, og så får eg vist variant og pris. Altså tenk deg at elbilveljaren lot deg velja "Eg må ha hengarfeste, AWD, taklast og kamera-speil. Eg vektlegg ladefart, sjølvkøyrings-funksjonar og høgtalarar." Eller noko slikt. Og så kom det ut at aktuelle val er "Ioniq 5 Premium, Long Range AWD, pluss på hengarfeste+++", og tilsvarande for andre modellar som Arya, Tesla Y osv. osv. Og så kom også listeprisen med desse valga.

Altså at elbilveljaren vart utvida: I dag "foreslår" den berre modellar, men i mitt hovud kunne den visa ulike variantar/ustyrsnivå og oppsummera (liste)prisen for den kombinasjonen den foreslår.

Det er litt avansert å laga slikt, som sagt. Men erfaringsmessig, dersom ein stor aktør som elbil.no, NAF eller Schibsted vil laga noko slikt så vil dei få bilprodusentane til å levera informasjonen om variantar/pris/tilleggsutstyr i eit strukturert format (om ikkje dette allereie finst).
#5
Kjøpe elbil? / Samanliknande konfigurator på tvers av modellar?
onsdag 02. august 2023, klokken 12:00
Underteikna er i ferd med å kjøpa elbil for første gong. Det inneber nettsøk og lesing til auget vert stort og vått, prøvekøyringar, og diskusjonar med overinteressert vener. Denne posten handlar IKKJE om kjøpstips.

For meg er estetikk/kulskap nesten utan tyding. Bilen kan godt sjå ut som ein rullande dildo, berre den er ish komfortabel og god å køyra (men eg er ikkje kravstor), tek meg frå A til B, har brukbar rekkjevidde (og kva tyder dét for meg?) og (for meg) relevant utstyr og eigenskapar.

Sistnemnde er altså viktig. Då blir det ei utmattande samanlikning i eit ad-hoc Excel-ark med kva for funksjonar som er med i ulike pakkar og kva ting kostar.

T.d. såg eg ein diskusjon her som gjekk slik, om ID.4 vs TmY:
A: "Når ID.4 skal ha alt det same utstyret som TmY, så blir den dyrare."
B: "Men eg treng ikkje alt det utstyret. Eg konfar ID.4 med det som EG vil ha, og då blir den billegare."
A: "Men..."
B: "Men..."

Wash, rinse, repeat. Her meiner eg jo begge har rett. Men dette illustrerer mitt poeng:

Kva om det fanst ein meta-konfigurator, der du kunne kryssa av kva som var viktig, kanskje interessant, og komplett uviktig. Og så få opp kva for variant/utstyrspakke som er aktuell av utvalde modellar, kva du då må kjøpa av utstyr, og kva som då blir listepris. Funksjonalitet som liknar dette finst for andre produkt enn bil.

For meg så er t.d. panoramatak komplett uvesentleg, og hjula kan vera så små dei vil (sjå andre avsnitt). Men eg vil ha hengarfeste og mulighet for taklast, helst Android Auto, og det er OK med ekstra sikkerhet/køyre-automatikk og godt med anti-bulke-funksjonar. Eg er i tvil om eg skal prioritera AWD. For å ta 5 bilmodellar og så spekka dei slik EG vil, og få samanliknbar pris, så tek det mykje tid.

Så - finst det som eg ser for meg, og det er berre mine nettsøke-skills som sviktar meg? Viss nei, trur folk dette hadde vore noko? Eg berre hiv ideen ut her.

Eg driv med IT og utvikling så eg veit det skal ein del til for å laga det eg ser for meg. Det betyr enten ei lita gruppe entusiastar design- og proggekompetanse, og med godt med tid til overs. Elles er det nokon med ressursar, typ foreninga eller Schibsted/elbil24.
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA