Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - oyst

#1
Kjøpe elbil? / Hjelp til kjøp av el-bil
tirsdag 09. juni 2020, klokken 12:19
Hei.
Eg vurderer for tida å kjøpe meg ein elbil. Eg skulle gjerne hatt råd til å kjøpe ein med masse rekkevidde, hurtiglading og masse plass, men det har eg altså ikkje så då må ein inngå norke kompromiss.
Dei eg har på blokka no er:
Ny Hyundai Ioniq - ferdig levert med 3 år serviceavtale, alt utstyr utanom soltak til 320 000
Brukt Opel Ampera - Gått ca 10-15 000 km (avhengig av kva for ein eg vel) til ca 300-310
Ny Golf - ferdig levert med 3 år serviceavtale, ikkje Exclusive men med ryggekamera, keyless og tona vindu.

Eg bur i Oslo, men er jamnleg på tur til Trøndelag (altså gjerne ein tur ca annakvar mnd for å si eit snitt) og dagstur til feks Hamar eller Tønsberg.
Det er fint å kunne rekke T/R Oslo utan å måtte lade når ein er på dagstur, noko Golfen ikkje kan. Eg er også usikker på korleis Golfen klarar seg vinterstid opp Østerdalen eller over Dovre.

Etter kva eg ser i siste Motor ladar dei relativt likt på hurtigladar.

Golfen har alt på det jamne, og er stor nok. Fungerar ok når eg er aleine (har vore på langtur med den som leiebil), men usikker på korleis det blir med fleire ladestopp og sånt når ein er fleire.
Ioniqen er fantastisk utstyrt, ok plass baki (utanom takhøgda) og bagasjeplass.
Amperaen har eg køyrd ein del igjennom bilkollektivet og er fin å køyre, god plass inni, men litt mindre bagasjerom og mister jo no feks onstar.

Nokon som har nokre tankar? Er takksam for alle innspill.
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA