Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Gurkelur

#1
Eit lite spørsmål om GM sin cruisecontroller. Kan ein 10A controller programmerast om til 20A?
#2
Eg gir vekk den havararte motoren som skildra over mot henting i Trondheim. Det er snakk om å sjekke han for fukt og finne ny felg. Berre send meg ein PM :)
#3
elbil.no og elbilforumets nettsider / Sv: Hva med flere forum her?
torsdag 07. april 2011, klokken 19:19
Sitat fra: bosonic på torsdag 07. april 2011, klokken 10:06
Om ikke et eget forum, så i allefall en ny avdeling som for eksempel kan hete "EV racing" ?
Stemmer òg for denne. Det skjer mykje spennande i racingverda.
#4
Elektriske Sykler og Motorsykler (2 hjul) / Sv: El-scooter
mandag 04. april 2011, klokken 10:48
Bruttovekt = 160 kg på dei minste mopedane, med litium-batteri og berre 50 km rekkjevidd. Kan umogleg stemme?

Edit: Aha, eg var litt rask med å sjå over sida. City-scooteren har blybatteri, medan Trend-scooteren kan ha litium, veie 125 kg og gå 80 km. Kan tru kva det er som gjer dei så tunge, når EVT sine litium-modellar går lengre og veier berre 86 kg.
#5
Med sjølve motoren er eg litt usikker. Gira inni motoren lagar ein del lyd, og akselen har rusta (salting? ::) ). "Hall sensor failure" betyr at ein skal vera teknisk kyndig for å kunna bytte sensoren, men i det her tilfellet mistenkjer eg at det kan vera vatn som har trengt inn i motoren. Opplevde det same i oktober, men sykkelen gjekk som normalt etter at han stod inne ei natt. Da kontrollaren varsla om ny sensorfeil i desember, verka motoren berre ein sykkeltur etter han hadde fått varma seg eit par dagar. Trur eg skal opne motoren og sjå litt.

Er ulike erfaringar av motoren på GM sitt forum. Ein tråd om brent motor kan ein lesa her. Motoren er billeg, og kanskje ikkje bygd for røffe forhold. Så fall må du nok vera førebudd på litt mekking. No er det jo ein del av oss som føretrekker det òg :D

Ellers har eg aldri hatt noko problem med hybridsykkel i humpete vinterføre.
#6
Dei andre eikene.
#8
Etter eit halvt års bruk vil eg gjerne dele erfaringane mine om akkurat den her motoren.

Eg bestilte motor+controller frå ein forhandlar på vestlandet i september i fjor. Ting verka knirkefritt under jomfruturen, heilt til fire eiker spratt ut i rask rekkefølgje. "Jaha, ja" tenkte eg, og fortsette med syklinga. Var det andre tankar om sykkelturen, var det korleis motoren gav full guffe sjølv om eg ikkje var like ivrig på pedalane. Mange på GM sitt forum rapporterer om at minimotoren blir grilla av belastning. Sia eg bur i ein by med mange bratte bakkar, tråkka eg meg varm og sveitt opp bakkane i frykt for å grille min eigen motor. Det skal nemnast at fleire hardbarka sykkelmosjonistar la seg på rompa mi utan eit snev av sjanse til å halda tritt, men meininga med å ha ein motor, var nettopp å unngå å ende opp som ei sveitt og andpusten pølse kvar gong eg skulle på jobb.

Ei inspisering etter jomfruturen viste at fleire av eikene var lause. Eg stramma dei opp, og brukte sykkelen kvar dag, avbroten av fleire småproblem. Diverse plast sprakk, leidningar rauk (kan skyldast kulda og ujamnt vinterføre) og eit par eiker til spratt ut fram til desember. No slutta den å røre på seg, og kontrollaren gav meg to pip, som betyr "hall sensor failure". Eg avgjorde at eg skulle spare reparasjonen til våren, men lot hjulet stå på sykkelen.

Det var kanskje daudt løp for hjulet uansett. For eit par dagar sia sykla eg ned ein bakke, og på ein fartsdump høyrde eit brak frå bakhjulet i det halvparten av eikene spratt ut og hjulet totalhavarerte.
#9
Andre Elbiler / Sv: Racerbil drevet av elektrisk motor
torsdag 25. november 2010, klokken 23:39
Om ikkje den er for stor, kan kanskje denne klumpen vera interessant? Du vil få mye i ei enkel pakke, men på andre sida er det jo greit å satse på eksisterande komponent. Denne kjem ikkje før i mars.
#10
Spennande prosjekt! Du kan ikkje seie kva kostnadene er totalt, med bilen og heile pakka? :)
#11
Avansert: Batterier og Lading / Sv: Lithium
søndag 14. mars 2010, klokken 14:50
Korleis går det med denne batteripakka, hens?
#12
Elektriske Sykler og Motorsykler (2 hjul) / Sv: El-scooter
torsdag 07. januar 2010, klokken 03:21
Jepp, den har børstar. Men ikkje 2010-versjonen med meir kraft :)


http://soundspeedscooters.com/node/85

petterlc: Du kan jo sjå på muligheita med å setje enda eit batteri i seria. http://visforvoltage.org/forum-topic/motorcycles-and-large-scooters/757-evt-60-volt-mod Det er vanlig med 12V for å nå ei fart på 60km/t. Skulle det ikkje gå med t.d. 6V for omlag 52-53?

#13
Elektriske Sykler og Motorsykler (2 hjul) / Sv: El-scooter
søndag 13. desember 2009, klokken 23:04
Eg kjørde ein EVT 168 med blybatteri til og frå jobb i Trondheim ein sommar/haust/vår. Om du har muligheita til å kjøpe ein med lithium-batteri, bør du gjøra det, og da gjerne med 40A. Det er verd det. 26 kilo lithium mot 60 kilo bly vil du merke i manuvrering, demping og kjøring i snø og sørpe. I motbakkane kunne farta gå ned mot 35 km/t, og mindre og høgare spenning med lithium vil seie at den vil gå mye friskare oppover, mindre straum blir sløst vekk og farta er jamnare mot utladinga av batteriet. Noen gongar var spenninga på blybatteriet berre for låg til at eg kom opp siste bakken, og motbakkane var det som til slutt drap batteripakka mi etter 7000 kilometer. No skal det seiest at eg måtte klatre 170 høgdemeter fordelt på 7 km kvar dag.

Ellers ein heilt grei scooter. God akselerasjon, men toppfarta kunne ha vore 4 km/t meir. Sørg i alle fall for at scooteren du kjøper er den nye og forbetra modellen med børstelaus motor som kanskje har høgare toppfart, og i følgje servicemannen dreg folk og fe opp bakkane utan store reduksjonen i farta. Mulig den har ei ny type plombering som tilpassar spenninga etter turtallet, i staden for konstant å kutte den på 80%.
#14
Kjøp og salg av deler og utstyr / Sv: 18 Lithium-celler
tirsdag 20. oktober 2009, klokken 23:24
Dette var det eg fann på forumet deira:

Sitat fra: Goldenmotor
Lithium ion rechargeable battery, 26650 size, LiPF6 electrolyte, Manganese Spinel structure cathode.
High energy density lithium ion battery cell.
Cell capacity: 3.8V 4AH
Cell diameter: 26.24 ± 0.16 mm (top end), 26.16 ± 0.10 mm (bottom end)
Cell height: 65.05 + 0.10/-0.15 mm
Cell weight: 92g

Cell specifications
1a Rated charge(4A) Limiting 4.0 A, 120 min and constant 4.2V charge at 23±2°C.
1b Recommended charge Reference 1a

2 Rated discharge Constant 0.8 A discharge until 2.5V at 23±2°C.

3 Rated capacity 4.0Ah Minimum of rated discharge capacity after recommended
charge.

4 Nominal voltage 3.8V Mean voltage during rated discharge after rated charge.

5 Shipping voltage 4.03±0.01V Nominal. Approximate state of charge = 80%.

6 Internal resistance at shipping 23±1 m? By AC 1 kHz.

7 End of charge voltage 4.20 ± 0.05V

8 End of discharge voltage 2.5V Discharge voltage used for determination of rated
capacity.

9 Charging time 120min Rated charge.

10 Maximum continuous charging current 6.5A
Maximum continuous discharging current 10A
Maximum pulse discharging current 40A

11 Operating temperature
Charging 0 ~ 45°C
Discharging -20 ~ 60°C
12 Storage temperature
-20 ~ 60°C
Recommended temperature for long term storage is
23±2°C

13 Shelf life 6 months Typical value at 23±2°C, from ship state.

14 Self-discharge rate /month ?0.5%
#15
Kjøp og salg av deler og utstyr / Sv: 18 Lithium-celler
tirsdag 20. oktober 2009, klokken 21:37
Bilde.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA