Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - manifold

#1
1. Det er sjølvsagt eit spørsmål om pris. 32A er sjølvsagt betre, men hugs at mange nye bilar heller ikkje kan utnytta 32A - td. kan nye e-Golf berre lada på 16A (og 2x16A). Hugs også at heimelading er lite kapasitetskrevjande, sidan bilen som regel står parkert i lange tidsrom - og du vil neppe føla behov for større kapasitet om du får bil med større batteri. Eg ville ikkje ha vore så opptatt av å få 32A, men sjekk heller kva det kostar med trefase 16A. Sjølv har eg 16 A, som er passeleg for min bruk (køyrer rundt 20 000 km i året, berre heimelading).
2. Det er vel nesten ingen nye bilar igjen med type 1 no - eg ville ha gått for laus kabel, slik at du lett kan byta til type 2.
3. Begge deler er mogleg - det er eit prisspørsmål.
4. Eg har berre kjøpt via Møller - det kosta 5900 kroner for 16A Salto-ladeboks med montering og ein ny kurs, men det er nok dyrare no (pga. momsreglar etc.)
#2
Sitat fra: Griffel på mandag 28. august 2017, klokken 20:13
Sitat fra: RaBalder på søndag 27. august 2017, klokken 20:03
- Hva har størst sansynlighet for at noe går galt?
- Og i hvilket tilfelle bryter man loven "mest/minst"?


  • Å lade en elbil med vanlig stikk-kontakt
  • Legge seg konsekvent 10km/h over fartsgrensene når man kjører
  • Å lade en elbil med vanlig stikk-kontakt
Noe du gjør nesten hver natt mange timer mens du sover og ikke vet hva som skjer.

  • Legge seg konsekvent 10km/h over fartsgrensene når man kjører
Noe du gjør mens du er våken under en time i gjennomsnitt.

Det er nok farligst i trafikken men hvor mye farligere det er å kjøre 10km/t
over enn å holde farstgrensen er ikke godt å si.

For stikkontaklading straffes du kun om det går galt, og straffen er i de fleste tilfelle begrenset til konsekvensene.

For fart er nok sansynligheten for straff før det går galt mye større.

Dette er dessverre en livsfarlig misforståelse. Ulykkesrisikoen øker betydelig om hastigheten økes med 10km/t - husk at bilens kinetiske energi øker med kvadratet av hastigheten, og strekningen bilen går før du får tid til å reagere på en overraskelse eller hente inn en feilmanøver, øker også. Årlig omkommer det over 100 personer i trafikken her i landet, og en nedgang i gjennomsnittshatigheten ville ha spart mange liv årlig - se http://tsh.toi.no/doc660.htm

Jeg kan ikke se at det er noen som helst grunn til å sammenligne høy hastighet med uforsvarlig lading av elbil - begge deler gir økt risiko for  skade på liv og eiendom, og begge deler bør unngås.
#3
Lade hjemme / Sv: Hjemmeladdestasjon for Tesla + Leaf
fredag 25. august 2017, klokken 21:41
Eg vil anbefala å legga opp til at begge bilane kan vera plugga i heile tida, først og fremst fordi det er praktisk å sleppa å halda orden på kva bil som treng lading. Ville satsa på standard ladeboksar med enkel lastdeling - det er ikkje avskrekkande dyrt.

Ein annan fordel med dette er at begge bilane kan forhåndsoppvarmast - du treng ikkje sjekka om den bilen du skal bruka, er plugga i.

#4
e-up! / Sv: Erfaringer med e-Up?
torsdag 17. august 2017, klokken 13:16
Ladestyrke kan lett justerast i app - i trinn på 5A, 10A, 13A eller max. Max betyr at ladestasjonen/-kladden bestemmer, dvs. at du får opptil 16A.

Muligheten til å lada ved 5A er faktisk kjekk å ha ved lading på svakt elnett - gamal garasje, på hyttetur, etc - men sjølvsagt for lite til dagleg lading.

Dette gjeld berre AC-lading - hurtiglading blir ikkje påvirka.
#5
e-up! / Sv: Erfaringer med e-Up?
onsdag 09. august 2017, klokken 16:39
Dei fleste av oss er vel ikkje så interesserte i å måla 0-100 med tusendels nøyaktighet. E-up er ingen sportsbil. Men som alle elbilar er den rask ut av lyskryss, og den har også liten svingradius og er lett å parkera. Med andre ord ein super bybil.

På langtur har e-up tilstrekkeleg med krefter. Eg har køyrt både e-up og dieselbil med 150+ hk over div. fjellovergangar i sommar, og eg opplever at e-up er like frisk i fråsparket som dieselbilen.

Med andre ord: så lenge du køyrer lovleg, er e-up sprek nok også på langtur.

#6
e-up! / Sv: Erfaringer med e-Up?
onsdag 09. august 2017, klokken 07:19
For å koma tilbake til spørsmålet:
Eg har aldri køyrt e-up Bergen-Norheimsund eller Bergen-Voss, men eg har køyrt desse strekningane med andre bilar mange gonger og eg har køyrt mykje med e-up andre stader.

Bergen-Norheimsund er rundt 76 kilometer, med fartsgrense stort sett 70 eller lågare og ein del stigning. Det går fint med e-up både sommar og vinter. Bergen-Voss er 100 kilometer, som er problemfritt om sommaren. Med varmeapparat/aircon av går nok turen fint også om vinteren, om du forvarmar bilen, men då er du nok på grensa. Alternativt kan du ta 5-10 minutt på ein hurtigladar på Dale på dei aller kaldaste dagane.

Trikset om vinteren er å forvarma bilen, slik at du ikkje brukar av batterikapasiteten til oppvarming. Det kan gjerast frå car-net-appen.

Lange pausar undervegs brukar meir straum fordi bilen blir varma opp på nytt. Korte stopp har ingen betydning for rekkevidden.

Eg har brukt e-up til ein del langkøyring i sommar, med dagsetappar på 40-50 mil. Det går fint - bilen er grei å køyra og kjapp nok. Om sommaren pleier eg å ta ein ladestopp pr. ca. 100 kilometer, og då har eg ein del rekkevidde igjen.
#7
e-up! / Sv: ladetider e-up
søndag 06. august 2017, klokken 23:05
Hei!
YouTube-filmen i innlegget ditt samsvarar med mine erfaringar. Eg har ikkje notert detaljar, men ut frå siste faktura frå hurtigladeselskapet ser det ut til at ladehastigheten er rundt 40kW til batteriet er rundt 75% fullt. Så går det gradvis saktare, og over rundt 93 prosent går det seint. 40kW er maksimal ladehastighet for e-up (og for både gamal og oppgradert e-golf). I kuldegrader går det litt saktare. Eg har ikkje lada i kaldare temperatur enn -5, og då var ikkje hastigheten dramatisk lågare.

40kW gir deg 10kWh pr. kvarter. Bilen brukar typisk mellom 1,1 og 1,5kWh pr. mil, avhengig av hastighet og bruk av klimaanlegg (varme/kjøling). I det optimale området får du altså mellom 70 og 90 kilometer pr. kvarter med hurtiglading.

Basert på dette vil eg anta at hurtiglading frå 10 til 80 prosent vil ta rundt 15-16 minutt i normal temperatur og eit par minutt ekstra når temperaturen er rundt 0.

Med vanleg lading frå stikkontakt får du 10A, dvs. i praksis rundt 2kWh pr. time, dvs. mellom 13 og 18 kilometer pr. time med lading. Med dedikert ladeboks kan e-up lada med 16A, dvs. rundt 3,6kWh pr. time, altså mellom 25 og 30 kilometer pr. time med lading. Eg har ikkje observert at denne hastigheten er lågare når det er kaldt, men har ikkje sjekka nøye.

På offentlege type 2-ladepunkt kan e-up berre ta 16A, dvs. rundt 3,6kWh pr time.

Batteriet i e-up er sjølvsagt litt knapt, men med bruk av hurtiglading vil den bruken du skisserer, likevel gå fint.
#8
e-Golf / Sv: Trenger jeg fast ladeboks i garasjen?
torsdag 29. juni 2017, klokken 15:15
I følge elektrikaren som monterte min Salto-boks, krev forskriftene at elbillading på 16A står på kurs som er dimensjonert for 20A, for å ha margin ifht. varmgang etc. pga. kontinuerleg last. Dette er bakgrunnen for VWs tilbud på 16A boks med 20A kurs.

Med 16A kurs i garasjen vil eg tru det greiaste er å stilla ned strømstyrken i Salto-boksen - vil tippa 13A er OK.

Det er nyttig å ha eigen ladeboks med eigen ledning uansett strømstyrke - fint å sleppa å pakka ladekladd/ledning opp og ned kvar gong.
#9
Kan forøvrig anbefale å kjøre slik at du ikke trenger fotoboksvarsling - det er tryggest for både deg og for andre langs veien.
#10
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Fjelloverganger
søndag 04. juni 2017, klokken 00:28
Ser ut til å vera berre ein ladar i Eidfjord framleis, dessverre. Rart at ikkje kapasiteten blir utvida her - blir ofte kø her.

Eit alternativ er å køyra Haukelifjell - der er det tettare mellom ladarane, og dei fleste er doble. Men er rart og uheldig at kapasiteten i Eidfjord er så dårleg.
#11
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Fjelloverganger
lørdag 03. juni 2017, klokken 08:45
Har ikkje praktisk erfaring med e-up på den strekninga, men vil tru at det går fint i normal sommartemperatur, om du har lada opp til 95% i Eidfjord.

Har køyrt den same turen med e-golf (gamal type) og hadde god margin då eg kom til Geilo.

Google gir deg også svar: https://elbilforum.no/forum/index.php?topic=29595.145;wap2



#12
Jeg har e-up facelift. Lyd som skal varsle fotgjenger, er omtalt i instruksjonsboken, men jeg finner det ikke i menyene i bilen, heller ikke der instruksjonsboken sier den skal være. Tror ikke dette var en tilvalgsmulighet da jeg kjøpte bilen. Skal sjekka med Møller om dette er noe som kan aktivieres.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA