Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - HaraldVI

#1
Kjøpe elbil? / Sv: Erfaring etter prøvekjøring av Zoe, Leaf og Soul
lørdag 24. oktober 2015, klokken 18:53
Må nok innrømme at vrakkampanjen til Renault var sterkt medvirkande til å kjøpe Zoe, og med eit bruksmønster som passa godt til medfølgande god heimelading var problemet med IT-nett lik null.
Etter 10000 km er vi blitt veldig glad i bilen.  Godt utstyrt, kjapp og hittil feilfri.  Sjøl om det blir mest pendling og anna småkøyring, har vi også hatt to turar Sunnmøre-Bergen. 43 kW er kjekt å ha, og BKK i Hordaland sin prisprofil er flott for ein sunnmøring i Zoe: 1 kr pr. min er kjekkare enn 2,50 for DC-lading. (25-90% lading på Oppedal = 30 kr.)
Hurtiglading er forresten ikkje eit must med det bruksmønsteret dei fleste med elbil har pr. i dag, så vi ville vel ikkje nølt med å kjøpe 22kW-versjonen heller.  Det dukkar opp stadig fleire slike ladepunkt i kjøpesenter o.a., og mange av dei er gratis. Det er vel berre Tesla med ekstrautstyr som nærmar seg ladefarta til Zoe her?  Og om du må betale, skal for eksempel Grønn kontakt ha 10 kr for 17 min. (43-71%)
Konklusjon: 
Største fordel med Renault Zoe er etter mitt syn rask AC-lading. I tillegg er - som for dei andre bilane - varmepumpe, ryggekamera/-alarm, navigasjon, nøkkelfri, stort bagasjerom etc. kjekt å ha.
Mitt største ankepunkt er manglande DAB-radio, men det må det vel bli ei ordning på.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA