Takk for synspunkt!
No har me handla. Av omsyn til at bilen skal inn og ut av Bergen sentrum og at det på ein måte bør vera piggfrie dekk på ein miljøbil, gjer me eit nytt forsøk med piggfrie dekk på e-Golfen - sjølv om våre erfaringar tilseier at piggar er det som dugar best på vestlandsk vinterføre. Sidan det var Nokian som stod på bilen frå før, valde me no å testa det som framstod som det beste alternativet; testvinnaren Continental VikingContact 6.
Etter å ha vore innom fleire dekkforhandlarar for å få tilbod, kom det plutseleg ein massesendt e-post frå Møller Bil med informasjon om at dei hadde "supertilbud på vinterdekk til Volkswagen". Vel, eg må vedgå at eg ikkje hadde store trua på at Møller ville vera konkurransedyktige på pris, men eg valde å senda ein e-post og spørja om pris på Viking Contact. Og jammen kom ikkje Møller opp med lågaste tilbodet. Så no skal e-Golfen til Møller for å få nye dekk i morgon. Det kan vera eit tips til andre som tenkjer på å kjøpa dekk.