Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - prompt

#1
Leaf 2010-2017 / Sv: Reservasjon av nye Nissan Leaf 2018
torsdag 20. juli 2017, klokken 23:54
Då har eg betalt eit depositum på 10000,- for å kome meg på lista. Får kvittering om nokre dagar, og kanskje vite kor eg ligg an i køa? Kan få tilbake pengane når eg vil, så det er ein liten pris å betale.
#2
Kjøretips / Sv: Oslo - Førde med elbil tips?
fredag 14. oktober 2016, klokken 21:48
No treng eg råd frå de som har køyrt denne strekninga, og frå erfarne elbilistar generelt. Eg har ein leaf 2.gen, og skulle komt meg til Førde utan for mykje rekkjeviddeangst. Ladaren ved Håbakken er jo ikkje aktiv så då må eg finne ei alternativ rute. Det har jo blitt kaldare i lufta og eg bør vel få lagt om til vinterhjula eg fekk med bilen for første gong (pigg). Ser at det blir enten via Stryn eller Voss. Tid har eg nok av, men vil helst ikkje saktelade for mykje. Kva rute vil de anbefale?
#3
Rust / Sv: Rust på taket
onsdag 21. september 2016, klokken 16:06
Eg og har oppdaga ein liten rustflekk på taket. Kan sjå ut som det er steinsprut som har forårsaka det,men eg veit ikkje. Har ein sein 2013 modell som eg kjøpte brukt.
#4
Tusen takk for gode svar! Då får eg prøve meg på ein tur om ikkje så lenge, og det var ikkje meininga å kapre tråden.
#5
Kanskje litt off-topic, men eg tek sjansen. No som desse ladarane etterkvart kjem på plass, kan man kome seg frå Oslo til Førde med ein leaf 2.generasjon 24kw? Skulle ha frakta ein bil over  8)
#6
Leaf 2010-2017 / Sv: Pris på Leaf Tekna 2014
mandag 30. mai 2016, klokken 15:50
Eg fekk kjøpt ein sein 2013, norsk 2.generasjon svart Tekna for 157.000,- pluss omreg. Gått 39000. Då er vel din pris ikkje så altfor verst etter mi meining.
#7
Eg har vore på Rustadsaga nokre gongar i det siste, men det har vore på dagtid. Både i kvardagane og søndag med turrush. Det var ledig ladepunkt kvar gong eg var der, og i vekedagane var det så og seie heilt tomt. Det er den nye typen ladestasjon der. Kunne sjølv tenkt meg leilegheit der, men eksen vil diverre halde seg i byen, og mor bestemmer :)
#8
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Gøy på landet
tirsdag 26. april 2016, klokken 16:48
Takk for god informasjon og lenkjer. Vi i styret held på å finne ut korleis vi skal få etablert ladepunkt til dei som er interessert, kor eg er ein av dei.

Var Lysteknikk den leverandøren som ga best pris og service? Greit for meg å vite slik at eg slepp ei anbodsrunde, men heller kan kontakte dei direkte.
#9
Kjøpe elbil? / Sv: Kjøpe ny Leaf 2016 eller 2015
fredag 18. september 2015, klokken 14:13
Etter det eg les av svar så vil eg nok vente litt til med eit kjøp, eventuelt prøve meg på litt pruting. Som Olemann skriv, det vil nok kome ein del ekstra brukte på markedet no framover.

Og eg ser den at ei auke av rekkjevidde har mykje å seie for dei som har hytter eller pendlar. Hyttene som eg har tilgong til ligg 70 mil unna, så det blir nok ei stund før eg kan køyre elektrisk dit innanfor mitt budsjett :) Mine turar blir i hovudsak levering og henting i barnehagen, samt til og frå jobb. Ikkje meir enn 10-15km om dagen.

Eg er takksam for gode råd her. Rett og slett eit hyggeleg forum å bli kjend med.
#10
Kjøpe elbil? / Sv: Kjøpe ny Leaf 2016 eller 2015
fredag 18. september 2015, klokken 12:22
Den du linka til på finn var jo ganske fornuftig prislagt. Den skal eg seriøst vurdere,  sjølv om kvit bil ikkje er heilt i mi gate  :) Det er jo snakk om 60'-70' tusen mindre enn ein ny. Kunne jo kanskje ha pruta litt på dei litt nyare som er i Oslo, men eg er diverre elendig til akkurat det.

Amerikansk import har eg vurdert, men premium modellane kostar jo rundt 169'-179', og då går eg heller for ein norsk bil. Verdifall kan jo vere større der sidan mange kanskje er meir skeptisk til import, meg sjølv inkludert.

Og ein heilt ny 2016 hadde jo vore topp, men eg tykkjer det er for lite ekstra rekkevidde til at det skal kunne rettferdiggjere eit eventuelt kjøp.
#11
Kjøpe elbil? / Sv: Kjøpe ny Leaf 2016 eller 2015
fredag 18. september 2015, klokken 10:52
Eg tenkjer nok å ha den så lenge eg bur i Oslo, som iallfall blir 5-6 år til, om ikkje lengre. Eventuelt vil eg bytte den ut med ein hybrid i framtida når dei kjem med betre batteri. Takk for svar forresten.
#12
Kjøpe elbil? / Kjøpe ny Leaf 2016 eller 2015
fredag 18. september 2015, klokken 08:54
Eg er ganske ny i bilverda, og har egentleg aldri hatt noko behov for bil før no. Sidan 2016 modellen blei lansert har jo prisane på 2015 modellane gått endå meir ned fram til 30.9 inkludert kampanjen ned straum frå Fortum, vinterhjul, etc. Eller tek eg feil der?

Sjølv om det freistar med større batteri er jo prisen på ein ny Nordic eller Tekna med 6,6kw veldig god no. Bilen vil hovudsakleg bli brukt til køyring mellom Gamlebyen og Nordstrand,samt ein tur til Moss i ny og ne.

Ein anna fordel er tilbodet om leigebil i 20 dagar då eg får meg nokre turar til vestlandet litt rimelegare enn vanleg.

Så kva trur de som er kyndige når det kjem til elbil? Vil det vere mest lønsamt med 2015, eller trur de bruktprisen på den vil gå på ein smell når 30kw blir lansert? Eg er ikkje skeptisk til å kjøpe brukt heller viss det blir anbefalt.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA