Eg har også fått melding om oljeskift i display på eGolf. Melding kom på 13000 med "nedtelling" til oljeskift på 15000. Sidan eg bur eit stykke unna, ringde eg forhandler/merkeverkstad. Fekk beskjed om serviceintervallet måtte omprogrammerast. Kunne "svinge innom" verkstaden ein gong eg hadde anna erend i Førde, for å endre intervall. Passerer snart 15000 (bil ny medio august-15), og tenkte å sjå om det kjem andre meldingar ved passering av intervall. Nokon som har 0-stilt intervall sjølv, feks same metode som e-Up??