Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Jørn_80

#1
Kia Soul EV / Sv: Pessimistisk rekkeviddeberegning?
onsdag 04. mai 2016, klokken 10:11
Bur sjølv på Søreide nær Flesland og er av og til på Stord (Heiane). Tur-retur er ikkje noko problem ved fullt opplada batteri ved start. Vil tru at dersom du bur på Moster så burde det gå veldig fint. Dersom du held til på Svortland så må du moglegeins legge inn ein liten ladestopp ved McDonalds på Heiane på veg heim.

Har ein kollega som henta sin Soul i Bergen i desember. Når han kom heim til Svortland var det 40-45% batteri att (han hugsar ikkje heilt). Dette var vinterstid.
#2
Nokon som kjenner pris på gitteret?
#3
Kia Soul EV / Sv: omlegging av dekk
mandag 26. oktober 2015, klokken 10:15
Må plutselig på jobbreise og kona treng vintersko på Soulen. Har prøvd å få time for skifte av dekk hos Kia forhandlar - uten hell.
Ser difor ut til at Biltemas saksejekk vert løysninga. Har frå før hydraulisk jekk - men litt skeptisk til å bruke denne då eg ikkje har kikka under bilen enda.

Spørsmålet er då om saksejekken frå Biltema fungerer fint - eller om det er fare for deformering av kanal/jekkepunkt.
Er det gode jekkepunkter under bilen for vanlig hydraulisk jekk?
Kan alle dekkforhandlerar bytte dekk på Soul EV - eller er det fare for manglande kunnskap der? Sikkert eit dumt spørsmål - men har ikkje lyst å skade/lage merker på nyebilen.
#4
Kia Soul EV / Sv: Montere "Bumper protector film"
søndag 16. august 2015, klokken 09:42
Betalte rundt 550kr his Kia forhandler for filmen. Den kjem i 3 deler og skal monterast på bakfangaren. Monterte førre helg. Enkelt å montere - men under føning/varmebehandling så dukka det opp et par små bobler som ikkje har forsvunnet.
#5
Kia Soul EV / Sv: Problematisk kladd?
torsdag 06. august 2015, klokken 13:03
I går måtte eg ha tre forsøk med støpselet inn og ut før ladinga starta. Dei to første fekk eg feilmelding.
Bilen er berre 14 dagar gamal. Kia burde ha bytta kladden før ulevering dersom dette er ein kjent feil.
Skal lade på ny plass ila helga for å være heilt sikker på at det ikkje er hos meg feilen ligg.
Mogleg det vert eit besøk til forhandlaren over helga.
Takk for god hjelp.
#6
Kia Soul EV / Problematisk kladd?
onsdag 05. august 2015, klokken 14:29
Når Soulen skal ladast i oppkjørsel via schuko så får eg alltid feil på kladden.
Koplar først til veggen. Kladden lyser - for så å komme opp med raudt lys etter nokre sekundar.
Løyser dette ved å kople til bilen, for så å dra ut og sette inn att støpselet i veggen.
Då ladar den.
Ut frå manualen så skal det ikkje være slik.

Dette er ein 16A kurs som også går til andre kontaktar (bod).
Opplevde det samme når eg prøvde å lade på jobb (dedikert uttak for elbil).
Andre som har samme problemet? Nokon som har ei formeining om kva dette kan skuldast?

#7
Kia Soul EV / Sv: Montere "Bumper protector film"
torsdag 30. juli 2015, klokken 16:16
Supert! Takk for hjelpa.
#8
Kia Soul EV / Montere "Bumper protector film"
onsdag 29. juli 2015, klokken 10:11
Fekk vår Soul førre onsdag. Veldig nøgd!
Ser at det kan være smart å montere beskyttelsesfilm på bakfangeren FØR første ripa kjem.
Har handla film hos Kia, og tenkte at dette fiksar eg lett sjølv.

Ser i instruksjonen som fulgte med at ein skal bruke sprayflaske med vatn og såpe under installasjon.  Nokon som har erfaring med dette og gjort dette før? Tips til kva såpe ein bør blande i vatnet? Er dette ein enkel sak - eller bør eg krype til korset og besøke verkstaden?
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA