Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - solgave

#1
Kjøpe elbil? / Billig- evt investeringsbil for student Oslo-Ås
tirsdag 28. april 2015, klokken 21:01
Hei!

Eg er ein student som vurderer å kjøpa elbil for å pendla til Ås. I tillegg er det praktisk å ha bil for å køyra til familie i Fredrikstad, Bærum og Trysil, samt IKEA-handling, jobb etc. Likevel: studentar har ikkje allverdas pengar, og det er hovudgrunnen til at eg vurderer elbil og ikkje noko anna. Bompengar er kanskje den viktigaste grunnen, men bensin er óg dyrt og eg vil gjerne kunne leva så miljøvennleg som mogleg trass i at eg farter mykje rundt i Oslo-området.

Eg tenker slik at eg enten må kjøpa ein ikkje så dyr bruktbil som kan halda nokre år og som kan ta meg ut til Ås og heim (iallfall). Men det hadde óg kanskje vore ein idé å investera litt i ein bil som eg eventuelt kan selga vidare om nokre år. Til å vera student har eg ein grei økonomi, og bilen vil bli godt brukt. Likevel er eg veldig redd for å brenna meg på feil val eller at bilen skal bli håplaus etter nokre år pga. batteriet. Difor har eg gjerne lyst på litt anbefalingar frå dykk, ettersom eg sjølv ikkje har særlig peil på bil.

Viktig:
- Kan ta meg eit lite stykke (40km+, gjerne eit godt stykke lengre)
- Funker bra på motorveg
- Økonomisk smart val (max 200k, helst mykje mindre)
- Lett å lada på ladestasjon i gata og på NMBU
- Viss bilen er dyr: noko som kan selgast til ein grei penge om nokre år

Ikkje viktig:
- Plass i bilen (men må vera to seter, helst meir)
- Fancy merke og slikt
- Duppedittar (ryggesensor og slikt)

Kor mykje må ein forventa i månadskostnader på ein elbil?
Korleis blir det å investera i ein elbil (max 200,000) om eg vil selga om 2-5 år?
Er det nokon av dei billegare elbilane å anbefala som har ei rekkevidde på det eg treng?

Andre tankar blir óg tatt veldig godt imot!
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA