Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - toreanderson

#1
Kjøpte meg ein pose med 50 naglar frå AliExpress til US$2,65 inkl. frakt.

https://www.aliexpress.com/item/9mm-Hole-50pcs-Auto-Car-Parts-Panel-Trim-Clips-Plastic-Rivet-Fastener-Black-Free-shipping/32627830974.html

Satt bra dei, knapt mogleg å sjå forskjell på desse og dei originale.
#2
Tok 3-års service og EU-kontroll på min 2014 Peugeot iOn ved Bertel O. Steen Økern her om dagen, etter drygt 25.000 køyrde km.

Service og verkstadmateriell (utan skift av pollenfilter) kom på kr 1.298,-; EU-kontrollen på kr 350,-. Har 6% rabatt bakt inn i kredittkortet mitt, så det kosta meg totalt kr 1.549,12.

Nytt pollenfilter bestilte eg frå eBay (http://r.ebay.com/ihJazN) til €27,90 (kr 267,04) inkl. frakt.
#3
Er det 8 eller 9 mm diameter som er korrekt storleik?

Nokre av desse naglane på min iOn er delvis øydelagde pga. at eg har vore borti ting, men dei gjer fortsatt nytte for seg så eg vil helst ikkje plukke dei ut før eg har korrekt erstatningar klare. Og då vert det vanskeleg å måle.
#4
Min 2014 iOn hugsar ikkje min preferanse for Bluetooth input, den startar alltid med FM-radio. Det kan kanskje ha ein samanheng med at det tek nokre sekund før Bluetooth-forbindinga kjem opp, men det er jo litt irriterande å møtte høyre på den FM-skurringa, vente til forbindinga kjem opp, før eg manuelt byttar til Bluetooth input.

Skulle gjerne ha sett at den i staden stod på Bluetooth heile tida, og at det er stille så lenge det ikkje er noko aktiv Bluetooth-forbinding. Er det mogleg å få til på noko vis, tru?

Ser det er mogleg å oppgradere programvara via USB-stikke, er det nokon som har gjort det og er det i så fall nokre endringar i funksjonalitet?

Ein relatert ting eg undrast på er om antenna på taket vil noko funksjon etter at FM-nettet vert sløkt, eller om den like greit kan fjernast?
#5
Dette vart førstesidestoff i Vestnes  ;D
#6
BOS Økern ordna nye bremseskiver på fabrikkgarantien til min 2014 iOn ved 2. årsservice. Bilen hadde då gått drygt 15000km, og bremsene hadde utvikla ein subbelyd pga. rust/korrosjon.
#7
Tok 2. års service på min iOn hos Bertel O. Steen på Økern. Skifta ikkje kupéfilter. Fekk i same slengen forbremsene skifta på fabrikkgarantien (dei hadde utvikla subbelydar grunna korrosjon).

Total pris avtalt på førehand var kr 3.918,- men det vart av ein eller anna grunn utregna i kassa til kr 3.917,- i staden.

I tillegg betalte eg med Ikano Visa-kredittkort (sjå http://ikanovisa.no/rabattprogrammet/maanedsrabatter/oktober) og fekk dermed 6% rabatt. Servicen endte altså opp med å koste meg kr 3.681,98 alt i alt.
#9
Elbilen i Samfunnet / Sv: Elbilsalget måned for måned
søndag 05. juni 2016, klokken 10:57
Takk for veldig interessant statistikk, MrBacardi! Keep up the good work!

Det er ein ting eg ikkje heilt skjønar, dog:

Sitat fra: MrBacardi
Her er førstegangsregistreringer i Norge for mai:

507   Nissan   Leaf   (3140)
Sitat fra: MrBacardi
Her er førstegangsregistreringer i Norge så langt nå i juni (pr 4. juni):

53   Nissan   Leaf   (3140)
Sitat fra: MrBacardi
Tallene i parentes er hittil registrerte i år av gitt modell

Om det var 3140 Leaf registrert pr. mai, og 53 så langt i juni, burde ikkje då talet i parantes for juni ha vore 3193?

Kor hentar du forresten rådataene dine frå? Klarte ikkje å finne dei på http://www.vegvesen.no/. Eg kunne gjerne ha tenkt meg å sjølv lage å lage liknande statistikkar, f.eks. for å finne ut modell-samansetninga av elbilparken totalt sett, eller antalet nyregistreringar på så langt i året i staden for månad for månad.
#10
Sitat fra: Dag Jørgensen på onsdag 01. juni 2016, klokken 08:44
Jeg observerte flere som allikevel tok sjansen.

Slik har det vore heilt sidan dei noværande underskilta vart sett opp. Køyrer der dagleg, og av dei som tek seg til rette og køyrer i kollektivfeltet har elbilane vore dramatisk overrepresentert. Dessverre.
#11
Forespurde nettopp prisar på 1. år / 20.000km-service av ein 2014 Peugeot iOn utan skifte av pollenfilter:

Andresen Bil Ski: 1898,-
Bertel O. Steen Økern: 2040,-
Holmlia Bilverksted: ca. 2500,-
Mekonomen Storo (Nordhagen Bil): 3000,-

Spurde òg Snapdrive, men dei kunne visst ikkje utføre service på el-bilar.

Det var ingen uteståande fabrikkaksjonar eller innkallingar bilen min.

Dei to merkeverkstadene er altså dei rimelegaste, overraskande nok.

Andresen kunne forøvrig informere om at skifte av pollenfilter kom på 941,- (803,- for sjølve filteret, 138,- for jobben). Eg bestilte meg eit filter frå http://www.ebay.com/itm/331377729858 for GBP 25,58 inkl. frakt (så greit under MVA-fritaksgrensa) i staden og byttar det sjølv.
#12
Det har blitt skrive mange artiklar i det siste om at nullutsleppsbilane kanskje vil miste tilgongen til kollektivfeltet, iallfall på utsette strekningar der kollektivtrafikken slit med å kome fram. Og ifølge http://elbil.no/nyheter/elbilpolitikk/3543-den-nye-elbilpolitikken-enkelt-forklart så vil rejeringa no leggje om politikken på dette området:

Sitat5. Det igangsettes en prosess som gir lokale myndigheter frihet til [...] innføring av begrensninger dersom nullutslippsbilene hindrer kollektivtrafikkens fremkommelighet.

Inntrykket ein sit att med er altså at dette er ny politikk.

Det eg ikkje skjønar, er korleis det då kan ha seg at kollektivfelt-skilta i Dronning Eufemias gate i Oslo har allereie i lang tid hatt underskilt der det står at dei ikkje gjeld elbilar. Med andre ord, om det allereie har vore høve å skilte slik ved behov, kvifor treng ein ny politikk på området? Eller, om det ikkje har vore høve å skilte slik fram til no, kven sette opp desse skilta i Dronning Eufemias gate og korleis vart denne beslutninga forankra juridisk?
#13
Eg har nettopp bestilt meg ein iOn av Andresen Bil i Ski, med levering mot slutten av månaden. Selgaren min (Vedran Dulic) sa at dei fekk inn ca. ti bilar til i litt forskjellige fargar i løpet av oktober som enno ikkje var seld (dette var for ei vekes tid sidan). Ellers sleit eg med å finne nokon forhandlar i Oslo-området som kunne levere ein trilling før tidlegast i desember.

Tore
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA