Dette liknar på eldre kontaktar vi har på TN-anlegg i Rogaland. Det vil i så fall vera 3 fasar og null. 400 volt mellom fasane og 240 mellom fase og null. I gamle dagar nytta ein null som jord mens ein på kontaktane i dag har jord og null separat og difor 5 pinnar i staden for 4. Om ein i ein overgang kan splitta 4-pins null til 5-pins null+jord får andre svara på.