Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - latigo

#1
Model S / Sv: Sugekoppfester glasstak?
tirsdag 01. august 2017, klokken 14:36
Nokon som har testa desse: http://www.easystrap.com/Shop/outdoor-kits/roof-rack-kit.aspx ?

Ser ut til å kunne feste i alle fall ein skipose med 2 par ski per sånn "kit". Og kan kjøpe mange "kit" for prisen av det kajakstativet til vsport. Men sykkel er det vel verre med.

#2
Lading av Tesla / Forfall på superladarar?
fredag 09. juni 2017, klokken 08:48
Det er stadig foto av kablar som ikkje heng saman, delvis smelta kontaktar etc på forum og fb. Førre helg var 2 ladarar straumlause og ein hadde delvis smelta kontakt (eg har meldt ifrå til Tesla) i Grong. Eg kjører ofte i nærheiten av Stjørdal og ser stadig "reduced service" i navigasjonen der. I Grong var det ingen andre bilar, så eg kunne bruke den 3. ladaren eg prøvde, men eg begynner å få litt ladeangst før sommarferien: Held superladarane på å ramle saman?
#3
Model S / Sv: 75 d slår nedi fartsdumper
fredag 19. mai 2017, klokken 13:46
Sitat fra: MyMuffin på mandag 03. april 2017, klokken 08:16
Nå har jeg gjort litt rask info søking og det virker som at nyere biler har lavere klaring.

Dagens modeller med stålfjærer har 134mm klaring

Når jeg kjøpte bilen min (2014 modell) så var de oppgitt med 152.4mm (6 inches) klaring.

Dette forklarer også min erfaring med loaner for noen uker siden, da denne fremstod som vesentlig lavere enn min.

70D November 2015 med stålfjærer: 144 mm bakkeklaring iflg. manualen (har ikkje målt "i felt"). Eg blei overbevist då eg fann ut at dette berre var 1mm lågare enn standard VW passat. Har heller ikkje subba noko særleg
#4
Eg synest de overdriver litt skuldingane om å ikkje vere "redelege". Det er vel barnelærdom at batterier blir dårlegare av mellom anna mykje hurtiglading? Softwaren passar på batteriet og tar høgde for dette for å gjere det beste utav det. Eller? Eg meiner bestemt eg har sett ein tilstandsrapport som Nissan utarbeider for sine el-bilar (men finn ingen døme på finn akkurat no) der ein av parametrane var om batteriet har blitt hurtiglada "mykje" eller ikkje. Det òg er jo sikkert for forenkla for nokon (dei fleste her inne), men det kunne jo vore ein idé at Tesla gav slike rapportar ved service? Kanskje Tesla istaden gir ei melding på skjermen når du har hurtiglada for mykje med tilråding om å software-begrense farta - med moglegheit for å avslå av typen "no I want my mommy"-meldinga for ludicrus +? Dette ordnar seg sikkert, folkens :)
#5
Lading av Tesla / Sv: Chademolading på Fortum fungerer ikke
fredag 28. april 2017, klokken 11:02
Det ser ut som eg er den einaste i verda med dette problemet, og eg begynner å forstå kvifor. Idag testa eg med fleire bilar og adaptarar hos Tesla og det var berre kombinasjonen Eldre effacec-ladar/2015-modell bil/kliss ny adapter som ikkje funka. Alle andre kombinasjonar funka fint  :o .  (Vi testa to "box fresh"-adaptarar). Eg fikk byte i ein eldre modell adaptar og seier meg nøgd med det. Så kan eg forhåpentlegvis stole på chademo framover. Seelonce Feenee 
#6
Lading av Tesla / Sv: Chademolading på Fortum fungerer ikke
mandag 24. april 2017, klokken 09:18
Eg har "forska" litt meir på dette og ser at det er ladarar av typen til venstre på biletet eg ikkje får til å funke. På avsidesliggande plassar er det gjerne berre ein ladar, som er av denne typen. Typen til høgre (og ein annan type som og har skjermen forran) fungerer heilt fint. Eg er i dialog med Tesla.

Edit: Tesla har svara: "dette er en bug i firmeware der det vil komme en oppdatering på etter hvert som vil fikse dette [...] eksakt dato på det har vi dessverre ikke. Det har en sammenheng med laderene til Efacec og Chademo adapteret ditt."

Hææ!?!  :o  :-\
#7
Lading av Tesla / Sv: Chademolading på Fortum fungerer ikke
torsdag 20. april 2017, klokken 10:50
Sitat fra: Nuvolari på torsdag 20. april 2017, klokken 08:25
Men prøvde du å sette å sette adapteret i bilen først slik jeg beskriver over?
Ja. Same story.
#8
Lading av Tesla / Sv: Chademolading på Fortum fungerer ikke
torsdag 20. april 2017, klokken 06:21
I påska har eg prøvd eit ny-innkjøpt chademo-adapter på totalt 5 ulike Fortum-ladestasjonar. På 3 av dei fikk eg ikkje lada. På ein stasjon ringte eg Fortum, som ikkje kunne sjå nokon feil på ladaren: dei både restarta den og starta lading "sentralt" utan at det hjelpte. Bilen rapporterer "Chademo charging issue" eller liknande og ladaren seier "feil med bilen". Eg ringte òg tesla roadside service som meinte det måtte vere noko feil med ladaren og kunne gjere lite anna enn å ønskjer meg lukke til vidare. Eg trur det må må vere noko feil med adapteret. Ref til forslag til løysing i denne tråden, så står det i manualen at "steg 2 og 3 kan byttes om" (kobling av adapter i bil eller ladar først), så trur ikkje det er problemet.

Det kan sjå ut som om dei 2 ladarane der eg har klart å lade er litt nyare, altså har nyare brukargrensesnitt (skjerm foran, ikkje på sida) etc. Eg gjer tydlelegvis noko rett ettersom eg klarer å lade nokre plassar.

I manualen står det at adapterert kan trenge firmware-oppdatering dersom den ikkje fungerer med enkelte ladarar og at det er tesla service som ordnar dette. Eg spurte Tesla service om dette og dei svara med å kalle meg inn på verkstad-time om 14 dagar.

Men er det verkeleg nødvending? Kva meiner internett-ekspertisen? Kva er trikset?
#9
Model S / Sv: Bremseservice
tirsdag 11. april 2017, klokken 09:52
Sitat fra: Muffinman på mandag 10. april 2017, klokken 19:31
Da må du i så fall ta ut klossene og lese av delenummeret på dem. Og sammenligne med delenummer på nyeste klosser. Enklest å sjekke med Tesla ;)
...så får du samtidig utlevert klistremerke med "muffin-approved breaks".  ;) Its true...
#10
Model S / Sv: Bremseservice
søndag 09. april 2017, klokken 09:01
Sitat fra: Muffinman på lørdag 08. april 2017, klokken 17:44
Vet ikke, men bremseklossene fikk du byttet fordi det var kommet en ny versjon siden bilen var ny som faktisk fungerer slik de skal under norske forhold. Ikke fordi de var slitt.
Så dei funkar i all slags vér no, altså?  :)
#11
Lading av Tesla / Sv: Erfaringer med Gardermoen Parkering?
lørdag 08. april 2017, klokken 16:57
du har sett denne tråden? Viss det er her du tenkte på.

http://elbilforum.no/forum/index.php/topic,23320.0.html

#12
Model S / Sv: Bekymring: månedsvis ventetid på servicesentrene
lørdag 08. april 2017, klokken 16:53
Ja, meir på emnet: Dei ringte frå Trondheim service i mars og lurte på om eg ville framskynde avtalen til førstkommande helg. Dei skulle jobbe i helga for "å ta unna litt kø". Så bra innsats, håper det varar.
#13
Model S / Sv: Bremseservice
lørdag 08. april 2017, klokken 16:49
Eg kjøpte serviceplan i november 2015, og både på 20k- og 40k-service stod det "bremseservice inkludert i serviceplan" elns. Bremseklossar blei bytta på 40k utan ekstra kostnad. Er det ulikt utifrå når ein kjøpte serviceplan, eller er det ulik praksis?
#14
Model S / Sv: Bekymring: månedsvis ventetid på servicesentrene
lørdag 08. april 2017, klokken 13:15
Eg ville berre nemne at Trondheim verkeleg har stramma opp sjappa. 20k-service september 2016: Leverte bilen inn og ingen aaaante når den kunne bli ferdig. Lang kø, serru. Mailen eg hadde sendt om litt småplukk eg ville dei skulle sjå på hadde dei ikkje sett. 40k-service april 2017: eg fikk på førehand raske og gode svar på mail eg sendte om diverse, og blei oppringt dagen før for å gå igjennom jobben (for å spare tid ved levering, sa kisen) og jobben blei utført mellom 0800 og 1200 som indikert. Badabim-badabom (som det forsåvidt burde vere)!
#15
Model S / Sv: Bekymring: månedsvis ventetid på servicesentrene
tirsdag 28. februar 2017, klokken 17:55
ikkje heilt på stell i Trondheim enno: Eg har 40k-service rett før påske (bestilt i desember), men ser eg ikkje når 40kkm før etter påskeferien. Så eg spurte om det gikk an å utsette til rett over påske istaden. Nei, første moglegheit blei isåfall juni. Never mind.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA