Vi har 230V IT nett og tenkjer å få lagt opp ein 32A kurs for Tesla-lading (levering i slutten av juni ) Vi har garasje i eit garasjeanlegg, men den ligg litt unna huset vårt og har kun 16A tilgjengelig (felles strøm). Vi kjem nok for det meste til å stå parkert i vegen rett utanfor der vi bur. Problemet er at det er ein liten hage mellom huset og vegen slik at ein eventuell blå kontakt på husveggen vil kreve skøyteledning for lading med UMC.
Det hadde derfor vore betre med ein 32A blå kontakt på ein ladestolpe rett ved vegen der ein kan koble til UMC utan skøyt. Aller helst noko som toler norsk klima og med moglegheit for å låse inne kabelen. Eg ser garo har type2 ladestolpar, men ser ikkje heilt poenget med å bruke pengar på noko som verken ser pent ut eller gjer ladinga meir effektiv. Tanken er å bruke UMC på 32A einfase til noko som zaptec blir tilgjengeleg:
Eg har derfor tenkt å høyre med elektriker om det kan vere aktuelt å sette opp eit 32A trefase stikk inne i ei slik postkasse Då kan eg grave ned kabelen og trekke den rett inn i kassa. I tillegg får ein plass til UMC kladden inne i skapet (med eit jkirkebo-adapter til einfase), samt det som måtte vere av overflødig kabel. I tillegg kan ein sette opp eit dummy type2 stikk på utsida for å plugge inn Tesla-pluggen når den ikkje er i bruk. Dessutan er det plass til å evt. montere ein 230V til 400V transformator fra zaptec der inne seinare.
Skapet er nok i største laget og kanskje ikkje det enklaste å jobbe i (døra på baksida er ikkje enorm akkurat), men eg trur dette kan bli ei billig og bra løysing. Spørsmålet er vel om elektriker har lyst til å feste eit uttak der inne.. Nokon som allereie har funne ei god løysing på dette?