Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - arnkl

#1
Sitat fra: Mulig_elbil på torsdag 26. oktober 2017, klokken 20:52

Takk for svar.
Arnkl, hvilke problemer/deler ble skiftet ut eller ordnet opp i?

20k: Har ikkje "Service invoice" for denne, men eg veit at ein del kjente problemkomponenetar vart skifta på denne servicen.

40k: Skifta bremser til "Cold Weater pacage". Rattstamme skifta på grunn av fuktinntrenging.

60k: Vinduspylarmotor, Skifta positiv 12V terminal (korroderte på tidlige bilar), Ladeport og "High Voltage Junction box" (Dette er noko dei bytta etter brannen ved Brokelandsheia SuC).

70k: Skifta dekktrykkmålarsystem. Det gamle tålte ikkje norsk saltsørpe og antenna feila og drog med seg heile CANBUS. Dette er einaste gong eg har måtta hatt bilen på verkstad utanom planlagte scervicebesøk. Ein kan sjekke om dett er bytta ved å sjå om bilen kan vise trykket ved kvart hjul. Det kunne ikkje det gamle.

80k: Drive Unit. Også ein del som før eller seinare vil feile på alle tidlege Model S. Men med 8 års garanti på batteri og DU, så treng ein ikkje vere redd for å kjøpe ein Model s der denne enno ikkje er skifta.

100k: Ingenting gjort utanom vanleg service

120k: Recall på parkbremsekalippere, så dei vart skifta.
#2
Sitat fra: Ingeniøren på fredag 27. oktober 2017, klokken 08:07
5 års reklamasjon gjelder i Norge så man kan egentlig se bort fra fabrikk garanti, selv om garanti ofte er enklere å forholde seg til.

Reklamasjonsretten gjeld ikkje typiske slitedeler. Eg tviler på at eg kunne ha reklamert på bremseskiver og bremseklossar etter 135 000 km :) Men ryk 17" skjermen så er det naturlegvis reklamasjon.

Men det einaste som er skifta på min bil mellom 80 000 km (då DU vart skifta) og 135 000 km er parkbremsekalippere. Dei var det ein recall på, så eg betalte ikkje noko sjølv om bilen på det tidspunkt var køyrt ca. 125 000 km.

Eg trur at om ein kjøper ein 2013-1015 Model S som har køyrt opp mot 100 000 km og vore regelmessig på service så vil dei fleste barnesjukdomane alt ha blitt utbedra.

For ei stund sidan las eg også på ei av facebookgruppene at Stjørdal Taxi hadde fleire Model S som var køyrt rundt 200 000 km, og reperasjonsutgiftene var moderate. (Bytte av bremseskiver og stabilisatorstag om eg hugsa rett.)

#3
Om ein ser på Consumer Report undersøkingane så har Model S gått frå "below average" for 2014-2015 modellane, til average for 2016 og no nyleg til "above average" for 2017. Det gir ein indikasjon.

Sjølv har eg ein 2014 modell, som har skifta litt forskjellig frå den var ny til ca. 80 000 km. Men har no køyrt 135 000 km og har ikkje brukt ei krone på reperasjonar, sjølv om garantien for lengst er ute.

Så viss dei vanlege problemkomponentane på dei tidlege modellane er skifta så ville eg ikkje vore redd for fleire feil på ein brukt Model.S enn for tilsvarande bruktbilar av andre merker.
#4
Tesla / Sv: Tesla-avgift fra 2018
onsdag 11. oktober 2017, klokken 21:03
Eg trur neppe dette går gjennom Stortinget. Venstre vil stoppe det.

Berre sjå på lista over dei mestselgande bilane. Dei bilane som ikkje er elbilar er stort sett SUV-er, som Model X førebels er einaste alternativ til.

Eg har sørga for å twitre lista til sentrale Venstrepolitikarar :-)

#5
Elbiler i media / Sv: Brann i hybridbil
onsdag 11. oktober 2017, klokken 18:55
Er det nokon som klarar å sjå kva bilmodell det er? Er den ein ladbar eller ikkje-ladbar hybrid?
#6
Lading av Tesla / Sv: Detektivarbeid: Finne fremtidige Superchargers?
tirsdag 10. oktober 2017, klokken 00:11
Sitat fra: zendar på mandag 09. oktober 2017, klokken 13:09
Er det noen som har hørt noe angående utbygging i Bergen? Begynner å bli veldig trangt om de 6 plassene på Haukås nå. Spesielt forrige torsdag når den ene ikke fungerte.

Tesla har då byggd ut to superladarar som passar godt for folk i bergensområdet. Det er Lavik og Nordheimsund. Eg har no ikkje lenger behov for å lade på Haukås, uansett kvar eg skal eller kjem frå.

Dekninga rundt bergen er no så god at Tesla burde gjort Haukås om til ein "urban superladar" og teke 1,40 kr/kWh for lading der. Då kunne den fungert som "nødladar" for folk som verkeleg treng rask lading nær Bergen sentrum.
#7
Elbilen i Samfunnet / Sv: Elbilsalget måned for måned
søndag 01. oktober 2017, klokken 20:38
@Lepet65

Vi må vente til OFV offentleggjer registreringsstatistikken for september. Sannsynlegvis kjem den i morgon.
#8
Kjøpe elbil? / Sv: Elbilfordeler revideres i 2018
lørdag 30. september 2017, klokken 14:47
Mva-fritaket skal vare til 2020.
#9
Elbilen i Samfunnet / Sv: Elbilsalget måned for måned
onsdag 27. september 2017, klokken 15:35
Sitat fra: doldis1 på lørdag 23. september 2017, klokken 16:37
Sept. ender på 4100 elbiler ? , nest beste mnd. så langt ?

3961 bilar registrert så langt. Så talet for August er passert, og ein endar nok ikkje så veldig langt unna rekorden frå juni.

Tesla har no også passert registreringsrekorden i mars 2014.
#10
Elbilen i Samfunnet / Sv: Elbilister er ikke interessert i bil?
onsdag 27. september 2017, klokken 15:30
Sitat fra: jkirkebo på onsdag 27. september 2017, klokken 14:36
Noen har forbud mot sko (!) i bilen samt alt av mat og drikke, noen fyller den full med sementsekker og juletrær. Osv. ;)

Eg er definitivt i siste gruppe. Har hatt mange turar til gjenbruksstasjonen med bilen fylt opp med rusk og rask. Det er utruleg kor mykje ein får plass til i bilen når bakseta er lagt ned. For meg er bil ein bruksgjenstand og ikkje ein pyntegjenstand.
#11
Elbilen i Samfunnet / Sv: Elbilsalget måned for måned
mandag 18. september 2017, klokken 13:39
Topp 5 (inkludert eksosbilar, men ikkje inkludert "bruktimport") så langt i september.

1. VW Golf: 540
2. Tesla Model S: 285
3. Tesla Model X: 228
4. Volvo V90: 210
5. BMW i3:  149

Og når nesten 400 av 540 Golf er elbilar, samt at Leaf og Soul i stor grad blir "bruktimportert", så lovar det bra for elbilandelen i september.

http://www.hegnar.no/Nyheter/Motor/2017/09/Tesla-rush-i-september
#12
Sitat fra: steam på torsdag 07. september 2017, klokken 08:23
Finnes det forresten et kart med alle superchargere som er aktive, planlagte og under arbeid?

https://supercharge.info/

Dette er ikkje noko offisielt kart frå Tesla, slik mange trur, men derimot eit kart vedlikeholdt av entusiastar. Dei er heilt avhengige at noko melder inn når dei finn planar om SuC, eller oppdagar byggearbeid.
#13
Lading av Tesla / Sv: Detektivarbeid: Finne fremtidige Superchargers?
torsdag 07. september 2017, klokken 09:00
Superladaren i Nordheimsund vart godkjent av Rådmannen (etter delegert fullmakt) 4. september.

Så då er det berre å vere på utkikk etter aktivitet.

http://innsyn.kvam.no/wfdocument.ashx?journalpostid=2017012654&dokid=559250&versjon=1&variant=P&;
#14
Kjøpe elbil? / Sv: RWD?
onsdag 06. september 2017, klokken 20:55
Dei fleste Tesla-modellene som vert selde i Noreg har AWD  :).
#15
Når det gjeld kostnadar for ein Model S så har eg registrert samtlege utgifter, utanom straum og småsummar til ferjebilett o.l., som eg har brukt på min bil som vart kjøpt i februar 2014. Eg har rekna alle utbetalingar om til noverande pengeverdi.

Det som eg til no har betalt er 752 560 kr (2017-kr). Fordelt på dei 130 500 km som eg har køyrt utgjer det 5,76 kr/km. Viss eg i tilleg reknar 20 ør/km i straum så blir det 5,96 kr/km.

Men reelt er kostnaden lavare, sidan eg har eit restlån på 110 000 kr på bilen, mens bilens verdi er langt høgare.

Husk også at eg har rekna med alt eg har betalt, inkludert forsikring, årsavgift, renter o.l.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA