Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - vslatten

#1
Kan støtte opp om at motoren i Xtrem-en, fungerar bra, rimeleg uavhengig av girvalg. Faktisk ganske kjekt, då ein på el-sykkel ofte vert sittande i veldig høge gir, som ein då slepp å passe på å gire ned frå ved stopp. Føler vel strengt tatt at eg så godt som aldri brukar den nederste halvdelen av girskalaen. Men sikkert kjekt å ha den dagen ein går tom for straum :-P
#2
Det endte med at eg kjøpte ein BH E-motion Neo Xtrem. Fekk prøvd den i helga, og den overbeviste såpass at eg konkluderte med at den uansett ikkje var noko dårleg kjøp, sjølv om ein sykkel med Bosch midtmotor kanskje er betre på nokre områder.

Håpar likevel å få testa ein slik sykkel i Trondheim, slik at eg har betre beslutningsgrunnlag når el-sykkel nummer to skal kjøpast inn. Er nemleg rimeleg sikker på at det berre er eit tidsspørsmål før frua ønsker seg ein slik også ;-) Alternativt kan ho få overta denne, og så vert det ny på meg.
#3
Hei!

Er i ferd med å kjøpe meg min første el-sykkel, og det står mellom BH E-motion Neo Xtrem (motor i baknavet) og BH E-motion Xenion 650 (Bosch-motor i kranken). Er det nokon her som har prøvd begge?

Eg har prøvd ein Neo Cross (hybridversjonen av Xtrem), og den var forsåvidt heilt flott. Men eg skal bruke sykkelen også om vinteren, og ser ein fordel av at ein på syklar med midtmotor kan bytte bakhjulet med eit anna vanleg hjul (kjapt å skifte til/frå piggdekk). Tenker også på det med betre vektfordeling. Eit argument andre vegen er at ein midtmotor slit meir på drivverket. Nokon som har erfaring med om dette utgjer eit problem i praksis? Er det standard framdrev på ein Xenion, slik at dette kan byttast lett ved slitasje? Andre innspel på valget mellom desse to?

Eg kan få prøve ein Xtrem til helga, men Xenion ser det ikkje ut for at eg får prøvd i Trondheim. Denne må i så fall bestillast på nettet. Nokon som veit om andre modellar med Bosch-motoren som ein kan få prøvd i Trondheim?
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA