Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - tuflefant

#1
Eg har eit oppfølgingsspørsmål til lading med Supercharger:

Er det nok å møte opp med bilen og plugge i, eller må eg registrere kredittkort på mytesla eller gjere noko anna for å aktivere ladinga? Kjøpte brukt S85D registrert i 2015, opplyst om uavgrensa bruk av supercharger.
#2
Model S / Sv: Tesla på finn.no
onsdag 28. september 2016, klokken 13:17
Takk for særs gode svar, nie og Amoss.

Då har eg gode utgangspunkt for mine eigne vurderingar. Eg har vel hatt forventingar om at marknadskreftene skulle presse bruktprisane lenger ned, men det er vel fordi eg er gjerrig. Marknadspris på bruktbil er som du seier bestemt av folk som kjøper, og folk er sopass ulike at det er ikkje vits i å prøve å forstå alle nyansar.

Igjen, takktakk.

Venleg helsing
HG
#3
Model S / Sv: Tesla på finn.no
onsdag 28. september 2016, klokken 12:04
Hei igjen og takk for gode svar både i tråden og på private meldingar.

Ja, det er superladar eg meinar. Du har rett i at ein 70D vil halde. Erfaring frå snart fire år med Leaf er at eg kjem til å ønske å bruke elbil meir enn dieselbilen, og då har eg lyst på 85. For ønska pris er det mest 60-modellar tilgjengelege, men det innbiller eg meg vil vere for lite.

Det er nokre av kommentarane eg ikkje heilt forstår. Stemmer det at to heilt identiske bilar kan ha ein prisforskjell på 100 på under eitt år? Eg trudde ein del av prisendringane kom av endringar i standardspesifikasjon eller garantiar? Me er vel enige i at prisen på 90D i dag minus høvelege avskrivingar ikkje gjev prisen på ein 2013 85? Som sagt må ein samanlikne appelsiner med appelsiner, og det i seg sjølv er ikkje heilt lett.

For meg er det vanskeleg å sjå at ein bil som kosta 600k i 2013 skal vere verdt 550k i 2016, med 80.000km køyrt. Både på grunn av generell slitasje og reduksjon i garantien meiner eg det ikkje er verdt det. Det er sjølvsagt heilt ok viss det er det marknaden vil betale, men eg vil ikkje betale.  Men då er vi tilbake til eitt av problema mine, som er at eg ikkje har kontroll på reell nypris. Og eg meiner framleis nypris er eit godt utgangspunkt for å vurdere pris på bruktbil.

Og viss nokon har kommentarar til bruktsalget på Tesla si heimeside og, so er det interessant. So vidt eg forstår får ein der ein bruktbilgaranti som gjeld frå bruktkjøpsdato og kilometerstand ved bruktkjøp. "fire år eller 80.000 km med 24 timers veihjelp."

Eg får gruble litt meir både på brukt og ny før eg bestemmer meg. Takk for alle innspel.

Hans G

Redigert med ønske om kommentarar til Tesla sitt sal av bruktbilar.
#4
Model S / Sv: Tesla på finn.no
tirsdag 27. september 2016, klokken 14:18
Hei.

Eg har lest ein del av dei siste innlegga og sjølvsagt brukt noko tid på finn.no, og syns det er litt vanskeleg å gjere seg opp eit bilete av kva som er OK pris på ein fint eller mindre fint brukt Tesla model S. Eg syns prisane på 2014-og 2015- modellar på finn er litt høg, men då er det mogeleg eg hugsar feil om nyprisen. Kva kosta ein 85 med panoramasoltak, techpakke og luftfjæring i 2014?

Eg er ikkje so ivrig på å bruke meir enn 500.000 på bilen. Vil ha moglegheit til ein dagstur på om lag 500km, helst med berre ein ladestopp. Eg ser for meg at ein 85 vil vere best. Treng ikkje vere strøken, det skal vere ein bruksbil.

Tek gjerne i mot råd, både generelt og om konkrete bilar.

Hans G
#5
Kjøp og salg av deler og utstyr / Sv: EN 16 toms lettmetalfelg søkes
mandag 02. november 2015, klokken 14:49
Hei. Har du leitt på www.nbfbildeler.no ?
#6
Mercedes/ EQ / Sv: VW Caravelle Electric
fredag 18. april 2014, klokken 21:37
Eg fann denne tråden nettopp no og vart noko nyfiken. Har electrolux tenkt noko på samarbeid med EFA-S? Både Caravellen og Vitoen er interessant. Kanskje dei kan lage på bestilling, og nokon som er vesentleg meir kompetent enn meg kan vere mellommann og serviceteknikar (som til dømes electolux).

Eg burde sikkert ha skrive dette som personleg melding, men eventuelle svar kan vere nyttige for fleire...
#7
Hei og takk for svar. Eg rakk å bestille av lokal forhandlar før du la ut din respons.
#8
Hei.
Ønskjer å kjøpe skistativ til Nissan Leaf. Det viktigaste å få tak i er Thule rapid system 754 og Kit 1633. Stenger er rimelege å kjøpe lokalt og gjev høgare porto, men kan sjølvsagt kjøpe pakkar.

Venleg helsing
HGH
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA