Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Lumni

#1
Carwing / Brukar Carwings av bilen sitt batteri?
mandag 27. januar 2014, klokken 19:52
Veit de om bilen sitt batteri blir belasta når ein ber om oppdatering via Carwings, f.eks å sjekke kor mykje lading det er på batteriet? "Vekker" ein bilen der den står parkert, eller skjer oppdateringa på annan måte? Om ja - kan det merkes på batteriet at ein ber om oppdatering?
#2
DRIFTSBATTERI / Sv: Strategi for bruk av batteri
onsdag 02. oktober 2013, klokken 15:25
Her gjennomfører vi ingen strategi, og ladar konsekvent til 100%. Har halvt batteri når eg kjem til jobb, og ladar til 100% på nytt. Eg kunne tydeligvis ha greidd  meg fint med 80, sidan eg kan lade på jobb, men det hender at eg må heim til sjukt barn i ein fei, og da kan eg ikkje risikere å ikkje komme meg heim... Kjører eg til jobb med 80% kjem eg under halvt batteri, og kan dermed ikkje dra heim før eg har fått lada litt (vi har ikkje familie der vi bur).  Dog skal eg innrømme at det er ein hurtigladar ikkje langt unna jobben - så eg skulle vel ha greidd meg.

Er det nokon som veit kor skadelig det er at batteriet er i 100% da? Er det det å ligge i 100 over tid som er galt? Bilen er jo i bruk heile tida- kjørt snart 18 000 km på 10 månader.
#3
Lading / Sv: Lade og forvarme på 10A
tirsdag 01. oktober 2013, klokken 18:53
Når ein stiller inn forvarming via app: er tidspunktet ein vel når bilen skal starte varming, eller er det når bilen skal vere varm? Eg lærte det i fjor vinter, men har gløymt det igjen? :P
#4
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Hurtigladar - Bergen - døgnope?
lørdag 09. februar 2013, klokken 20:32
Takk! Den i Åsane måtte jo ha kort for å bruke! Nå er vi plugga i i Arna i vanlig vegg, og et pølse.... Litt knapt å komme heim på, så får ta livet med ro...
#5
Ladeplasser og ladekabler / Hurtigladar - Bergen - døgnope?
lørdag 09. februar 2013, klokken 19:42
Er hurtigladarane på Fjøsanger og ved Autocenteret, Åsane tilgjengelige døgnet rundt?
#6
Lading / Sv: Eit par nybegynnerspørsmål - lading/forvarming/etc
fredag 28. desember 2012, klokken 19:57
TUSEN hjertelig!

Eg har litt knapt fram og tilbake frå jobb - det går heilt fint, men bør ikkje gjere så mange andre krumspring enn å kjøre rett fram og tilbake, og helst ikkje i mange minus. Men det ordnar seg på nyåret når elektriker kjem og lagar eit punkt for meg på jobben (hurra!). Da kan eg vel sette ladinga ned på 80%.

Betyr det da at bilen vil starte med færre strek på batteriindikatoren? Altså 10 i staden for 12 f.eks? (eg pleier komme heim med 2 strek igjen).

Infoen over tyder på at eg har alt å vinne på å forvarme bilen om  morgonen forstår eg.
#7
Lading / Eit par nybegynnerspørsmål - lading/forvarming/etc
fredag 28. desember 2012, klokken 18:51
Eg har hatt min Leaf i drøye 3 veker nå, og vi er veldig gode venner :)

Har nokre ting eg lurer på som eg ikkje finn ut av - kanskje eg kan få hjelp her?
1) Dersom ein forvarmar bilen (med kabel i åff kårs - den har eg fått med meg); vil det redusere batterikapasiteten eller ei? Dersom forvarming  påverkar batteriet - kvifor forvarmar folk i det heile tatt? Kostar det meir kapasitet å ha varme på i bilen etter at ein har starta?
2) Ladar eg bilen 100% eller 80%?? Eg fekk ingen info når eg kjøpte bilen - det var i grunn berre tut og kjør. Har forstått at 80% er det beste - men er det da slik bilen blir levert? Eller må eg inn og endre dette sjølv?
3) Kva skjer om eg startar bilen med kabelen i? Får ein da eit varsel om at ein er i ferd med å rygge ut av garasjen med ledning ut snuten?
4) Kva er poenget med å sette timer på lading? Har det noko å seie om bilen er full-lada klokka 24 eller klokka 06 neste dag? Generelt sett, er det ikkje sånn at bilen vil lade når han treng det, så lenge kabelen er i?
#8
Lading / Sv: Lærdom 2, dag 2 om Leaf og ladekabel.
onsdag 12. desember 2012, klokken 10:13
Ah, nyttig :) Da skal eg skaffe meg hengelås :)

Takk for link PK - men oi så dyre sånne lade-dingsar er!
#9
Lading / Lærdom 2, dag 2 om Leaf og ladekabel.
tirsdag 11. desember 2012, klokken 22:40
Ladaren skal med i bilen, ikkje henge i garasjen... Og eg som tenkte at eg skulle lade bittelitt på kjøpesenteret :D Det var ledig plass, men ingen ladar. Ei heller hos IKEA. Litt lang i maska da, men da har eg i alle fall lært. Men risikerer ein ikkje at ladaren som ein har med seg og brukar blir stolen?

(Eg kom meg heim utan problem - hadde meir enn nok kapasitet).
#10
Leaf 2010-2017 / Sv: Low battery gitt - jomfruturen
mandag 10. desember 2012, klokken 21:25
Bur same stad som Eivisa :)
#11
Leaf 2010-2017 / Low battery gitt - jomfruturen
mandag 10. desember 2012, klokken 16:25
Første tur til jobb med ny Leaf som vi fekk på fredag (og mitt første innlegg her). Det gjekk på hengande håret - var svært letta då eg kunne parkere bilen i garasjen heime og plugge i. Da hadde eg vore nede 1 "strek" og 0,8 på skjermen, men det auka litt på slutten sidan eg kan trille nedoverbakke. Eg starta morgonen med det eg trudde var fullt batteri, men det viste at rekkevidden var berre 110. Da mistenker eg at det hadde gått litt ned, sidan eg testa ut forvarming (med kontakt i :D). Bør ikkje forvarme bilen da kanskje? Får heller fine fram ulltrøya? Eg kjørde på  Eco dei 4,5 mila eg har inn til byen (men lurer nå på om eg har feilberekna avstanden). Siste mila hadde eg rattvarme på for da fraus eg...

Etter jobb kjørde eg også på Eco, og starta med rekkevidde på 7,9 (som eg altså veit ikkje seier så mykje om kor langt eg kan kjøre). Det var -8 ute, og eg såg berre strekane blei færre og færre, særleg i ein lang tunnell med slak oppoverbakke (Arnanipatunnellen). Opp bakken heime hadde eg fått is på vindua :D

Men det gjekk da godt... fra nå  av trur eg at eg kjører ein kortare rute, men som inneber meir køståing + ferge. Nåvel - det gjekk da godt :) 
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA