Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Taxidriver

#1
Eg er forberett på ein god dose med barnesjukdommer på model S. Er også uroleg for sikkerhet og komfort i baksete. Eg skal jo ha denne som taxi i Bergen. Med glasstak bør eg kanskje vurdere å polstre takbjelkene bak. Litt trist at Tesla ikkje har funnet bedre løsning på utformingen av baksete.

Eg velger likevel å gå for denne. Har så veldig lyst til å ta del i dette. Trur Tesla har noko stort på gang tross alt. Håper berre at Tesla raskt klarer å dra lærdom etter respons fra markedet. Og ikkje minst fra det europeiske markedet. Kan resultere i fantastiske biler om 5 år.

Eg er overhode ikkje uroleg for at Tesla skal gå konkurs. Mistenker at dei har ein god kostnadskontroll. Trur salget av Model S gir positiv pengestrøm til å få Model X i produksjon. Eg ville vore meir uroleg om Model S var billigere.
#2
Leaf 2010-2017 / Sv: ny eller "gammel" Leaf
torsdag 18. april 2013, klokken 02:08
Eg venter på den nye Leaf. Og vil også anbefale andre det samme. Prisen på dagens Leaf er for høg med tanke på kva du kan få i den nye. Mitt ønske for dagens Leaf er at Nissan dumper prisen kraftig. F.eks til 200.000,-. Slik kunne vi fått desse bilane raskt ut på vegane der dei hører heime. Kanskje er dei redd for å ødelegge markedet for den nye modelen. Eg trur den nye vil selge godt uannsett med tanke på at det tross alt er ein bedre bil.

For meg vil nytt varmeapperat, bedre sete og større bagasjerom vere det som betyr at eg ønsker den nye.

Lukke til med valget.
#3
Model S / Sv: Model S som taxi?
torsdag 21. mars 2013, klokken 14:21
Jada jada! Eg kjem å henter alle sammen når eg har bilen klar.  8)
#4
Model S / Sv: Model S som taxi?
torsdag 21. mars 2013, klokken 03:44
Eg ser også fram til å sjå korleis bilen takler 70-80.000km i året. Og til spørsmålet om kor langt ein kjører på eit taxiskift. Vil eg sei at normale skift ligger på mellom 200-300km. I dag hadde eg 190km. Og bilene som kjører mest. Altså har to skift i vekedagene og eit skift lørdag og søndag, ender på omlag 150.000km i året. Men dei fleste ligg nok på 100-130.000km. Men kjører du ein bil aleine dagtid og kanskje ei helg no og da, tipper eg på 60-70.000km i året.

Er foreløpig usikker på kor Tesla-Bergen skal ha butikk og om når den åpner. Men når den tid kjem skal eg absolutt ha ein tett dialog om service og vedlikehold. Dårlig butikk å ha bilen på verksted over lang tid. Etterkvart må dei vel ha eit sentral-lager for deler i Europa. Og gjerne eit mindre lager i Norge.

Eg har gjerne liggende brosjyrer fra Tesla i taxien. Det vil glede meg om Bergen og Vestlandet kan ta litt innpå østlandet når det gjelder antall elbiler.

Baksetet ser ut til å vere min største uro. Eg er jo opptatt av at kunden sitter godt der også. Og om eg skulle vere uheldig å trykke litt for hardt på ut fra Danmarksplass, er jo det leit om Herman Friele eller Linda Eide dunker hodet i takbjelken bak. Igrunn har eg ikkje sett på Model X som aktuell som taxi. hovudsakleg pågrunn av vingedørene. Men jo meir eg tenker på baksete i Model S, jo meir ser eg fram til Model X.
#5
Model S / Sv: Model S som taxi?
onsdag 20. mars 2013, klokken 04:44
Eg bur altså i Bergen. Bompengeringen her koster maks. 450,- om du har over 50 passeringer i mnd. Det har vore snakk om å øke prisen til maks. 1000,- for over 50 passeringer. Men det er ikkje innført enda.

Min agenda med å kjøre Tesla som taxi er å vise for folk flest at det går ann.
#6
Model S / Model S som taxi?
onsdag 20. mars 2013, klokken 02:44
Viser til kommentaren fra Modelsn i reservasjonsoversikten.

SitatDa har det gått fort her. Eg bestilte og betalte i helgen 9-10. mars og fekk #2982 tirsdag 12.mars. Og berre veka etter er det passert #3030. Meget bra!

Og sannsynlegvis skal vel dette øke når flere ser at naboen har fått bilen i garasjen.
SitatGratulerer. Dette må da være en ideell bil å bruke som Taxi. Hvilke tanker har du gjort deg om det?

Ja, eg har gjort meg nokre tanker rundt det å kjøre Model S som taxi. Fint om flere kan ta del her med tanker rundt dette. For vi er vel alle passasjerer i ein taxi no og då.

Først vil eg ha understreket at det er tilnærma ingen økonomisk fordel i dag med å kjøre elbil som taxi. Fordi utgiftene til drivstoff kun utgjer omlag 8% +- 3% av total omsetning. Og med dagens refusjonsordning for taxinæringa kan du kjøpe ein Prius +7 for prisen av ein Nissan Leaf. Da får du refundert moms + omlag 40% av bilavgiftene. F.eks vil da ein greit utstyrt E-Klasse ende opp på rundt 450.000,-. Og da kan i tillegg bilen gå 24timer i døgnet om ein har sjåfør til det. Det kan nok Model S også når vi får ladestasjoner på halvparten av drosjeholdeplassene. Men med tanke på økonomien i ei taxibedrift er det relativt lite å hente på å ha ansatt ein sjåfør for at bilen skal gå to skift dagleg. Etter Lønn, feriepenger, arbeidsgiveravgift, drivstoff og ekstra vedlikehold. Men det er jo klart. Alle monner drar som vi seie på Sunnmøre. Nok om det.

Som dere da forstår. Prisdifferansen E-Klasse til Model S eller Prius +7 til Model S. Dette er penger som ein i ei kvar fornuftig bedrift må beregne renter på om det er belånt eller ei. Og rentene av 2-400.000,- vil ta eit solid jafs av det ein måtte spare på drivstoff. Eg er forøvrig spent på strømforbruket til Model S når eg skal kjøre 80-100.000km i året.

Poenget mitt så langt er at, om dere ser Model S i taxinæring, Så er det nok fremdeles ein elbil-entusiast som eier den. Eller ein bil-entusiast som berre vil ha det beste.  ;) Og ikkje nødvendigvis ein Sunnmøring med kløktig sans for god økonomisk drift av selskapet sitt.  8)

Eg har altså tenkt til å kjøre Tesla som taxi. I Bergen. Og eg gleder meg like vilt til det som når eg stolt kunne ta fly fra Oslo til Bergen med Aafk-skjerf etter cupfinalen. Går dette bra med ein Tesla, prøver eg gjerne med to. I Bergen er det slik at du kan ha eitt hovudløyve som kan kjøre hele tiden uten begrensning. Deretter kan du søke om reserveløyve som da har begrenset kjøre tid. Dagtid i veka og kveld/natt fredag og lørdag. Og fordi du har lov til å logge av hovudløyve og logge reserveløyve på som hovudløyve om f.eks tirsdagskveld. Så tenker eg at det muligens kan gå ann å kjøre 3 skift i døgnet på to biler. Ok. Nok om dette også.

Av ein ny bilprodusent forventer eg og aksepterer eg ein del barnesjukdommer. Eg berre håper at det ikkje blir meir enn kva eg kan klare å leve med i min taxi-kvardag. Dere som er her på forumet har sikkert endel erfaringer med det å ta taxi. Og som meg, regner eg med at dere har visse forventninger når dere har bestilt ein taxi som dere skal betale flere hundre kroner for. No ser vi vekk fra sjåføren som prater bedrevitende om det som blir sagt på radioen slik at du ikkje får høre det som blir sagt på radioen. Du har heller ikkje lyst til å høre på radioen. Du syns berre det blir for frekt å be sjåføren slå av radioen og holde kjeft fordi du har eit viktig møte du tenker på eller du ønsker berre fred. Vi ser vekk fra denne sjåføren.

Dere har sikkert forventninger til korleis bilen er. Ting som uroer meg. Igrunn er eg ikkje så veldig urolig. Etter å ha lest eindel på teslaforumet her og Tesla sine egne sider. Eg sitter med ei kjensle av at ting kommer til å bli fikset. Men kort fortalt er det; Dørhåndtak, luftfjærer, takhøyde i baksetet. Skinnene på panoramataket. Og den digre skjermen som i grunn, etter min smak er litt for stor. Og korleis er bilen etter 300.000km. Vil den skrangle som ein gammel Opel eller vil den vere stram og fin? Det er da vi ser om ingeniørene på Teslafabrikken har gjort eitt godt stykke arbeid eller ei.

Luftfjærer vil eg ha med tanke på komfort, men er usikker på kostnadene ved desse på sikt. Kor lenge holder dei og kva vil det koste å skifte dei. Dørhåndtakene har det vore litt problemer med. Men eg trur det er langt færre som har problemer enn det ein kan få inntrykk av på teslaforumet. Og sjølv om dei fungere fint. Korleis vil taxikundane ta dei i mot. Det er noko anna med oss som har blitt litt kjent med bilen. Under siviliserte forhold trur eg ikkje det blir problemer. Men sjå for deg at du kjem inn på ein holdeplass kl.03:00 natt til søndag. Ei heilt vanleg taxikø. 40-50 personer. Lett blanding av bergensere, stril, ein og annan nordlending, kanskje til og med ein vossing eller to, alltid litt for mange sunnmøringer og ei lita gruppe fra Oslo som ikkje tåler å stå stort lenger ute i regnet. Du kan vere sikker på at nokon forsøker å åpne døra før du har stansa. Og har ikkje dørhåndtaka kome ut innan eit halvt sekund, banker dei på ruta og lurer på kva drittbil du kjører. Og når dørhåndtaka først har kome ut, er eg redd folk skal dra for hardt i dei. Eller kva trur dere? Korleis blir dette mottatt? Og så er det takhøgda i baksete. Først tenkte eg på vanleg tak for å kunne feste taxihatten enkelt. No ser eg at det må bli glasstaket med ein takbøyle bak for å sette taxihatten på. For da blir jo det litt bedre takhøgde i baksete. Da er eg redd for at vindsuset fra takstativet og taklampen skal bli for irriterande. Spesielt for dei som sitt i baksete. Dette ville vore bedre med vanleg tak. Eg har vore inne på tanken om ein møbeltapetserer kunne gjort noko med setedelen av baksete. Trekt den om og redusert sittehøgda med 5cm. Kan fort bli dårleg resultat av det. Og til slutt er det denne amerikanske gigant skjermen. Kunne ikkje dei klart seg med ein litt mindre skjerm? Kor skal eg ha takstameteret? Det skal nok ordne seg trur eg. Blir berre litt trangt.

Elles har eg tiltru til at bilen er bedre enn folk flest forventer. Batterikapasiteten tenker eg kanskje vil vere omlag 50% etter ein halvmillion km. Og etter det fungerer den sikkert fint for meg som privatbil. Fremdeles bedre enn Leaf. For folk flest kan det sikkert vere bra at Tesla tallfester garantien sin. Med f.eks XX% batterikapasitet etter Xår eller X km. Men eg håper dei ikkje gir for gode garantier heller. For det kan koste Tesla penger som dei elles kunne brukt på utvikling av nye biler eller til å knipe inn på utsalgsprisen på framtidige modeler. Vi må huske på at om Tesla skal vokse seg stor vil dei trenge å kunne levere biler som også konkurerer på pris med tilsvarende fosile biler. Det gjer dei i dag dessverre berre i Norge. Da trur eg det er viktigere med redusert pris enn ein super garanti som gir deg eit nytt batteri etter f.eks 4år. Når det gjelder drivlinja elles trur eg dei har gjort mykje bra arbeid. Det kjennes vertfall slik for meg. Eg trur knappen for å få vinduet opp og ned tar "kvelden" lenge før motoren og batteriene.

Skytter også inn at noko av det eg gleder meg mest til er å sjå ansiktet til folk når eg legger bagasjen deres i "motor-rommet".  ;D

Eg skriv alt her kun ut fra min totale opplevelse av det eg har lest og den eine gangen eg var innom på Alnabru og såg bilen like før jul. Har ikkje prøvekjørt. Eg er ingen bilmekaniker og har heller aldri bygget ein bil. Men er det fleire som føler at her kan vere visse deler av bilen som er meget bra og kanskje bedre enn forventa? Da ser eg for meg sjølve drivlinja. Motor, batteri, bremser og kanskje fjæringsystem. Og ikkje minst design. Vakkert! Men samtidig sitter eg med ein følelse av at der kan vere andre sider med bilen som foreløpig er noko underutvikla. Det har jo vore ein del skriving om interiøret som har eit litt "billig" preg. Men om vi oppsummerer om 2 år. Det som har vore veldig bra og det som ikkje har vore heilt fullkomment enda. Da trur eg vi stortsett vil kunne seie oss ganske så imponert over kva Tesla har levert.

Så kva tenker dere om Model S som taxi? Om 1-2 år kan vi ta samme diskusjon på Model X. Snakkast.  :)
#7
Model S / Sv: Model S - reservasjonsoversikt
mandag 18. mars 2013, klokken 12:58
Da har det gått fort her. Eg bestilte og betalte i helgen 9-10. mars og fekk #2982 tirsdag 12.mars. Og berre veka etter er det passert #3030. Meget bra!

Og sannsynlegvis skal vel dette øke når flere ser at naboen har fått bilen i garasjen.
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA