Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - DocNakling

#1
Hei folkens,
eg er på jakt etter ein elbilist i Bergen med Berlingo/Partner eller Peugeot 106.
Grunnen er at eg treng å testa ein semi-hurtigladar eg har.
Denne er laga av P Violot i Frankrike og er tilpassa Kangoo, Berlingo og 106.

Eg får den ikkje til å fungera med Kangooen.
Det er svært enkelt å kopla den til, det er berre pluss og minus, plugga
32A/400 volt i veggen og så starta lading. Tenning må vera på.
Lading skjer via rekuperasjonsfunksjonen i bilen.

Det er ein enkel, men effektiv ladar. Den gjev 40A slik at 100 Ah
når på 2,5 time.

Ta kontakt med meg på tlf 45664442.
Helst skulle eg gjerne fått gjort dette i neste veke, 21.-23.12.

Helsing Arne Nakling

#2
Ladeplasser og ladekabler / Sv: Lyse sine tre hurtigladestasjoner
onsdag 31. august 2011, klokken 13:48
Folkens, sidan 15.9.2010 har eg hatt ladestasjon i Bergen med 32A/400 V.
Har de gløymt meg? Eg er registrert på ladestasjoner.no, Hans Håvard.
Velkomen til gratis lading!
#3
Berre til samanlikning:
eg betalte 15000 Euro i okt 2005 for Kangooen min, som då var gått 4700 km.
Batteribyte naudsynt etter 25000 km, men dekt av forsikringa då det vart erklært som brann
i cellene.
Byte av styringseining ved km 28000, det måtte eg dekkja sjølv.
Kostnad kr 74000 inklusiv 14000 kr for å få bilen transportert til/frå Tyskland.
Etter det har bilen gått bra, og det er slutt på isofeila etter at det vart fiksa.
Det er fullt mogleg å fylgja med temperaturen på begge batteripakkane
i utvida display, og styringseininga overvaker dette.
Enviro i Drammen har ein del kunnskap om Kangooen, men det har også andre på austlandsområdet.

Arne, Tromsø/Bergen
#4
Elbilen i Samfunnet / Slutt på momsfritak på elbilar?
mandag 06. september 2010, klokken 00:06
Etter det eg høyrer jobbar den raudgrøne regjeringa i det løynde med eit framlegg om at det skal verta slutt på momsfritaket og eingongsavgifta på elbilar.
Kan nokon opplysa meg om dette er tilfellet?
Det vil få store konsekvensar etter mitt syn.
Elles vil det ikkje overraska meg etter biodrivstoffsaka i fjor vinter.

Helsing Arne Nakling

Renault Kangoo 2003, 35K. Kjøpt som demo i Frankrike 2005, var då 4,7K
© 2025, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA