Bli medlem i Norsk elbilforening og støtt driften av Elbilforum. Som medlem får du i tillegg startpakke, medlemsfordeler og gode tips om elbil og lading. Du blir med i et fellesskap som jobber for mindre utslipp fra veitrafikken. Medlemskap koster 485 kroner per år. elbil.no/medlemskap
Hovedmeny
meny

Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.

Vis innleggmeny

Meldinger - Froro

#1
Nissan / Rar oppførsel på batterimålaren
torsdag 21. januar 2016, klokken 20:36
Hei
Har 2013 Nissan Leaf, av den gamle typen. Km stand 61000. Skjedde noko rart i dag. Hadde att 8 strekar på bilen, 18 minus, og skulle berre ein tur opp på åsen på ski. (5 km, 450 høgdemeter). På veg ramla plutseleg strekane fort bort, med kanskje 10 sekund mellom kvar strek. Måtte snu rett under toppen, for der hadde eg att ein strek og 4 km... Vart litt skremt, gitt.
Fekk snudd og trilla nedover att. Og då kom strekane fort tilbake, slik at eg hadde 5 att då eg kom ned.
Har nokon sett noko liknande, og/eller veit kva dette var?
La merke til at bilen heile tida påsto det var 21 minus, sjølv om reell temperatur nede i dalen var 18 minus og temperatur på åsen var 14 minus. Har kanskje ikkje smh.
#2
Elbiler i media / Sv: 60 kg fosfor i hvert elbilbatteri
fredag 18. september 2015, klokken 09:13
Eg har prøvd å google dette, men eg finn berre at BYD skal bruke det. Men det er vanskeleg å finne info.
#3
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
tirsdag 08. september 2015, klokken 11:18
Hm... litt interessant ja. Men kva veit vi om kvalitet, feil osv.? Litt mykje å gamble på?
#4
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
lørdag 05. september 2015, klokken 12:32
Jo, men tilbodet frå Tyskland var på tyskproduserte panel, medan NOK i forhold til Yuan ikkje er så forandra. Men spørsmålet mitt var eigentleg litt overordna: Har prisane i Norge rast den siste tida?
#5
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
lørdag 05. september 2015, klokken 12:05
Eg har spurt Enova direkte om dette, og det var ikkje noko problem.

Fekk dette svaret:
"Du kan gjerne handle fra utlandet, men må dokumentere med spesifisert faktura, betale norsk moms og ellers ha tolldokumenter på plass."

Men eg er altså overraska over at det er så liten forskjell på Tyskland og Norge, då er det kanskje verdt å få service frå ein norsk leverandør. Euroen har jo stadig blitt dyrare, så litt av forklaringa er vel der, men det må jo også ha skjedd noko drastisk med prisane i Norge?
#6
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
lørdag 05. september 2015, klokken 10:03
Hei
Har no fått prisoverslag frå Europe-Solar.de som blir på cirka 63000,- NOK for 20 * 255W (polykryst), Sunnyboy inverter 5000TDL (1-fas) og festemateriell, kablar, og frakt. Etter Enovatilskotet skulle eg hamne på cirka 48000,- (før kostnader til elektrikar)
Men utifrå kva eg kan finne på sidene til solcellespesialisten kan eg få eit tilsvarande anlegg kjøpt her i Norge for 55000,- (etter Enovatilskotet og litt billigare frakt). Har ikkje spurt solcellespesialisten om eg får noko rabatt ved stort kjøp.

Har prisane i Norge verkeleg gått så mykje ned at vi nærmar oss tyske prisar, eller har eg fått ein dårleg deal frå Tyskland?
Og dette med mono- vs polykrystall er kanskje ikkje så mykje å bry seg om lenger?
#7
Hei
Skal til Danmark frå Oslo - Frederikshavn på onsdag og hadde nok ikkje førebudd meg på at det var så komplisert. Har du framleis det kortet, og kunne eg eventuelt hente på onsdag cirka i 18-tida?
mvh
Frode Rolandsgard
#8
Hei
Vi har tenkt oss på elbilferie med Nissan leaf til helga. Har ikkje tenkt på at vi må ha ladekortet frå Clever før no, og no er det for seint å bestille. Men går det greitt å betale med Visa på hurtigladestasjonane? Finn ikkje info om dette på nettsidene deira. Vi skal frå Frederikshavn til Billund t/r.
#9
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
torsdag 09. april 2015, klokken 20:29
Er det nokon her som kan tenkje seg å publisere innkjøpslista si (leverandørar og prisar). Det er så frykteleg mykje å velje i... og eg syns det er litt vanskeleg i forhold til norsk snølast etc... Bur i Valdres, så det kan bli ganske mykje snø.
Er interessert i å importere sjølv, og å gjera mykje av jobben sjølv.
#10
Elbiler i media / Jon Hustad om elbilar
mandag 01. september 2014, klokken 08:06
Her er ein link til artikkel av Jon Hustad i siste nummer av Dag og Tid.
http://www.dagogtid.no/rapport-fra-eit-absurd-miljolandskap/

han er veldig kritisk til Tesla... Fyren har vel eit slags namn blant folk som skal ta staten og avsløre kor mykje dumt staten driv med. Eg trudde han hadde litt kontroll på fakta, men dette er berre dumt. Denne saka blir sjølvsagt linka til overalt på facebook... mellom anna på facebooksida til dag og tid, men også mange andre plassar.
#11
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
torsdag 21. august 2014, klokken 09:14
Dette høyrest jo veldig interessant ut, men kva er prisen?
#12
Vi køyrde Vestre Slidre (25 km nord for Fagernes) via Nes Ådalen til Gardermoen t/r. Null problem, men blir ganske lang ladestopp på Nes for å fylle batteriet heilt. (55 minutt). Var att 2 strekar på batteriet på Gardermoen og 2 strekar i VS. Full og tung bil.
#13
Alternativ energi / Sv: Solcelleanlegg
torsdag 10. april 2014, klokken 19:07
Er det nokon som kan tenkje seg å koma med ein leverandøranbefaling no i 2014, ala det J. Kirkebo gjorde i 2013? Komplett anlegg bestilt på pall feks frå England. Det er så utruleg mykje å velje i.

Når mannfolk i 40-50-åra brukar 50 000 på ny terrengsykkel, kan vel eg bruke 50 000 på eit solcelleanlegg? #hobby #framtida
#14
Andre elektriske doninger / El-traktor?
lørdag 21. desember 2013, klokken 09:01
Ser at det kjem fleire og fleire elektriske nyttekøyretøy med batteri. Bussar, fergar og ein sjark!
Har prøvd å finne ut om nokon lagar elektriske traktorar, men finn berre relativt små og lette traktorar. Er det nokon som veit noko om dette? Traktorar burde eigne seg til batteridrift, eller?

Har sjølv elbil, og to vanlege traktorar. Går diverre nokre tusen liter med diesel i dei til gardsdrifta. Men traktorar blir, som bilar, også mest brukt til småkøyring, sjølv om dei i periodar kan gå i 6-8 timar i strekk.
#15
Elbiler i media / Sv: Borten Moe vil ha slutt på «elbil-hypen»
søndag 08. september 2013, klokken 12:37
Dette er jo meiningar ein møter særs ofte når ein må forsvare elbilen sin i media og blant folk ein møter. Elbilforeninga har laga ei oppsummering av argument på heimesidene sine, men eg synest dei er litt tynne.
Er det nokon som veit om andre slike nettressursar der ein kan finne kortfatta oppsummering av dei viktigaste argumenta? slik som
- co2-utslepp ved produksjon av elbil og batteri vs andre bilar
- co2-utslepp ved produksjon av ein liter bensin/ diesel
osb...
© 2024, Norsk elbilforening   |   Personvern, vilkår og informasjonskapsler (cookies)   |   Organisasjonsnummer: 982 352 428 MVA